Går ein nokre tiår tilbake var det folk og husdyr på dei fleste gardane i kommunen
Nå er fire av ti gardsbruk fråflytta
Og det er langt færre som driv aktivt landbruk i Nissedal enn i dei andre kommunane i Vest-Telemark
På Nylende gard bur Arnt Erik Evja saman med kona Janne Løvlie Rønneberg og to born på seks og ni.
Dei driv med sau og ammekyr
– På 1950- og 60-talet var det drift på dei fleste gardane i grenda her, seier Arnt Erik
Slik er det ikkje lenger.
Nå er han den einaste fulltidsbonden i Kyrkjebygda.
Dei siste bøndene
Politikken i Noreg har dei siste tiåra vore å stimulere til færre, men større bruk, og talet på gardsbruk med drift er kraftig redusert.
– Stortinget vil ha færre bønder til å produsere meir mat, forklarer Arnt Erik Evja.
Han meiner utviklinga handlar om økonomi og ønsket om billigare mat til forbrukarane, men det finst ei grense for kor store gardsbruka kan bli, meiner han, særleg i ein kommune som Nissedal, der det er både bratt og steinete, og der gardsbruka tradisjonelt har vore små.
Sjølv slår han nå på dei fleste jorda i bygda. Det er han også avhengig av om han skal klare å ha nok fôr til dyra. Særleg med tanke på framtida, for bonden har planar om å utvide drifta.
Ville bli bonde
Arnt Erik bestemte seg tidleg for at han ville bli bonde.
– Eg er på ein måte fødd inn i det.
Han vaks opp i byggjefeltet i Kyrkjebygda. Faren hadde sauer på Fjone, og Arnt Erik likte å vere med. Då han skulle på vidaregåande fall valet på Søve. Der han utdanna seg til agronom. I 2007 fekk han tilbod om å jobbe på Nylende gard, hos Torgeir Grimstveit. Og etter sju år fekk han tilbod om å kjøpe garden.
– Då vart rollene snudd, seier han.
For Torgeir som selde garden, hjelpte han mykje dei første åra.
– Og det gjorde han vederlagsfritt. Han ville ikkje ha betaling, sa han berre var glad for å kunne hjelpe til, seier Arnt Erik.
Eigen gardsbutikk
Mykje av kjøtet som blir produsert, blir selt i gardsbutikken familien har etablert.
I Kyrkjebygdvegen, i krysset der ein køyrer inn til garden, har dei laga eit lite utsal med eigne varer og produkt frå andre lokalmatprodusentar.
Her kan både bygdefolk og hyttefolk handle kortreist mat på veg opp til Kyrkjebygdheia. Butikken er døgnopen. Kundane kan logge seg inn med Vipps, betene seg sjølve og betale før dei går.
Det er Janne som har hovudansvaret for gardsbutikken, der salet heile tida har vore aukande.
– Det har gått over all forventning, seier ho.
Tidlegare dreiv dei også med pelsdyr på garden. Nå er drifta avslutta, og skura rivne, men paret har store planar for området.
Anleggsarbeidet er alt i gang.
– Her skal me byggje nytt fjøs, fortel Arnt Erik.
I det nye fjøset blir det plass til 50 ammekyr. I dag har han 26 kyr og 26 vinterfôra sau.
Det nye fjøset vil koste over åtte millionar. Han har fått gode tilskot til bygginga, men reknar med at dei må ta opp eit lån på over fire millionar for det nye fjøset.
– Det er hardt å satse så mykje når ein tener så lite, seier bonden. Han har fått hjelp til å rekne på det.
– Og dei meiner det skal gå rundt, seier han.
Bekymra for utviklinga
Talet på bønder har gått ned i Nissedal dei siste åra. Det er ikkje ein einaste mjølkebonde igjen. Det er to som driv med storfe og ti som har sau, men berre fem av dei har meir enn 30 vinterfôra dyr, fortel landbruksrådgjevar John Olav Lia.
Han er bekymra for utviklinga, og meiner det er uheldig at landbruksmiljøet blir så lite. Når mange sluttar får dei som blir att færre å støtte seg på og samarbeide med.
På Felle er det ikkje ein einaste bonde igjen. I dei andre grendene er dei ein eller to. Olav Arne Sønderland har følgd utviklinga på nært hald. Han bur i grenda Heimdal. Der er mykje endra.
