
Inviterer til ope møte om forsvar, tryggleik og beredskap. – Er me godt nok førebudde på kriser?
– Eg håpar me skal sprenge veggane i gamlesalen på Granvin, for her er alle vesttelar og andre velkomne, seier ein av initivtakarane til det opne møtet, Edvard Mæland.
I ei tid prega av aukande uro og usikkerheit, inviterer Seljord Høgre til ope folkemøte i gamlesalen på Granvin kulturhus onsdag 21. mai. Tema for møtet er forsvar, tryggleik og beredskap – både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.
– Me lever i ei verd der tryggleiken me før tok for gitt ikkje lenger kan reknast som sjølvsagt. Difor er det naturleg å stille spørsmål om me er godt nok førebudde på kriser og utfordringar som kan oppstå, seier Edvard Mæland i Seljord Høgre.
Han trur det er mykje uvisse, og håpar mange vil møte fram på kulturhuset denne kvelden.
Vil informere
Til møtet kjem to ekspertar med solid bakgrunn og erfaring frå både forsvar og samfunnstryggleik.
Palle Ydstebø, oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskulen, vil halde eit innlegg om den overordna tryggingssituasjonen og det norske forsvaret si rolle. Ydstebø er godt kjend for sine analysar av internasjonal tryggleik, og har både hovudfag i historie frå Universitetet i Tromsø og doktorgrad i War Studies frå Universitetet i Glasgow.

Jan W. Jensen Ruud, fylkesberedskapssjef hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, vil ta for seg eigenberedskap og beredskap på kommune- og fylkesnivå. Ruud har bakgrunn frå Forsvaret, erfaring frå internasjonale operasjonar og mastergrad i samfunnstryggleik frå Universitetet i Stavanger.
Kan spørje
Etter innleiingsforedraga blir det høve for publikum til å stille spørsmål og delta i samtalen. Seljord Høgre håpar mange vil nytte høvet til å lære meir om eit høgaktuelt tema.
– Møtet er ope for alle, uavhengig av politisk ståstad. Me meiner dette er eit tema som angår oss alle, og håpar på stort frammøte frå heile Vest-Telemark, ja så mange at me kan sprenge veggane i gamlesalen, seier Mæland.