Tapt barndom

Formannskapet snur i sakene til «Per» og «Siri»: Erkjenner likevel ikkje erstatningsansvar. – Eit sjokk
Tidlegare i år vedtok eit stort fleirtal i kommunestyret at kommunen har erstatningsansvar overfor syskena «Per» og «Siri». Nå meiner formannskapet at kommunen bør ombestemme seg.
Etter at kommunen vedtok erstatningsansvar tidlegare i år har advokatane til syskena jobba med å dokumentere erstatningssummen, både oppreising for manglande inngriping og dei økonomiske tap syskena har lide som følge av dette. Eitt viktig område som er kartlagt er tapt arbeidsinntekt – kva dei kunne ha tent dersom dei hadde greidd å vere i jobb og brukt dei utdanningane dei har tatt eller prøvd å ta. Eit anna viktig område er kva fysiske og psykiske skadar dei har fått som kan sjåast i samanheng med oppveksten, som til dømes PTSD og tannskadar, og kva dette kostar i form av terapi og medisinsk behandling.
Tidlegare i haust fekk kommunen brev med summane advokatane har kome fram til og grunngjeving av kvar delsum. For «Per» er det samla erstatningskravet som vert lagt på bordet om lag sju millionar kroner, medan kravet frå «Siri» er om lag femten millionar.
Nå har oppfølging av erstatningssakene til «Per» og «Siri» kome på bordet til formannskapet att, og det var då eitt av medlemmane kom med følgjande forslag:
1. Etter gjennomgang av eit samla faktagrunnlag inklusiv nye opplysningar, samt det rettslege grunnlaget og krav til årsakssamanheng, erkjenner ikkje kommunen erstatningsansvar.
2. Erstatningsutmålinga blir fastsett av domstolane dersom kommunen har eit ansvar.
Det fyrste punktet vart vedtatt, men ikkje samrøystes. Det andre punktet vart samrøystes vedtatt.
– Det kom som eit sjokk
«Siri» vart djupt skaka då ho såg kva formannskapet nå har vedtatt.
– Det kom som eit sjokk, seier ho.
Etter erkjenninga av ansvar tidlegare i år trudde ho dei skulle ha eit møte, at dei skulle bli einige om ein sum i eit forlik, og at dei så kunne lukke saka og gå vidare. Ho understrekar at ho på ingen måte forventa at den faktiske erstatningssummen skulle vere femten millionar.
– Eg blei sjølv sjokkert over det høge talet som advokaten kom fram til, og forventa ikkje å få eit så høgt beløp.
Men at politikarane skulle snu og gjere om sitt førre vedtak, det såg ho ikkje kome.
– Tanken på rettssak gjer meg redd, innrømmer ho.
– Eg har ein billett inn på Modum bad, men eg kan ikkje starte på behandlinga før denne saka er ferdig. Ein rettssak nå, det kan ta eit år. Det betyr eit år utan behandling. Det blir tøft.
Ho føler at historia frå barndommen gjentek seg i det som nå skjer.
– Nok ein gong sit kommunen der og har hjelpa så nær. Og nok ein gong stoppar dei det i siste liten.
I det nye vedtaket står det at kommunen har fått nye opplysningar, og at dette ligg til grunn for vedtaket. «Siri» skjønar ikkje korleis desse opplysningane kan rokke ved hennar sak.
– Dei må jo forhalde seg til konkrete bevis. Sjå på papira mine. Det er dei som skal tale mi sak, seier «Siri».
Kva som skjer vidare er opp til kommunestyret.