Nettjenter: Agnes Dalen Skogheim (t.v.), Sofie Vågslid og Patience Ntabala.

Nye Dølten samlar både yngre og eldre ungdom: – Det er utruleg verdifullt, det dei har fått til her

– Her er mykje større og varmare, meir plass og ting, betre utval i kiosken og betre stadar å sitje, seier Sofie Vågslid. Saman med to venninner har ho krabba opp i eit stort nett i dei nye lokala til Dølten ungdomsklubb i Haukeli.

Dei tre ungdomsskulejentene har meir på hjartet, for det er ikkje berre fasilitetane dei synest har blitt betre på nye Dølten.

– Det har blitt fleire eldre ungdommar her, og det er bra. Det er jo masse plass her, smiler jentene og kikkar rundt seg i lokalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalet ungdomsklubben har flytta inn i består av eit stort, ope vrimleareal der skiljeveggar og skjermbrett skapar større og mindre lommer rundt kantane.

Midt i klubblokalet: Kjersti Fles (t.v.) og Bergit Bergland er sjølve foreldre til ungdom som nyttar ungdomsklubben, medan Oddbjørn Hyttedalen, Tone Lie og Talleiv Haugarne er med i Dølten utan å gjere det for eigne barn. Desse fem utgjer Dølten-styret.

Desigmøblar, doljos og dansegolv

I ei av lommene heng nettet jentene sit i. Frå nettet passerer me ei sittegruppe med turkise designstolar, og kjem bort til den frittståande bardisken. Mot veggen bak bardisken er det ein kjøkkenbenk med bakaromn. Styremedlem i Dølten, Kjersti Fles, set akkurat inn eit brett med tacobaguettar i omnen.

– Du må kikke på doen, ler ho, og peikar på ei dør i hjørnet.

Stemningsfull do: Talleiv Haugarne viser VTB toalettfasilitetane på Dølten ungdomsklubb.

Den yngste styremedlemmen, Talleiv Haugarne (18), går med på å vise VTB den stemningsfulle doen, som har mørke veggar og rikeleg med ljoslenker.

Tilbake i hovudrommet går me forbi kiosken til ei skikkeleg blikkfanglomme – eit dansegolv med discoljos og musikk. Eit kjapt blikk rundt deleveggen viser at ingen danseløver er i sving riktig enno.

Spel, skjerm og sitteplassar

På veg mot den bakre delen av lokalet går me opp eit trinn og passerer fleire spelebord – poker, ping pong og biljard.

– Men me spelar ikkje om pengar, altså, ler gutegjengen som driv og delar ut kort ved pokerbordet.

I bakkant finn me tre skjerm-lommer. I to av dei kan ein spele ulike TV-spel; ein gutegjeng er i full gang med Fifa medan to andre sit i stolar med ratt og raskøyrer i eit bilspel. Ein liten blindgang er perfekt til å kaste dart i, så er me ved den tredje skjermlomma. Her er det eit lite amfi, ein stressless-sofa og ein storskjerm der ungdommane for augeblinken ser videoar av snøskuterkøyring i kupert terreng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Filmlomma: Denne gjengen synest det er topp å sjå på skuterkøyring.

Når me så set kursen attende mot kiosken, passerer me nettet med dei tre jentene att.

– Er det favorittsitteplassen dykkar?

– Me veit ikkje heilt. Det er fyrste gongen me prøver det, for det er nytt i dag, seier Sofie.

– Det er Tone som har laga det.

Eldsjelene som brenn for ungdom

Borte ved bardisken sit Dølten-leiar Tone Lie saman med dei fire andre ho har med seg i styret.

– Har du verkeleg laga nettet der borte?

– Ja, og det verste er at eg fyrst knytte eitt som vart akkurat for lite, ler Lie.

– Så eg måtte lage eitt til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho brukte to kveldar og ein formiddag på å knytte nettet som no heng oppe. Ein kan kanskje seie at det er toppen av eit isfjell av tid som Lie og dei andre i Dølten-styret har lagt ned for å skape ein møteplass som passar for dagens ungdom. Det er berre tre månadar sidan oppvekst- og velferdsutvalet vedtok å betale husleige for klubben i bygget som før husa Haukelitunet. På den tida har dei pussa litt opp, flytta utstyret dei hadde på ungdomshuset Fjellvang og skaffa fleire nye møblar og ting som ungdommane hadde ønskt seg.

Klart på 1,5 månad

Midt i februar opna nye Dølten – eit ljost og triveleg lokale med fine parkettgolv og alt ungdommen kan ønske seg av utstyr.

– Me hadde spørjeundersøkingar for å finne ut kva ungdommane ville ha, seier Haugarne.

Styret understrekar at alt dei har fått til er betalt med pengar Dølten har skaffa sjølve ved å søke om støtte frå ulike fond og stiftingar. Dei har også lagt ned ein stor dugnadsinnsats i flyttinga, og stiller i tillegg opp frivillig for å halde klubben open to dagar kvar veke. I vinterferien hadde dei ope heile fire dagar. Løna deira er ungdom som trivast.

– Me har treft ungdommen. Det kan du sjå her, seier Lie, og viser statistikken ho har ført. Klubben har vore open i ein månad når VTB er innom, og klubben har alt hatt 127 besøk av til saman 44 unike ungdommar. 23 av desse er i aldersgruppa 1. klasse vidaregåande – 25 år. Mange har vore innom meir enn ein gong, og nokre har vore her kvar einaste opningsdag.

