Tapt barndom

Kommunen vedtok erstatningsansvar for syskena. Nå vil dei heller ha rettssak
Tidlegare i år vedtok ein kommune i Vest-Telemark erstatningsansvar for to sysken som vaks opp der på 80- og 90-talet. Nå har dei vedtatt å overlate spørsmålet om erstatningsansvar til domstolane.
VTB har tidlegare fortalt historiene til dei to syskena, som me har kalla «Per» og «Siri» av omsyn til familien deira. Dei vaks opp i ein heim der kommunen hadde omfattande dokumentasjon på omsorgssvikt, og der dei også mistenkte seksuelle overgrep.
Då syskena var åtte og tre år gamle prøvde kommunen å få dei over i fosterheim, men avgjerda låg hos lokale politikarar, og dei sa nei. Etter dette sette mor ned foten for tiltak i heimen. Dei politimelde overgrepsmistankane vart det også heilt stille rundt.
Kommunestyret vedtok erstatningsansvar
Den same kommunen har tidlegare betalt millionerstatningar til fleire andre personar utan å erkjenne erstatningsansvar, men i sakene til «Per» og «Siri» meinte både barnevernssamarbeidet og kommuneadministrasjonen at ein verken skulle betale noko eller ta erstatningsansvar.
Kommunestyret var av ei anna meining, og vedtok tidlegare i år å ta på seg erstatningsansvar for begge syskena etter skadeerstatningslova. Dei vedtok ingen sum – dette skulle forhandlast fram mellom administrasjonen og syskena. VTB snakka med begge syskena etter vedtaket. Begge uttrykte ein stor lette over å bli trudd og tatt på alvor.
Sommaren gjekk medan syskena og advokatane deira samla dokumentasjon på kva økonomisk erstatning dei meiner dei kan dokumentere at dei har krav på, og i haust la advokatane til dei to syskena fram krav på til saman kring 22 millionar kroner. Kravet frå «Siri», som var tre år då kommunen trekte seg attende frå heimen, var på om lag 15 millionar kroner. Bror hennar bad om kring 7 millionar kroner.
Etter at krava var leverte blei det ikkje noko forhandlingsmøte mellom kommunen og syskena. Det var det ikkje grunnlag for, meinte kommunedirektøren.
Nå vil kommunestyret ha rettssak
Då saka kom attende til kommunestyret var det med ei tilråding frå formannskapet om å likevel ikkje erkjenne erstatningsansvar. «Nye opplysningar» og «det rettslege grunnlaget» var to av fleire argument i innstillinga eit fleirtal av formannskapet vedtok:
«Etter gjennomgang av eit samla faktagrunnlag inklusiv nye opplysningar, samt det rettslege grunnlaget og krav til årsakssamanheng, erkjenner ikkje kommunen erstatningsansvar.
Erstatningsutmålinga blir fastsett av domstolane dersom kommunen har eit ansvar.»
I kommunestyret vart saka handsama bak lukka dører. Der vart den fyrste setninga i formannskapets innstilling sett opp mot eit motforslag frå opposisjonen om å ikkje erkjenne erstatningsansvar, men å tilby ei erstatning til kvar av syskena på inntil 2,5 millionar kroner. Ein samla posisjon sytte for at opposisjonens forslag fall.
Deretter kom eit nytt forslag frå posisjonen:
(Kommunenamn) overlèt det til domstolen å avgjera kommunen sitt erstatningsansvar.
Også dette vart sett opp mot den fyrste setninga frå formannskapet si innstilling, og eit samla kommunestyre stemte nå for det nye forslaget. Deretter stemte kommunestyret for og imot dette nye forslaget. Det fekk støtte frå heile posisjonen og nokre frå opposisjonen.
I tillegg vart følgjande to forslag vedtatt av eit samla kommunestyre:
Erstatningsutmålinga blir fastsett av domstolane dersom kommunen har eit ansvar.
Kommunen dekker kravshavarane sine nødvendige sakskostnader ved ei domstolshandsaming.
Ansvarsforsikring føreset rettsprosess
Vedtaka som er gjort betyr i praksis at ein legg opp til at syskena skal gå til rettssak mot kommunen. Reint økonomisk vil det å tape i ein rettssak kunne koste mindre for kommunen enn å betale erstatning etter eiget vedtak. Dette kjem av at kommunen har ansvarsforsikring som kan nyttast dersom verksemda blir halden erstatningsansvarleg for skade på tredjepart.
VTB har spurd kommunedirektøren i den aktuelle kommunen om forsikringaogså gjeld dersom kommunen sjølv vedtek erstatningsansvar, eller om det berre er dersom det skjer i rettsprosess?
– Ansvarsforsikringa føreset ein rettsprosess, svarar kommunedirektøren.