Diakon: Eilev Erikstein trur det er viktig å snakke, både om sjølvmord og om sorg. I fleire år har han arrangert ei vandring for etterlatne.
Hamish Moore
Meiner alle kan bidra til å førebyggje sjølvmord
Prostidiakon Eilev Erikstein har møtt mange av dei som har mista nokon i sjølvmord i Vest-Telemark. Kvart år vandrar han over Haukelifjell med menn som har opplevd denne sorga.
– Sjølvmordssorga kastar nokre ekstra skuggar, seier Erikstein. Han er med i fem av dei psykososiale kriseteama i Vest-Telemark, og har møtt mange av dei som har mista sine kjære i sjølvmord.
Det er langt fleire menn enn kvinner som tek livet sitt, både nasjonalt og lokalt her i Vest-Telemark. Men når det gjeld å nytte seg av behandlingstilbod innan psykisk helse, er menn underrepresentert.
Derfor har Erikstein i fleire år vore med på å arrangere Vandring for forandring på Haukelifjell. Her går menn som er etterlatne etter sjølvmord over fjellet saman med fagpersonar. På vandringa kan dei dele tankar og erfaringar, eller berre gå stille ved sida av kvarandre.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP