Nokre av dei lokale produsentane som har varer på Lokalbui på Dalen. Bak f.v.: Martelene Fauske, Anne Marie Brokka, Ingrid Seltveit, Hege Karin Kittilsen, Linda Iren Grytten, Helga Songøygard Battin og Jørund Håvard Askje. Framme f.v.: Vigdis Berg Nordgarden, Fredrika Skaug, Marianne Bøgh Stømner, Unn Breivik, Adele Rabbe og Åshild Løvold.

Nå har dei lokale produsentane av mat, klede, handverk og kunst fått si eiga bu

Onsdag var det offisiell opning av Lokalbui på Dalen. Førebels er 25 lokalprodusentar ein del av Lokalbui.  

Publisert Sist oppdatert

Initiativet til å opne ei lokalbu på Dalen kom frå varaordførar Camilla Lagergren Knudsen (Sp). Derfor var det ho som hadde på ordførarkjeda og stod for den offisielle opninga. Då fortalde ho at initiativet kom etter innspel frå fleire innbyggarar. 

Hilde Hagen er næringsutviklar i Tokke kommune, og fortel at dei då dei byrja med arbeidet med å etablere ei lokalbu fekk ei liste av varaordføraren med mange personar i kommunen som produserer mat, kunst og handverk. Så byrja dei å ringe. 

Hagen fortel at det nå er 25 lokalprodusentar som er med i Lokalbui, og at det er endå nokre til dei veit blir med etter kvart. 

- Me var også usikre på kvar me skulle ha Lokalbui, men landa til slutt på dette lokale, fortel Hagen.

Lokalbui held til i same bygg som Turistkontoret. Lett tilgjengeleg for turistar og andre som kjem på besøk. Tidlegare var det lager i denne delen av bygget, men i vinter løyvde politikarane 100 000 kroner til å pusse opp rommet. Her har dei ulike produsentane sine stilt ut og kundane kan vipse direkte til produsenten når dei kjøper noko, eller dei kan betale kontant. 

Næringsutviklar Hilde Hagen (f.v.), varaordførar Camilla Lagergren Knudsen og turistsjef Olav Vindal Haugan under den offisielle opninga.

- Det blir ingen ekstra kostnadar for produsentane, seier Hagen. 

Ho synest arbeidet med Lokalbui har vore moro. 

- Veldig moro! Folk er så flinke. 

Det er frivillig for produsentane om dei vil ta vakter i Lokalbui, men to av dei har tatt på seg ansvaret med å halde orden på bemanning i bui. Lokalbui opnar for fullt når skuleferien startar og skal halde ope gjennom sommaren, utanom ferien blir bui open i nokre helger. 

Kjøt frå Skålebygdi

I hyllene er det bøker, klede, hekla figurar, strikka tøy og smykke. Mellom anna. Men det er også noko å mette seg på. 

Varaordføraren formulerte seg slik: 

- Det er kjekt å vite at folk ikkje berre kan kjøpe seg ein ting frå Tokke, men også ein smak av Tokke. 

To av matprodusentane er Åshild Løvold og Jørund Håvard Askje som bur på Skredtveit gard i Skålebygdi. 

Jørund Håvard Askje og Åshild Løvold leverer produkt frå Skredtveit gard i Skålebygdi.

- I dag tok me med burgarar som er laga av ein blanding av dexter og ullgris, fortel Løvold. 

Paret produserer mykje kjøt på garden –  av dexter, sau, ullgris, vanleg gris, elg og hjort. Og i tillegg egg. Dei er opptatt av å bruke heile dyret og levere rein mat. 

- Hovudarenaen vår for sal er Reko-ringen, fortel dei. 

Nå får dei ein ny arena å vise seg fram der kundar kan finne produkta deira. 

Produkta på Lokalbui
Forskjellige produkt på Lokalbui.
Bøker og kunst på Lokalbui.
Lokal te.
Søte figurar.
Fleire søte figurar.

- Det blir veldig spennande, seier Løvold. 

- Fantastisk initiativ

Mariann Bøgh Stømner og Linda Iren Grytten bur i høvesvis Høydalsmo og Øyfjell, og har også tatt turen for å sjå korleis produkta deira ser ut på hyllene i Lokalbui. Bøgh Stømner fortel at ho lagar alt mogleg innafor hekling og strikking. 

- Figurar og mykje. Alt mogleg så lenge det er hekling og strikking. 

Ho er pensjonist og kan bruke så mykje tid ho vil på hobbyen, og handverk har ho halde på med heile livet. 

- Eg elskar å skape, fortel Grytten som nå bur i Øyfjell, men som tidlegare har budd fleire år i Tokke. 

Marianne Bøgh Stømner (t.v.) og Linda Iren Grytten stiller ut produkt på Lokalbui.

Ho likar å variere uttrykka ho arbeider med, og har eit stativ med både sjal og ullcape til sals i bui. Men også puter, bokmerke og mykje anna. Ho er begeistra for opninga av Lokalbui. 

- Det er eit fantastisk initiativ. Her er det så mange ulike uttrykk, og om du ikkje likar mine ting kan det hende du likar naboen sine ting, seier Grytten. 

Powered by Labrador CMS