Under andre verdskrigen kom det fleire hundre sovjetiske krigsfangar til Vest-Telemark

Ein av dei var Aleksander Vetasjev

Hausten 1944 bestemte han seg for å rømme frå fangeleiren på Fjone

Torkjell Solheim er ein av dei som møtte Aleksander, og som seinare skreiv ned historia om då han rømte

Om korleis motstandsmenn hjalp ungguten med å kome seg frå Fjone til Vrådal, Kviteseid, Øyfjell, Rauland og Rjukan

80 år etter har me funne ei russisk bok der Aleksander med eigne ord fortel om flukta gjennom Vest-Telemark

Dette er historia om Aleksander Vetasjev, og korleis han fekk hjelp til å flykte gjennom Vest-Telemark

Publisert Sist oppdatert
Illustrasjon av Roman Borovskyi

Dagen før han fylte atten gjekk den tyske hæren til angrep på Sovjetunionen. Krigen som følgde var nådelaus. Aleksander reiser langt vekk frå heimbyen, for å kjempe for Den raude arme. I Staraja Rossa er det harde kampar. Mange døyr. Aleksander overlever, men blir teken til fange av dei tyske nazistane, og blir ein av hundre tusen sovjetiske soldatar som blir sendt til slavearbeid i Noreg. 

I 1944 kjem han til Fjone.

Her er det vesle skulehuset gjort om til ein krigsfangeleir. Rundt skulen har dei tyske soldatane sett opp eit høgt dobbelt piggtrådgjerde. Mellom dei to gjerda er det kveilar av piggtråd, slik at ingen skal klare å flykte. Inne i skulebygget har dei snikra hyller, tre i høgda, langs heile veggen. Her skal dei sovjetiske krigsfangane både sove og opphalde seg, når dei ikkje er ute for å hogge tømmer –  for det er derfor dei er sendt til Fjone.

Hardt arbeid og dårleg med mat

I Nissedal vil skogeigarane helst spare skogen under krigen, men dei får ordre om å hogge meir. Tyskarane treng trelast. I 1943 får dei pålegg om tvangshogst, og i 1944 får heradsskogmeister Håvard E. Tveit beskjed om at det vil bli sett inn sovjetiske krigsfangar for å utføre arbeidet. 

Til saman kjem det 400 sovjetiske krigsfangar til Nissedal. Dei fyrste kjem til Felle mellom jol og nyttår, og startar opp tvangsarbeidet i januar 1944. Det kjem også krigsfangar til Haugsjå, Treungen og Fjone.

I lange rekker marsjerer tvangsarbeidarane sakte til og frå hogstfelta, som ofte ligg fleire kilometer frå leiren. Med langskafta økser høgg dei tømmer, og ber stokkane saman i store haugar. Når fangane kjem tilbake til leiren blir dei stilt opp i rekker og talt opp. Slik passar dei tyske vaktene, som har slått seg ned på det gamle bedehuset like ved, på at ingen manglar. 

Naboane til Fjone skule kan sjå at fangane lager maten sjølv, i eit rom i kjellaren på skulebygget. Og med kvart sitt matfat eller kopp får dei tildelt sin matrasjon ved døra inn til kjellaren. Akkurat kva dei et ser ikkje dei som bur i nærleiken, men det kan sjå ut som ei slags suppe, av og til med poteter og litt brød til. 

Dei som jobbar på lastebåten Dølen fortel at det blir sendt slakteavfall frå Arendal til leiren på Fjone. I sommarvarmen fraktar dei med seg invollar og anna avfall som skal bli bruka som mat til dei hardtarbeidande fangane. 

Synet av dei sovjetiske krigsfangane gjer inntrykk på bygdefolket. Og dei som bur i nærleiken av leirane prøver så godt dei kan å stikke til fangane litt mat. For dei ser at dei er svoltne. 

Dette er forbode. Men vaktene på Fjone er ikkje blant dei verste. Dei ser litt bort og let fjonefolket legge frå seg mat som fangane seinare plukkar opp, og et. Tilbake får dei gåver – sigarettetui som fangane lagar av metall, ringar og fuglar spikka av tre. 

Rømmer frå leiren

Den sommaren Aleksander fyller 21 er han vitne til ei brutal hending i leiren på Fjone. Han ser venen bli skoten. Natta etter drøymer han om heimbyen, og om å vere fri. 

«Eg skal ikkje lenger slurpe i meg denne tynne vellinga», tenker han då han vaknar, og byter bort skåla han får mat i, mot tobakk og ein kopp. 

Venene hans seier at koppen snart kjem til å begynne å lekke. Aleksander bestemmer seg for at den dagen det skjer, vil han rømme frå leiren. 

Det pøsregner denne oktoberdagen, då koppen til Aleksander begynner å lekke. Den tynne suppa renn ut på bakken. Fangane skal til Stejjane for å hogge. I lang rekke går dei til hogstfeltet. Det held fram med å regne.  Og skodda ligg tjukk, slik at ein ikkje ser så mange metrane framom seg. Aleksander blir sett til å hogge litt i utkanten av hogstfeltet. Og tenker at han nå har sjansen til å stikke. Rett framom nesa på ei nærsynt vakt, som dei kalla «Paganell», spring Aleksander til skogs. 

Han tek skogsvegen forbi Dalen til Torjusbuhaugen, og spring vidare ned til Breivik. Treskoa han har på seg sklir på den våte bakken. Han spring. Og snublar. Blir skremt av ein sau som brekar. Han trur det er eit skot. Han raskar med seg litt blåbær medan han spring. Stappar både bæra og lyngen i munnen. 

Utpå kvelden kjem han forbi eldhuset på Heimre Vik. Aleksander tek mot til seg – og bankar på døra. Gunnar Vik, som bur på garden, slepper krigsfangen inn i eldhuset. Og gjev han mat. 

Dei tyske soldatane er ute i bygda for å leite etter fangen som har rømt. Å hjelpe krigsfangane er strengt forbode.  Gunnar tør derfor ikkje å ha Aleksander hos seg i eldhuset særleg lenge. Han har ei høyløe ute på Neset, og tek med ungguten dit. Her er det rikeleg med høy. Saman grev Aleksander og Gunnar ei stor hole i høyet. Russaren kryp ned i hola, og Gunnar dekker til med høy.

I fleire dagar gøymer Aleksander seg i høyløa. Gunnar fortel naboane om den rømte fangen. Dei byter på å bort til han med mat, og får forklart han at dei som brukar kodeordet «Rostov, kom her», er folk som vil hjelpe.

Pjotr Jakovlevitsj Kononenko, som kom frå Poltava i Ukraina, var berre 23 år då han vart drept ved fangeleiren på Fjone 15. juli 1944. Det er det einaste kjente dødsfallet i leiren. Det var også sju andre fangar som rømte frå leiren på Fjone tidleg i august 1944. Målet deira var å kome seg til Sverige. Korleis det gjekk med desse fangane er ukjent.

Dei tyske vaktene

Aleksander ligg under høyet og høyrer korleis regndropane trommar på taket. Han søv, men vaknar brått. Utanfor høyrer han lyden av soldatstøvlar, og kjenner att stemmene til dei tyske soldatane. 

Dei kjem inn i løa og begynner å stikke i høyet med bajonettar. Under høyet ligg Aleksander så stille han kan. Nokon trakkar på armen hans, men han beveger seg ikkje. Stikka frå bajonettane går like ved hovudet og føtene hans. Aleksander ligg heilt stille.

Tyskarane finn ikkje den rømte fangen, men hendingane gjer at Gunnar og dei andre hjelparane finn ut at det er for farleg for Aleksander å vere på Fjone. Dei må få han av garde, så fort som råd.

Jon Fjone, som var områdesjef i sivilorganisasjonen, blir spurd om han kan finne ein måte å få han vekk frå Fjone på. Torjus Laupedalen frå Brunkeberg, Frode Torp Hansen frå Kviteseid og Jon H. Ofte frå Høydalsmo er også med på å planlegge korleis dei skal hjelpe Aleksander vekk frå dei tyske vaktene som leitar etter han på Fjone. 

Flukta frå Fjone

Ein kveld klokka åtte møtast Torkjell Solheim og Isak Dahle ved Sandnesodden. Dei har fått låne ein pram med to åregangar, slik at begge kan ro. Så ror dei sørover til Neset for å hente Aleksander, som framleis gøymer seg i høyløa. Det er nokså sterk vind denne haustkvelden, medvind når dei ror utover, slik at det går ganske fort å kome seg til Neset. Dei er opp i  høyløa og  hentar Aleksander, får han om bord i båten, og ror nordover att. 

Nå har dei motvind, og det er tungt å ro. Ute er det heilt mørkt, men med jamne mellomrom sveipar ljoset frå ljoskastarane på Kyrkjeneset over vatnet. Der, på den andre sida av fjorden, har tyskarane ein luftvaktstasjon.  

Det er ikkje heilt uvanleg at det er folk seint ute på Nisser på denne tida. Haustfisket er i gang. Men dei tre i pramen er redde for å bli oppdaga av dei som er på post på Kyrkjeneset. 

