Rotete internatrom: Samuel Hovde Johannessen og vennen hans er forskrekka over tilbakemeldinga på rommet.

Bli med på innsida av Kvitsund

– Shit! Var det i dag!? ropar Samuel. Husmor har vore på inspeksjon og gutane har gløymd å rydde rommet sitt.

Publisert Sist oppdatert

På Kvitsund er det fint vêr. Sola skin og ungdommane smiler. Det snøkvite tunet lyser nesten når sola treff det. Me møter Rektor Sigrun Kvamme utanfor det nye tunhuset og ho leiar oss inn i kantina. Det fyrste me ser er et stort trekors på veggen og elevar som strøymer inn.

Kvitsund: Rektor på Kvitsund Sigrun Kvamme framom trekors i andaktsrommmet som også er kantine

Klokka er straks ti, og det betyr fellesandakt. Lærarane byter på å fortelje bibelhistorier, og i dag er det Dag Erik Asdahl sin tur. Han fortel historia om korleis Jesus metta 5000 personar med berre to fisk og fem brød. Ungdommane er vakne og viser delvis interesse for temaet.

– Me kan lære av denne historia at du kan koma til Gud med det du har, seier Asdahl.

5+2: Morgonandakt med Dag Erik Asdahl der elevane lærer bibelhistorier. I dag er det historia om dei fem fiskane og to brøda som metta 5 000 menneske.

Geografitime med hjarte i

Etter andakten følgjer me notodding Samuel Hovde Johannessen inn i geografitimen til 1B. Elevane sit stort sett to og to, og det er eit overraskande stille rom med ein snill atmosfære. Ingen er for seine, manglar utstyr eller er stressa, sjølv om det er prøve i neste geografitime.

Geografi: Samuel Hovde Johannessen i geografitimen mens læraren forklarar om fornybare ressursar.

– Neimen sjå kva som står her, seier lærar Hege Ravdal mens ho ler. På tavla er det teikna eit stort hjarte med to namn inni. Då rekker ei jente opp handa.

– Sidan det ikkje er nokon av dei som står på tavla som har skrive det, går det vel fint?

Det seier læraren seg litt einig i; ho let hjartet stå og går berre vidare. Ravdal er inkluderande og får til og med dei mest sjenerte i klassen til å bli med i den munnlege klassetimen.

I dag har dei om ressursar, vêr og miljø. Dei har nok hatt litt om det frå før, for fleire rekker opp handa og veit iallfall nesten svaret. Og når dei treng fakta er det alltid ein elev eller to som bruker pc-en til å google svaret.

Kvitsund: Hege Ravdal brukar stemma, kroppsspråk og kunnskap både frå eiget hovud og læreboka til å få elevane med på den munnlege timen før prøve.

Internatinspeksjon

Rektor møter oss att på veg ut frå geografitimen, og me bevegar oss sakte ned den utruleg bratte og islagde gangvegen mot Sundkilen. Me er nesten omringa av internatbygg bortsett frå mot tunet, og ein liten gjeng med hylande jenter akar nedover hagen rett ved oss og vidare mot vatnet i ein svær klump av folk og akematter.

VTB spør rektor korleis det er med utvising og om det er strengt her på Kvitsund.

– Elevar blir nesten aldri utvist, men det skjer, svarar Kvamme, og legg til at om du blir teken i å drikke på rommet blir du utvist nokre helger.

På veg nedover møter me internatleiar Ellen Bentsen, som også blir kalla husmor. Ho har akkurat vore på romsjekk på guteromma på Bjørketun.

– Det hender eg tenker «Kva har skjedd, dei kunne jo rydde før,» seier Ellen. Ho er nok litt skuffa over vegen ryddinga har gått, nemleg nedover.

For på romma er det stor variasjon; nokre av gutane hadde faktisk rydda litt, men resten av romma var heilt bomba.

Kvitsund: Husmor Ellen Bentsen etter ein romsjekk på Bjørketun.

Gym på vatnet

Me er på veg mot det islagde vatnet fordi me skal vere med 1A i gym. Lærar Hamish Moore har bestemt seg for at dei skal ha langrenn i dag, medan dei som ikkje har ski får ake og ha det gøy likevel.

Elevane med ski har balanseøvingar, og køyrer fram og tilbake på ulikt vis. Så er det konkurransetid og elevane stiller opp. Dei med felleski får starte om lag femti meter framfor for å jamne ut fordelen med smørjeski.

Utegym: 1A har utegym på den islagde Sundkilen. Skulen har køyrd opp si eiga langrennsløype med skøytespor og klassiskspor. – Berre det blir mindre overvatn vil me prøve å få lagt løype heilt bort til Kviteseid sentrum, seier gymlærar Hamish Moore.

Forspranget var ikkje nok, for Leander Kippenes på smørjeski tar igjen fellekøyrarane og vinn konkurransen. Men innsatsen er framleis god, og alle gir alt og kjem over målstreken til slutt.

Det vert intenst med fall på den harde snøen og kriging om plasseringa, men alle kjem heilskinna gjennom løypa, som dei på Kvitsund har køyrd opp sjølv.

