På fyrste øving tok skodespelarane Hans Jacob Sand og Hæge Manheim med barna på ulike improvisasjons- og teaterøvingar slik at dei kunne bli betre kjent.

Øvingane er i gang, men Hæge vil gjerne ha med fleire på spelet

14. juni er det 200-årsjubileum for skipioneren  Sondre Norheim i Morgedal. Her blir spelet «Bakkane kallar» vist. – Me treng både fleire  barn og vaksne i alle aldrar og kostyme til spelet, seier Hæge Manheim.

 

I Morgedal har dei kvart år ei markering av Sondre Norheims fødselsdag i juni, og i 2025 er det 200 år sidan skipioneren blei fødd. 

I 2020 fekk Hæge Manheim oppdrag om å lage ein monolog om kona til Sondre, Rannei,  og husmannslivet sett frå hennar ståstad. Framsyninga var på Øverbø, plassen der Sondre blei fødd og vaks opp. 250 tilskodarar tok turen til den brattlende, gamle husmannsplassen.

Litt før jol blei Manheim spurd om å omarbeide manuset frå 2020 og skrive inn rolla som Sondre også til eit jubileumsspel. 

– Skodespelar Hans Jacob Sand skal ha rolla som Sondre, eg spelar Rannei og saman har me jobba med manus og regi. Musikar Symre Taugbøl Bang tar hand om musikken, fortel Manheim. 

Treng fleire

Den fyrste øvinga er i gang, men Manheim treng fleire, både barn og vaksne, som kan vere med på spelet som blir framført i hotellbakken i Morgedal 14. juni.

– Rannei og Sondre hadde mange ungar, så me vil gjerne ha med fleire barn frå 4-5 år og oppover. Me treng også fleire vaksne som kan spele bygdefolk anno 1850, og gjerne nokon som dansar. Det blir romantikk og dramatikk, sorg og glede, lovar Manheim. 

Dersom det er nokon som kan låne vekk gamle klede eller sko, er det også interessant for arrangørane.

– Gamle beksaumstøvlar, store sjal eller vadmelsklede til dømes. Kleda treng ikkje vere gamle, men må sjå slik ut, seier Manheim og legg til at det blir samling for øvingar i mai og i starten av juni. 

– Ein må kunne setje av litt tid til øving, og me håpar fleire vil bli med. Ta kontakt med meg eller Tarjei Gjelstad, oppmodar Manheim før ho vender tilbake til dei seks barna som møtte på fyrste øving ho hadde saman med Hans Jacob Sand på grendehuset i Morgedal. 

Powered by Labrador CMS