Når dei kjem forbi Fjonesundet kan dei puste litt rolegare. Her er dei ikkje lenger synlege frå den tyske vaktstasjonen på austsida av Nisser. Ute i haustmørket sit Kristian Fjone og Ottar Breivik og ventar med motorbåt. Dei køyrer Aleksander til Sandnesstrånda, litt sør for Horgevika.  Her skal han vente i ei hytte som ligg nede ved Nisser. Dei legg att mat til den rømte fangen og gjev beskjed om at han skal halde seg i ro i hytta til det kjem nokon som kan passordet.

Aleksander blir verande på hytta ved Sandnesstrånda i eit par dagar. 

Dei tyske soldatane leiter etter han, og er mellom anna opp til garden Borstad. Det er dei som eig hytta ved Sandnesstrånda. Med ein bajonett i ryggen må bonden på Borstad vise dei tyske soldatane rundt om i husa på garden. Men dei finn ikkje rømlingen her.

I norske aviser er det åtvaringar om dei strengaste straffar for å hjelpe sovjetiske krigsfangar å flykte. Tyskarane betalar godt for opplysningar om fangar som har rømt, og fleire nordmenn let seg freiste til å angje sovjetiske fangar, og dei som hjelper dei. 

Må vidare

Medan Aleksander gøymer seg i hytta på Sandnesstrånda er Jakob Breivik i Skien for å kjøpe nye klede og sko til den rømte fangen. Til nå har han gått i den russiske uniformen. Om han ikkje skal bli avslørt som sovjetisk krigsfange er det viktig at han får seg nøytrale klede. 

 Jon Fjone tar med seg dei nye kleda til Vrådal. Her møter han Harald Straand. Saman ror dei over fjorden til Sandnesstrånda på Fjone, og går inn i hytta der Aleksander gøymer seg. 

Aleksander får dei nye kleda – dress, skjorte og sko.  

Dei gamle fillene han tidlegare har gått i, restane av den russiske vinteruniformen, blir bunta saman med ein stein. Dei surrar ståltråd rundt. Og når dei ror mot Vrådal søkkjer dei denne bunten i bukta utanfor Slokvik, slik at det ikkje skal finnast spor etter krigsfangen.

I Vrådal står Torgeir Straand, bror til Harald, og ventar på båten. Han har ein ti år gamal Chevrolet lastebil. Og med denne har han fått i oppdrag å køyre den rømte krigsfangen frå Vrådal til Kviteseid. I ein av nedste svingane i Kviteseidkleivane står Sigmund Lindestad. Båten ligg klar ved Smeodden, og Sigmund ror Aleksander herifrå til inst i Sundkilen. 

Her vert Aleksander henta av Halvard Brekke frå Morgedal, som køyrer russaren til Trovatn i Øyfjell. Kvar han gøymde seg her er usikkert, men truleg vart han følgd vidare til Svalastog i Rauland der milorg Ausbø hadde sitt hovudkontor, og var der i nokre dagar. 

I Rauland hentar Alf Skau Aleksander, og tek han med seg til Rjukan. 

Dekknamnet Sasja

I Rjukan får Aleksander dekknamnet Sasja. Og den fyrste tida bur han på staulen Torgeirstaul. 

Jolekvelden 1944 synest familien Skau at det er for gale at ungguten skal sitte aleine på den gamle støylen. Dei tek med seg Aleksander ned til heimen sin i Flekkebyen i Rjukan.

Den same jolekvelden bankar det på døra til familien Dahle på Fjone. Det er to av dei tyske vaktene, i leiren som Aleksander har rømt frå. Dei spør om dei kan kome inn til den norske familien for å sjå korleis ein feirar jol i Noreg. Vaktene er ikkje så gamle. Med tårer i augene viser dei fram bilete av borna sine, og fortel at dei helst ville ha vore heime med familiane sine i Tyskland.

Frå den russiske boka «Dagar i Noreg» av Michail Iskrin. Her er bilete av Aleksander Vetasjev og Harry Skau frå Rjukan. Dei to vart gode vener i 1944 og 1945.

Aleksander blir verande hos familien Skau til over nyttår. Harry, som er sonen til Alf, er tre år yngre enn Aleksander. Og dei to blir gode vener. Harry har blant anna jobb med å frakte mat og tobakk opp til kameraten som gøymer seg i fjellet. Det er mykje snø denne vinteren, og derfor er det ein tung jobb. I tillegg fryktar han å møte på tyske vaktpatruljar, og må derfor gå lange omvegar på ski for å kome fram til fjellhytta der Aleksander gøymer seg.

Utpå vinteren fryktar den lokale heimefronten at det ikkje lenger er trygt for Aleksander å opphalde seg på Torgeirstaul, og han blir derfor flytta til ei anna hytte.

Bildet til venstre i boka viser Torgeirstaul. Til høgre er det bilete av gjengen bak avisa Baunen.

