
Det var tilfeldig at Alexander (16) oppdaga pianoet: – Eg synest det er noko heilt eige med det klassiske
Han byrja med hardingfele, ville eigentleg slutte – og oppdaga pianoet ved ein tilfeldigheit. Nyleg stod Alexander Norgaard frå Seljord på scena under Norsjø kammermusikkfest, etter berre eitt år med formell pianoundervisning.
VTB møtte 16 år gamle Alexander Norgaard frå Seljord før han skulle på scena under Norsjø kammermusikkfest på Granvin.
– Eg er spent, seier Alexander, og smiler litt nervøst.
Norsjø kammermusikkfest plar å ha eit lokalt innslag når dei er i Seljord, og denne gongen blei det Alexander.
– Det er veldig stas, smiler han.
Han fortel at han ikkje har opptredd så mykje med pianomusikk, sidan han ikkje har spela så lenge.
– Det kan gå gale, men eg må prøve å ha eit meir optimistisk syn på det, ler han.
Starta med slump
Alexander har utvikla seg raskt som pianist. Det heile byrja eigentleg med hardingfele, som han starta med som åtteåring, og som han framleis spelar.
– Det er ein kulturarv, og det er moro å vidareformidle det. Men eg var ikkje så begeistra for folkemusikk dei fyrste åra, vedgår han.

Klassisk musikk hadde han heller ikkje noko forhold til, før han starta med piano som 15-åring.
– Det var eigentleg mykje tilfeldigheiter, seier han.
I 8. klasse hadde dei eit musikkprosjekt, der Alexander spela litt piano. Han fortel at han fekk litt sansen, og oppsøkte meir pianomusikk.
– Eg kom plutseleg veldig inn i det klassiske.
Han dreiv med sjølvlæring det fyrste året, og sat mykje på musikkrommet på skulen, i tillegg til å spela på eit slite keyboard heime. Då han byrja i 10. klasse meldte han seg på pianotimar i kulturskulen.
Til konserten på Granvin hadde han eigentleg planlagt eit meir krevjande stykke, men valde å gå for «Arietta» av Edvard Grieg – eit stykke han kjenner godt.
– Det var betre å ta eit stykke eg hadde lært meg tidlegare, som eg meistrar godt, og håpe på ei god oppleving for både meg og publikum, seier han.
Korleis førebur du deg til ein slik konsert?
– Eg har øvd mykje med pianolæraren min. Stykket sit i fingrane, men me har jobba med å passe på at alle tonane blandar som dei skal, og at alt passar, rett og slett. Med slik musikk er det ikkje berre å treffe notane, men ein skal treffe dei på rette måten også, seier han.

