
Gamle skattar på gulna papir
Når ein ikkje har råd til amerikabilletten så kan det hjelpe å spørje tante fint om hjelp. Det gjorde Knut.
Det er mars 1906 når tjueseks år gamle Knut Knutsen Ekre frå Rauland tek pennen fatt for å skrive til tanta si, Sigrid.
«Det er noko eg har tenkt på å spørje deg om, men det er bare så vidt eg tør,» skriv han, før han tilstår at han har tenkt seg til Amerika. Problemet er at han manglar 400 kroner for å ha nok til reisa, noko som på den tida er langt over ei årsløn.

Knut har arbeidsmoral i ryggmergen etter ein oppvekst der han har vore med på slåttonn og gjeting frå femårsalderen. Ein god skyttar er han også, og har prøvd å skape ein karriere ut av det – utan hell.
Tre år før tiggarbrevet til tante var det nemleg urolege tider i landet. Noreg ville ut av unionen med Sverige, og det norske forsvaret ha fleire skyttarar klare til ein eventuell krig, så Knut la i veg til Kristiania saman med søskenbarnet Åsmund Bitustøyl for å delta i opptak på Underoffiserskulen. Med seg hadde han ei rekke skytepremiar og attestar, men så blei kofferten hans stolen. Utan dokumentasjon på kva han kunne måtte Knut dermed vende heim att, medan søskenbarnet kom inn.
Heldigvis går unionsoppløysinga fredeleg føre seg, og den nye draumen for Knut er altså å dra til Amerika. Mykje av slekta hans har reist frå før av, så det er flust av både familie og kjentfolk der borte. Betre lønningar er det også, om han skal tru amerikabreva han har lest. Onkelen hans har til dømes skrive brev heim om at han tener 290 kroner på ein månad, noko som er nesten like mykje som ei årsløn i Noreg på denne tida.
Kjempehagl og svartbjørn
Tante Sigrid gjev til slutt etter og låner nevøen reisepengane han treng, og Knut kjem seg til Amerika i 1906. Året etter har han betalt det han skuldar tante, og har også skrapa saman nok pengar til å få seg ein «homestead» i Nickwall i Montana. Der prøver han å få til avlingar om somrane, men det er ikkje lett.
– Litt av problemet var at det kom slike grusomme haglvêr, med hagl så store som ein baseball, forklarar Knut Ekre.
Han har same namn som bestefar sin, og kjenner godt til historiene om amerikareisa. Ein ting er alle breva og dokumenta han har funne – bunkar av gulna, slitne ark med meir og mindre lesbar lykkeskrift. Men Knut har også vakse opp med forteljingane til bestefar, som vende heim att til Rauland fordi han fann ein kjærast her som han ikkje fekk med seg over dammen.

Bestefar Knut likte å stå tidleg opp, og det same gjorde vesle-Knut. Han kunne smette ut frå dyna klokka fem om morgonen og finne bestefar ved omnen, i full gang med å fyre opp.
– Det hende eg måtte under dyna att ein halvtime før eg fekk stå opp, minnest Knut.
Men når det var varmt nok for små barneføter, var det å spørje og grave etter historier frå Amerika. I desse morgonstundene ved vedomnen fortalde bestefar om arbeidet i skogen, der han og dei andre arbeidskarane rydda veg for dei nye jernbanelinene og felte enorme red pine-tre med berre svans. Om tjuvreising med tog, der haugevis av arbeidskarar samla seg der damplokomotiva stoppa for å fylle vatn og hoppa om bord på godsvognene for å få gratis skyss. Og om kaoset dei blei i leiren til skogsarbeidarane då ein svartbjørn braut seg inn og forsynte seg av livdyra deira.
– Der kom han kom vaggande med ein gris mellom framlabbane, og det vart eit sabla spetakkel, humrar Knut.

Frå Montana til Chicago
I sommarhalvåret plundrar bestefar Knut med sin tildelte «homestead» blant dei bølgande åsane i Montana, medan vintrane går med til sesongarbeid. Ein må drive ein homestead i minst fem år før ein kan få skøyte på eigedomen slik at ein kan selje den vidare, og Knut held ut i sju før han gjev opp å vere gardbrukar. Etter det er han sesongarbeidar heile året. Han er mykje hos tante Margit i Minneapolis, og får også tilbod om å bli formann på ein verkstad.
– Men han var ikkje typen som lika å kommandere andre, fortel barnebarnet.
Bestefaren er ein fornuftig fyr som slett ikkje drikk opp pengane han tener på saloonen, og etter kvart får han litt å rutte med. Han reiser heim til Rauland eit par gonger, og prøver å setje i stand ei stoge for mora og ei tante. Han låner også bort 2 000 dollar til ein fetter som skal starte byggefirma, men det viser seg å ikkje vere så lurt, for dei pengane må han sjå langt etter.

På den tredje turen heim til Rauland blir Knut kjend med Margit Kostveit. Ho er berre tjuefem år, men blir kjærast med den tjue år eldre Knut. Han vil ha henne med seg til Amerika, men det møter motstand.

– Foreldra hennar skreiv brev om at dei helst ikkje ville at ho reiste, fortel «vesle-Knut».
Dermed vender Knut heim att. I Amerika har han budd ein del i byar som Minneapolis og Duluth, der han kunne gå på baseballkampar, fribryting og varieteteater på fritida. Det blir litt av ein overgang å flytte heim att Rauland, og Knut vil heller få seg ein gard ned mot Skien, der jorda også er lettare å dyrke.
– Men det var visst også for langt unna, ler barnebarnet.
Dermed endar amerikaeventyret til bestefar Knut heime i Rauland att, etter litt over tjue år på andre sida av dammen.
Vil ha fleire historier
– Dei kvinnfolka, altså, ler Frøydis Fossli.
Ho er ei av dei som har sete og lytta til det Knut har å fortelje, og har regien på samkomet der det skjer. For det er ikkje tilfeldig at dei gamle breva til bestefar Knut og forteljingane frå livet hans blir delte i Grotten på Raulandsakademiet denne tysdagen.
I 2025 er det 200 år sidan dei fyrste nordmennene utvandra til Amerika, og det hadde vore moro å markere, meiner Fossli. Ho arbeider på lokalhistorisk arkiv, som er plassert i Grotten og naboromma her på Akademiet. Romma og samlingane her er opne kvar tysdag, og den fyrste tysdagen kvar månad er det fokus på slektsforsking.

I år håpar Fossli at utvandrarhistoriene kan løftast fram litt ekstra, og viss det er fleire som Knut, som sit på skattar i form av brev, bilete og anna materiale frå slekt som har utvandra, så hadde det vore veldig moro om dei tok kontakt.
– Kan hende kan det bli ei utstilling, eller eit årsskrift ut av det, smiler Fossli.
– Vegen får bli litt til mens me går.