Aleksander lærer seg litt norsk, og etter kvart får han tilbod om å vere med motstandsrørsla å lage avis. Dei gir ut den illegale avisa Baunen. Og medan dei andre høyrer på nyheiter frå Sverige og England, høyrer Aleksander på sendingar frå Moskva. 

Freden

Frå midten av april høyrer dei på nyheiter dag og natt. Og i det siste eksemplaret av Baunen kan gjengen bak den illegale avisa fortelje nyheiten om Hitlers kapitulasjon. Sasja får vere med på å frigjere dei sovjetiske fangane i leiren på Rjukan. Og arbeiderkvinnene i byen inviterer dei tidlegare fangane til fest. I juni samlar folk seg på jernbanetorget i Rjukan for å ta farvel med dei sovjetiske krigsfangane som skal bli sendt tilbake til heimlandet. Ein av dei kjem med ei helsing frå Den raude arme. Så trer Aleksander fram. Og på stotrande norsk skal han, ifølgje Rjukan Arbeiderblad sin utsende journalist, ha sagt: «Vi alltid huske norske folk, kan ikkje meire sei». 

Aleksander og dei andre fangane blir sendt til Vallemyrene leir ved Porsgrunn, der han saman med andre russiske krigsfangar venta på skip som skulle ta han heim til Russland. 

Midt i biletet, i svart dress, står Aleksander på jernbanetorget i Rjukan før han og dei andre fangane frå Sovjet skal reise med tog til Porsgrunn.

Jon Fjone skal ha treft Aleksander her. Han gjekk då i dei same kleda som han hadde fått på i hytta på Sandnesstånda på Fjone. Aleksander, som hadde lært seg litt norsk, lova at han skulle sende brev då han kom til Russland. Men etter det me kjenner til har ingen lokale i Vest-Telemark nokon gong høyrt frå russaren som rømte frå Fjone, etter at han sette seg på eit skip tilbake til heimlandet.

Ny krig

Er det mogleg nå, 80 år etter, å finne ut av korleis det gjekk med Aleksander?

Det er historikaren Marianne Neerland Soleim, som har forska mykje på sovjetiske krigsfangar, som finn ut at Aleksander Vetasjev har fortalt si historie i ei russisk bok. Ho finn også ut at Aleksander fekk dekknamnet Sasja då han kom til Rjukan. Og i Rjukan Arbeiderblad finn me fleire saker om Sasja i arkivet. Her finn me også bilete av han. 

Det finnast eit eksemplar av den russiske boka «Dagar i Noreg» på Universitetsbiblioteket i Oslo, og gjennom Nissedal folkebibliotek får me lånt denne. Når teksten blir omsett til norsk ser me at historia som Aleksander fortel om flukta frå Fjone nesten er heilt identisk med den Solheim skreiv ned i heftet med minner frå Nissedal under krigen.

I den russiske boka står det at Aleksander i 1964 jobba som sjåfør, og at han budde i Popasna, ein liten by aust i Ukraina, 40 mil frå den russiske byen Rostov der han voks opp. Popasna vart svært øydelagt under andre verdskrigen, men blei bygd opp att i åra etterpå. 

Me har prøvd å finne ut meir om kva som skjedde med Aleksander etter 1964. Men Popasna ligg i det russisk-kontrollerte området av Ukraina.  Det gjer det vanskeleg.

Om Aleksander har etterkomarar som bur i dette området har også dei blitt råka av brutal krig. Popasna vart utsett for harde angrep frå russiske bombefly og russisk artilleri  då krigen starta i februar 2022. I mai samme året tok russiske styrkar kontroll over området. Og det meste av byen er i dag øydelagt. 

Kjelder

Torkjell Solheim var ein av dei som hjelpte Aleksander Vetasjev  då han flykta frå Fjone. I 1988 skreiv han ned historia i heftet «Minne frå Nissedal under krigen 1940-1945».

Bestefaren til Tone Straand frå Vrådal køyrde Aleksander frå Vrådal til Kviteseid. I 2006, då ho gjekk på lærarskulen, skreiv ho ei oppgåve om dei sovjetiske krigsfangane, der ho blant anna intervjua fleire vrådølar om temaet. Me har fått låne denne oppgåva.

Halvor Ansgar Dahle har skrive om fangeleiren på Fjone.

Me har også vore i kontakt med Olav Borstad og Erling Svalastog.

Rjukan Arbeiderblad har skrive fleire saker om Aleksander, eller Sasja, som han vart kalla der, frå 1945 til 2013.

I 1964 skreiv den russiske forfattaren Michail Iskrin ei bok om russiske krigsfangar som var i Noreg. Der har han blant anna intervjua Aleksander Vetasjev. 



Powered by Labrador CMS