– Før hadde dei fleste gardane nokre dyr, og mange dyrka litt grønsaker.
Nå er det to som driv med husdyr att i grenda.
Gode forhold for bier
Sjølv har han vore fulltidsbonde heile livet, men ikkje heilt av det tradisjonelle slaget. På småbruket i Heimdalsgrenda har han drive med pelsdyr og bier.
Småbruket er ikkje så stort, og nettopp derfor meiner Sønderland det har vore viktig å tenkje alternativt.
Olav Arne er bekymra for utviklinga, særleg med tanke på beredskap.
Han meiner ressursane burde vore meir utnytta, at fleire burde dyrke litt.
– Det er kanskje ikkje noko ein blir rik av.
Olav Arne meiner det handlar om meir enn økonomi.
– Det å jobbe med naturen berikar liva våre, seier han.
– Ein må vere kreativ og sjå moglegheitene som finst, seier han.
Faren hans starta i si tid opp gartneri der dei selde blomar og grønsaker. I tillegg hadde han mange frukttre.
Han var også den som bygde opp pelsdyrdrift og birøkt på garden. I dag er Sønderland pensjonist, men han driv framleis med bier.
Nissedal er den kommunen i Vest-Telemark med flest birøktarar, og Olav Arne meiner forholda for birøkt er svært gode i Nissedal.
– Lyngheiane me har her er blant dei beste i landet, seier han, og fortel at det kvar sommar kjem hundrevis av bikubar frå andre delar av landet som blir plassert rundt om i kommunen.
– Me kunne i større grad utnytta denne ressursen sjølve.
Han meiner Nissedal har vore for lite oppteken av å utvikle landbruket, at kommunen sit på store uutnytta ressursar i naturen.
Han peikar på at tradisjonelt husdyrhald krev store areal, noko det ikkje så mange har høve til i Nissedal.
Han meiner framtida kan liggje i mindre og meir spesialiserte produksjonar. Det kunne vore ein marknad for dyrking av både frukt, bær og blomar.
Familien stiller opp
Faren hans er mykje i fjøset, og familie på båe sider kjem på besøk, og hjelper til både med gardsarbeid og barnepass.
For paret har også tre born på to, fire og seks år, som skal følgjast opp.
Det er to år sidan Mari og Hans-Christian Stana Borstad flytta frå Oslo til Fjone for å ta over slektsgarden.
– Alle snakkar om at det er mykje arbeid å vere bonde. Og det ér det, seier Hans-Christian.
Nå er dei inne i den aller travlaste tida. Dei er i fjøset både dag og natt. Og hadde det ikkje vore for all hjelpa dei får veit dei ikkje korleis det skulle gått.
Til nå har dei tatt imot 227 lam denne våren, og dei er ikkje ferdige med lemminga ennå.
– Eg tippar me endar på rundt 260, seier Hans-Christian.
Det er særleg i lemminga på våren og under sauesankinga på hausten at det er travelt.
Det at dei i desse periodane også får ein del besøk gjer det til ei sosial tid på garden. Borstad ligg avsides til. Foreldra til Hans-Christian har bygd seg nytt hus like i nærleiken, elles er det nokre kilometer til næraste nabo. Sauebonden synest likevel ikkje at livet på garden blir einsamt.
– Eg treffer på ganske mykje folk i løpet av ein dag, seier han.
Små bruk er også viktige
Paret får mange tilbakemeldingar frå folk som set pris på at dei valde å ta over garden, og framleis vil drive.
Dei har ikkje tenkt å gi seg.
I dag har dei ikkje plass til alle sauene på eigen gard. Dei leiger derfor eit fjøs på Uppigard Fjone.
På sikt ønskjer dei å byggje eit fjøs der det er plass til alle dyra.
– Det er i alle fall målet vårt, seier Mari.
Mykje har endra seg sidan Hans-Christian var barn. Han ramsar opp fleire gardar der det tidlegare var drift, som ikkje har dyr lenger.
I dag er det berre to gardar på Fjone som driv forholdsvis stort med sauer. Dei to sauebøndene slår dei aller fleste jorda i grenda, og sørgjer slik for å halde kulturlandskapet oppe.