Seierherre: Leander Kippenes i det han tar igjen fellekøyrarane og vinn konkurransen.
Fall før mål: Hans Breidalen Skjæveland fell rett framfor målstreken. Han rekk så vidt opp att og over streken før dei bak tek han att.

– Miljøet betyr alt

Etter gymtimen viser Hans Breidalen Skjæveland veg til matsalen der det er lunsj. Hans er ein lokal gut som kjem frå Kviteseid, og me spør kvifor han valte Kvitsund og om han vurderte nokon andre skular.

– Det sto mellom Kvitsund og Dalen, og det blei miljøet som avgjorde, seier Hans, som trur miljøet på Dalen ikkje så bra som på Kvitsund.

– Miljøet betyr alt, smiler Hans, som legg til at heile sju elevar frå klassa hans på Kviteseid skule valte Kvitsund.

Fornøgd med miljøet: Hans Breidalen Skjæveland er varm etter gymtimen og går i berre t-skjorte. Her fortel han om kvifor han valde denne skulen. I bakgrunnen ser ein tunhuset der kantina er.

Hans er ikkje mykje heime for tida; han er faktisk på skulen til klokka ti på kvelden nesten kvar dag.

– Mamma og pappa ser ikkje mykje til meg for å seie det slik.

– Kvifor bur du ikkje berre på skulen da?

– Det hadde kosta 100 000 kroner i året, forklarar Hans. Sidan han bur berre nokre kilometer frå skulen har han derfor valt å bu heime.

– Men eg betalar 80 kroner dagen for middag her, da.

Bjørketun

Hans skal ete maten sin i kantina, og me blir med Samuel for å sjå kvar internatgutane et. Han held eit svært tårn med toast og skal ned til guteinternatet på Bjørketun. På veg ned minner me han på at det var romsjekk på romma deira i dag og spør om dei har rydda.

Skorot: Samuel Hovde Johannessen sparkar av seg skoa på veg inn til Bjørketun.

— Shit! var det i dag!? ropar Samuel og sparkar av seg skoa medan han et frå toasttårnet sitt.

Når dei kjem inn på rommet står dei forskrekka og skuffa over det rotete rommet deira. Så finn dei lappen frå husmor ved TV-en.

Der er det ein ring rundt c og d, der det står: «Her må det skiftast livsstil!»

Samuel Hovde Johannessen (t.h.) er forskrekka over den dårlege karakteren på det rotete rommet.

Samuel er oppgitt, men gjort er gjort. Han tar oss med til fellesstova på Bjørketun, der det sit ein gjeng med gutar som drikk kvar sin halvannanliter med Pepsi Max og et frå kvart sitt toasttårn.

Me spør gutane kva dei gjer på fritida.

– Me driv med volleyball, fotball og nå har dei akkurat starta basketballag her, seier gutane.

– Det var det faktisk eg som starta det, seier Samuel.

Han fortel at han spelar «point guard» og har gått på basketball litt i Notodden før han begynna på Kvitsund. Basketlaget er ikkje er så seriøst akkurat no, forklarar Samuel, så alle som vil kan bli med. Men han vil få prøvd å melde det inn i KVIL (Kvitsund idrettslag) og koma med i ein serie etter sommaren.

Toast-kø: Samuel Hovde Johannessen ventar på å lage seg fleire toast.

Gutane et opp maten og begynner å gjere seg klar til neste time, og me spør dei kva som er best med Kvitsund. Toast har me alt skjønt at er viktig, men det er visst fleire ting.

– Avstand, seier ein.

– Alt er så tett. Eg kan liksom gå til alt i staden for å bli køyrt.

– Før var livet mitt mykje transport, nikkar ein annan.

– Og det er sosialt, kjem det frå ein tredje gut.

– Men då er ikkje Kvitsund staden for dei introverte, kanskje?

– Tvert imot, her er det lettare å bli trygg på å snakke med andre.

Me spør også Leander, som vann skigymkonkurransen i stad og tydelegvis er sportsinteressert, om han ikkje har vurdert idrettsfag, og kva han tenker om at Kvitsund ikkje fekk idrettslinje.

– Eg vurderte det, men er glad eg valte Kvitsund. Det var dumt det ikkje blei idrettsline her, men eg får minst like mykje trening her som på ei idrettsline, seier han.

– Ja, kanskje nesten meir.

Kvitsund: Fellesområdet på Bjørketun der gutane sit og kosar seg med brus og toast.

Kvitsund Gymnas

– Ein privat kristen vidaregåande skule i Kviteseid

– Har 121 elevar på skulen i 24/25

– Har plass til 200 elevar totalt

– Kostar om lag 4000–5000 kroner i månaden med stipend (10 000-11 000 kroner utan)

Raskt om journalisten

– Kjem ifrå Molde.

– Son av Marie Midtsund, barnebarn til Merete Tveitereid og Svein Dag Midtsund

– Er 14 år og er på arbeidsveke i VTB

Powered by Labrador CMS