Ville ha noko å hevde seg i
– Musikken betyr mykje for meg. Livet hadde vore mykje kjedelegare utan. Eg likar all slags musikk, ikkje berre folkemusikk og klassisk. Men eg synest det er noko heilt eige med det klassiske.
Kvifor det?
– Det er ein spesiell og fin måte å formidle noko på. Det er gjerne ikkje teksten som skal røre deg, men musikken i seg sjølv.
Alexander har også prøvd seg som komponist. For eit års tid sidan skreiv han musikk for både piano og strykarar.
– Eg var kjempefornøgd med det då, men så har eg høyrt på det no nyleg, og eg tenker at eg har lært veldig mykje på dette året. Det er ikkje så veldig bra no lenger, ler han.
Er det noko eller nokon om inspirerer deg?
– Å høyre på det, fyrst og fremst.
Han blir også motivert av å sjå på andre som spelar.
– Eg bur jo i Seljord, så det er ikkje mange arrangement i nærleiken, men når eg fyrst kjem på eit, så er det ei veldig fin oppleving og det er veldig motiverande for meg å sjå folk som driv med dette profesjonelt, og som klarar å leva av det.
16-åringen seier han til ein viss grad tenker at klassisk musikk er for «gamlingar».
– Til å vera ein ungdom som driv med dette, så er det litt sært, smiler han.
Får du nokon tilbakemeldingar frå vener?
– Det er ikkje ofte dei høyer meg spela, så dette er ein hobby eg har mest for meg sjølv. Men dei kan tøyse litt med kor rart det er. Men det har ikkje noko effekt på meg, for me har alle våre spesialitetar.
Han fortel at han aldri hevda seg i sport, og at det kanskje er derfor han har valt musikken.
– Mykje av tankegangen var at eg også skulle ha noko å hevde meg i, seier han ærleg.
Før han fann musikken, synest han alltid at han såg folk rundt seg som var kjempegode til å trene, hevda seg i idrett eller andre ting.
– Så sat eg berre der og misunna, fordi eg ikkje hadde noko slikt, seier han.
– Men så fann eg noko eg følte eg meistra godt. Sjølvsagt er det moro å vera god, men no gjer det for at det er moro, ikkje for at eg føler eg må tøffe meg. Eg har vakse litt, og eg skal vekse litt meir også, smiler han.
Håpar å bli ordentleg god
Alexander bur i Seljord og pendlar til skulen i Lunde kvar dag. Det blir lange dagar, men han prøvar å finne tid til musikken.
– Det varierer veldig på motivasjonen. Eg prøvar å øve så mykje som råd, men det er ikkje alltid eg orkar, for det er veldig lange dagar, seier han.
I tillegg til skule og musikk, arbeider han på Meny, og han har også mange andre interesser han dyrkar.
– Og så må eg finne litt tid til å vera med vener.
Han meiner det er viktig at ungdom på hans alder har noko å drive med på fritida.
– Eg trur det kjem godt med at ein har noko ein brenn for og kan fylle tida si med, anten det er sport, trening, musikk, mekking eller kva det måtte vera. Ein får bruke tid og energi på noko produktivt og noko som er sunt for deg. Eg klarar ikkje å fatte at folk på min alder ikkje har fritidsaktivitetar, seier han.

Alexander går på elektrofag i år, men skal flytte til Kristiansand til hausten for å gå maritime fag der.
– Anten finn eg ut at det er det eg vil, og viss ikkje så er det forhåpentlegvis eit fint år, seier han.
Han synest det er vanskeleg å vite kva han vil bli, men musikken vil han uansett ikkje sleppe.
Har du nokon mål, noko du ynskjer å oppnå eller vere med på?
– Det å bli ordentleg god. Eg likar å høyre på veldig avansert musikk, som er teknisk utfordrande innafor klassisk musikk. Det hadde vore moro å klara å spela det ein gong, men det krev enormt med øving.
Alexander får gode skottsmål, og Jon Rørmark, som er styreleiar for Norsjø kammermusikkfest, seier at han på kort tid har blitt ein habil pianist, og at det er veldig moro at han er med og spelar på konserten på Granvin.
Også Alexander sjølv synest han har hatt ei positiv utvikling.
– Viss eg skal få lov til å skryte av meg sjølv, så synest eg at eg har hatt ei god utvikling, seier han.
Lista legg han høgt, og han er svært ambisiøs i alt han gjer.
– Då har eg sjølvsagt ein tendens til å bli skuffa, når eg ikkje når måla mine. Men det får berre vera, og eg får ein liten realitetssjekk om ikkje anna, smiler han.
Kva håpar du publikum sit att med etter konserten?
– At dei har hatt ei fin oppleving, og at dei synest det var verdt å høyre på meg også, sjølv om det er artistar i verdsklasse på scena både før og etter meg.
Han trur ikkje det kjem så mange på hans alder, men om det gjer det, så håpar han at dei blir inspirerte.
Han smiler litt når han ser tilbake på korleis musikken har utvikla seg i livet hans.
– Det er litt artig at det som var så tilfeldig, har blitt ein så stor del av livet mitt. Eg gjekk frå å ville slutte med hardingfele til å starte med eit heilt nytt instrument.
Den ambisiøse 16-åringen seier det hadde vore moro å drive med musikk på profesjonelt nivå, men at det er eit veldig trongt nålauge ein skal gjennom.
– Det er vanskeleg å vita kva eg skal gjera i framtida, men eg må prøve å ta det litt som det kjem. Uansett kjem musikken til å vera ein god hobby å ha, avsluttar han.