Rett ved Åmot sentrum ligg ei skjult perle.

Hyllandsfoss er spektakulær i seg sjølv, og byr i tillegg på ei rik vassdragshistorie med alt frå gravhaugar til røyrgater.

Her har lokale krefter planar som kan gje Tretoppvegen i Fyresdal ein konkurrent.

Fløtarvegen

– Dette er som eit symbol på Vinje kommunes rikdom, seier Magnus Barstad og slår ut med armen mot fossefallet.

Publisert
Magnus Barstad, Statkraft

Hyllandsfoss på sitt største, når Statkraft opnar lukene, er kanskje ein tredel av det den ein gong var. Likevel er bruset mektig her me står på høgdedraget aust for fossen.

– Den er framleis fin, seier Magnus, som er her med Statkrafthatt i dag, men som også er nabo til fossen.

Det er han slett ikkje åleine om å synast. Hyllandsfoss og vassdraga rundt har ei rik kulturhistorie med både gravhaugar, kverner, sager, vadmålsstamper, mølle, kraftverk og fløytingsmurar. 

Knut Berdal Ringhus, Vinje historielag

Kulturminna fortel ei historie om bruk av vassdraget frå vikingtida, via fleire hundreår med tømmerfløyting og fram til eit moderne kraftverk. 

– Eg hugsar besta sa ho ikkje fekk sove meir då dei la fossen i røyr. Det blei så stille, seier Knut Berdal Ringhus – som møter opp ved fossen med historielagshatt. 

Fløtarvegen

Det går ein sti langs åi i dag, men den er smal og bratt, noko som gjer vassdraget lite tilgjengeleg. 

Det vil Magnus, Knut og ein heil gjeng endre. Denne gjengen – som består av Vinje næringslag, Vinje idrettslag, Vinje historielag og Visit Vinje saman med kommunen, skulen, Kvito, Statkraft og andre samarbeidspartnarar – har sett i gang med eit prosjekt som dei trur vil vekke internasjonal merksemd. 

Store delar av gjengen bak Fløtarvegen samla ved fossen, f.v. Snorre Aasen frå 3D Arkitekter, Vetle Hylland Olsnes frå Vinje Historielag, Elin Hommo frå Visit Vinje, prosjektleiar Karl Endre Bjerk, Aslak Hylland Olsnes og Knut Berdal Ringhus frå Vinje historielag, Fredrik Damberg frå Vinje næringslag, Magnus Barstad frå Statkraft, kultursjef Kristian Rantala og Anita Lærum frå Vinje IL.

Langs åi ønskjer dei å bygge ein opphøgd gangbane i tre, inspirert av den gamle tømmerrenna frå tidleg 1900-tal. Den har fått namnet Fløtarvegen, og er tenkt å bli ein samanhengande kultur- og tursti som kombinerer natur, historie, friluftsliv og universell utforming.

Gangbanen vil følge åi, men ved fossen vil den slynge seg ut over vatnet. Denne delen av gangbanen vert kalla «Hyllandsrosa», og er tenkt å gje ei sterk oppleving av å stå tett på fossen, vassføringa og dei monumentale fløytingsmurane i naturstein. Samstundes er dette eit grep som får gangbanen opp forbi fossen utan at den blir for bratt for rullestolbrukarar.

Elin fekk ein idé

Elin Hommo har tidlegare drive Groven camping, som ligg ved den nedste kulpen i dette vassdraget. Under koronapandemien hadde ho, som resten av reiselivsnæringa, tid å få til meir fritidstilbod for framtidige gjester. Då fekk ho rydda stien som me står på i dag.

Elin Hommo dreiv tidlegare Groven camping, men jobbar nå i Visit Vinje.

Så, for eit års tid sidan, vedtok Vinje kommune ein reiselivsstrategi. Det gav dei ulike næringslaga i kommunen pengar å bruke, og då begynte Fløtarveg-ballen å rulle for alvor.

– Ein opphøgd gangveg i tre – det gjev jo assosiasjonar til Fyresdal?

– Me håpar jo ikkje at me skal bli assosiert med Fyresdal, men at det skal bli eit prosjekt på lik line, seier Elin. 

– Det er fossen som er i fokus, og grunnen til at me har valt denne utforminga er for å skåne kulturminna, og for at ein skal kunne kjenne krafta frå fossen, og ikkje minst lære historia om alt fossen har gjeve. Vasskraft er jo ein stor del av Vinje kommune.

To trinn

Prosjektet er tenkt gjennomført i to trinn. Fyrst er det rydding og hogst, opparbeiding av gruslagt sti, møteplassar og kvileplassar, restaurering av den gamle mølla, og enkle aktivitetsinstallasjonar knytt til fløyting, kvern og vasskraft.

I trinn 1 er det også planar om å få på plass formidling i form informasjonstavler langs åi og ein fysisk omvisarfigur – tussen Torvild. Historielaget har allereie laga tekstar til tavlene, og på dei blir det også QR-kodar der ein kan høyre Olav Nordstoga fortelje historier knytt til vassdraget. Dessutan er dei i gang med å lage seg ein logo.

 

Her er ei av historiene ein kan oppleve langs Fløtarvegen etter kvart som trinn 1 kjem i hamn: Soga om omvisarfiguren, tussen Torvild i Hakahaug. Teksten er lese inn av Olav Nordstoga, og historielaget kan skrive under på at dette er verd 5 minutt av tida di.

Trinn 1 har eit budsjett på til saman 4,9 millionar kroner, og er berre nokre få hundre tusen frå å vere fullfinansiert, fortel prosjektleiar Karl Endre Bjerk. Pengane kjem frå Skuestiftelsen, Sparebanken Norge, Telemark fylkeskommune, Reiselivsfondet til Vinje kommune, Kulturminnefondet, Norsk kulturarv, Vinje næringslag, Sparebanken Din og dugnadsinnsats. 

Det neste som skal skje nå er ulike undersøkingar og løyve i høve flaum, ras, arkeologi, natur og så vidare. Går papirmølla som planlagt, blir det ei ekte mølle å besøke ved Hyllandsfoss seinare i år, på ein betre sti og med selskap av tussen Torvild. Og kjem millionane som trengst til trinn 2 også på plass, blir etter kvart ei universelt utforma fossevandring på Fløtarvegen tilgjengeleg for Vinje – og resten av verda.

Powered by Labrador CMS