Redusert framkome i samband med utbetring av brua
Arbeidet ved Grytå bru i Høydalsmo startar tysdag 26. mai, og skal etter planen vere ferdig før utgangen av juni.
Det melder Telemark fylkeskommune i ei pressemelding fredag.
Rekkverket på brua er i så dårleg stand at det må fjernast. Det skal derfor erstattast med ein ny føringskant med tilhøyrande brurekkverk.
Vegen (fv450) vil derfor bli snevra inn ved brua, og trafikken blir lysregulert. I periodar vil det også vere manuell dirigering, opplyser fylkeskommunen.