– Det trur eg mange er glade for, seier Hans-Christian.
At mange har ein småbruksdraum, merkar bøndene på Borstad.
Fleire har no nokre få sauer eller geiter, og også dette er til hjelp. Det handlar om at fleire er opptekne av dette med dyr og landbruk, at ein kan hjelpe kvarandre, spørje om råd eller også låne utstyr.
– Derfor er dei små bruka viktige for oss som driv litt større, meiner Hans-Christian.
Vil vere småbrukar
Lars Gunnar Veum er ein av dei som har starta opp i det små. I vinter har han hatt ti sauer i fjøset. I vår har han fått sytten lam. To av dei har han tenkt å behalde slik at det til vinteren blir tolv dyr i fjøset, men noko særleg fleire vil han ikkje ha.
– Eg vil vere småbrukar.
Det er ti år sidan han og kona Felicia Batt-Rawden flytta til Meinstad. Det hadde ikkje vore noko drift der sidan 1962. Lars Gunnar starta med å sette i stand bygningar. Der såg han spor etter korleis dei dreiv før.
– Målet har vore å gjenskape noko av det, seier han.
Dei har hatt både høner og gris, men har landa på at det er sau og bier dei vil satse på. Han har tatt i bruk dei gamle bygningane, og driv utan maskiner.
– Eller eg bruka traktoren min frå 1958 da, smiler han.
Kjøt og lammeskinn sel dei sjølve på sin eigen vesle landhandel på Meinstad. Det gjev større forteneste.
– Me har bestemt oss for at me ikkje skal produsere meir enn det me klarar å selje, seier han.
I fjor vart alt selt.
– Og eg trur ikkje me har nådd grensa for kor mykje me kan selje, så me kan nok auke produksjonen litt.
Ein del av inntekta
Lars Gunnar synest det er vemodig å sjå kor mykje som har endra seg berre frå hans eigen oppvekst. Der det før gjekk sauer på beite og budde folk rundt om i grendene, står mange fjøs tomme og landskapet gror igjen. Han meiner utviklinga med færre og større bruk ikkje nødvendigvis passar i Vest-Telemark, der terrenget er bratt og småskala drift historisk har vore vanleg.
– Eg trur løysinga for å få liv att i bygdene er fleire små driftseiningar, seier han.
Sjølv håpar han å vere med på å snu utviklinga.
– Eg vil vise at ein ikkje treng å bygge nytt fjøs og ta opp store lån for å drive med dyr.
Sjølv har han berre rydda ut av låven og fiksa litt på bygningen.
Han kan ikkje leve av å ha tolv sauer.
– Men dette er ein del av inntekta mi. Hadde eg ikkje drive med dette så hadde eg ikkje hatt den inntekta eg treng, seier han.
Nå arbeider familien med å etablere eit foredlingskjøkken på tunet. Det er tenkt som ein arena for småbrukarar i nærområdet, og skal gje fleire moglegheit til å utvikle og selje eigne lokalmatprodukt. Målet er at det skal vere med på å få fleire til å prøve seg som småbrukarar.
– Om me kan inspirere nokon til å tenkje at dette kunne dei også prøvd, då har me fått til noko, smiler han.
Rosar bøndene i Nissedal
Landbruksrådgivar Jon Olav Lia rosar bøndene i Nissedal:
– Dei er både dyktige og positive, og gjer ein utruleg viktig jobb for kulturlandskapet og matproduksjonen i Nissedal.
Han meiner det er viktig at fleire vel å satse på landbruk framover, både for produksjonen og for miljøet mellom bøndene. Håpet er at det kan kome nye produsentar til, ikkje berre storskala, men også mindre produsentar som ser verdien av å produsere mat samstundes som ein held ved like kulturlandskapet, seier Lia.
Landbruksrådgjevaren meiner Nissedal har stort potensial for meir matproduksjon, at det på Fjone er store areal som hadde eigna seg for nydyrking og at det også er mykje areal som kunne vore meir intensivt dyrka, og dermed gjeve fôrgrunnlag for mange fleire husdyr.
– Det er berre å ta kontakt med landbrukskontoret dersom nokon har lyst til å starte med gardsdrift og treng å lufte idear og drøfte moglegheiter, seier han.