Eit hus i eit grønt tun med parkert bil og gule buskar.

Bil har køyrd inn i husvegg

Ein bil har køyrd inn i ein husvegg i Seljord. 

Publisert Sist oppdatert

Éin bil og éin person er involvert. Politiet og ambulanse er på staden. Det framstår ikkje som alvorleg personskade, opplyser politiet klokka 13.00.

Oppdatert 13.39: Pasienten blir køyrd til sjukehuset i Notodden. Det er store skadar på huset. Politiet har beslaglagt førarkortet til bilføraren, og opprettar sak. 

Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.25. 

Grå bil parkert ved ei terrasse med møblar og grøne tre.
Powered by Labrador CMS