– Fleire av dei eldre ungdommane var her fire dagar i vinterferien. Dei kunne vore kvar som helst, på fest til dømes, men dei var her, fortel Lie.

På gamle Dølten var det vanskeleg å få med dei eldre ungdommane.

– Dei gladde i løpet av 10. klasse, seier styremedlem Oddbjørn Hyttedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Medan no er det alt to over 18 år her i kveld, seier han, og nikkar mot biljardbordet.

Eldre ungdom på klubb: Jens Kristian Eide (19) følgjer med når Mattis Christenson (18) set inn støtet. – Me liker å spele biljard og sjå film, men før var me mest i kjellaren min, fortel Eide. Gutane synest det er flott at dei får henge på Dølten saman med kompisar – Det er fint med ein stad å henge, og klubben her er veldig bra utstyrt, seier dei to.

Full forståing for flyttinga

Fram til nyttår heldt Dølten altså til på ungdomshuset Fjellvang, som er eigd av UL Dølelaget. At dei no har flytta er vemodig, synest Dølelagsstyret.

– Me synest det er leit at Dølten ikkje skal nytte Fjellvang lenger, skriv styreleiar Dina Tverrås til VTB.

Forståing og vemod: – Det er leit at Dølten ikkje skal nytte Fjellvang lenger, skriv styreleiar i UL Dølelaget, Dina Tverrås (t.h.). Biletet er frå feiringa av 100-årsjubileet til ungdomshuset Fjellvang i fjor haust.

– Dei kan leige Fjellvang så ofte dei vil og me har møtt Dølten med dei fasilitetane huset har, men me har full forståing for at dei ynskjer betre plass i eit eiget lokale, understrekar Tverrås. Ho og resten av Dølelagstyret håpar likevel å halde kontakten med ungdommane.

– Me synest det er veldig viktig at dei unge i bygda også får ei tilknyting til Fjellvang, så då vil me i UL Dølelaget prøve å stelle til andre arrangement som alle generasjonane i bygda har lyst til å nytte. Per i dag jobbar me med å få bygdekinoen til Fjellvang.

Dølten-styret er glade i Fjellvang, men er likevel klare på at det var rett for klubben å flytte.

– Her har me ti gonger så stor plass, men det er likevel mykje meir oversiktleg, sidan alt er knytt saman rundt eit stort, ope rom, poengterer Hyttedalen.

På Fjellvang var dei i to etasjar, og ein måtte opp og ned ei trapp i gangen for å halde oversikten. For kvar klubbkveld måtte dei dessutan pakke ut mykje klubbutstyr for så å pakke det ned att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her kan alt stå framme, og me kan opne klubben så ofte me vil.

Betre oversikt, betre trafikktryggleik

Flyttinga inneber også at Dølten har reist frå omgjevnadar med grøntareal, skule, barnehage og helsesenter i nærleiken. Bygget dei held til i no ligg bortanfor Lindskog Auto, på ei lomme ikkje langt frå E134.

– Men eg trur faktisk me har ei meir trafikksikker plassering her, seier Hyttedalen.

– På Fjellvang gjekk bygdevegen rett forbi døra, medan me her er plassert langt inne på ei lomme der det omtrent ikkje er trafikk som passerer forbi.

Held ungdommane samla: Dølten-styret meiner det nye klubblokalet, som er i det gamle Haukelitunet, er betre både med tanke på å ha oversikt inne i lokalet og med tanke på trafikktryggleiken utanfor.

I tillegg peikar Hyttedalen på fordelane med at det ikkje er mange andre arenaar rundt klubben som ungdommane kunne få lyst til å reise til.

– Når dei oppheld seg ulike stadar i lokalmiljøet rundt klubben vert det fort uoversiktleg. Her er det på klubben fasilitetane er, og då held dei seg i større grad her.

Det som finst i nærleiken er daglegvare og bensinstasjon, men ein billig kiosk med godt utval gjer at det ikkje vert behov for å farte på butikken.

– Me prøver å tilby det ungdommane vil ha, og tek ikkje meir betalt enn innkjøpsprisen, seier Fles i det ho tek brettet med tacobaguettar ut av omnen. Straks er fleire svoltne ungdommar på plass ved bardisken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uttabygds besøk

Ungdom frå både Åmot og Rauland kjem inn døra medan VTB er på klubb. I kioskbaren får Dølten-styret selskap av assisterande rådmann i Vinje, Anders Sandvik. Han er her for å levere sonen på klubb, men tek gjerne på seg oppvekst-hatten.

– Som oppvekstsjef har eg i mange år tenkt på dette med å få til møtestadar for ungdommane, og då særleg dei eldre ungdommane, seier Sandvik.

– Det er utruleg verdifullt, det dei har fått til her. Heilt fantastisk. Dei har møtt eit behov. Det er slike ting som dette som sikrar ein god oppvekst og ungdomstid. Og gjer kanskje at folk vil flytte heim att på sikt. Det er gull, rett og slett.

Han kikkar bort på speleborda, og legg til:

– Og tenk at det er ungdom frå Rauland her også. Det er som om ein ungdomsklubb i Larvik får besøk frå Horten eller Tønsberg. Det er kult.