I Kviteseid kommune er det plassert ut 108 stolpar totalt, medan ein kan jakte 15 685 på stolar spreidd i heile Noreg.

Kunstnarleg nyvinning i stolpejakta

I år er det kunstkart i stolpejakta i Kviteseid. 

På kunstkartet finn ein kunstverk av både kjente og litt mindre kjente kunstnarar som Erik Werenskiold, Solveig Muren Sanden, Dyre Vaa og Hans Gude.

– Det foregår slik at stolpane er plassert om lag der kunstnaren kan ha stått då han eller ho teikna eller måla motivet sitt. Når folk scannar stolpen, får dei opp eit bilete av kunstverket på telefonen sin, saman med litt info om kunstnaren og kunstverket, informerer Cecilie Austjore-Hosum i Kviteseid frivilligsentral. 

Dei har fått midlar frå fylkeskommunen for å lage kunstkart. Både Gunnar Ruud og Vrådal og Fyresdal målarklubb har bidratt inn mot kunstkartet, i tillegg til Frivilligsentralen.

Det er, ifylgje appen Stolpejakten 29 stolpar på kunstkartet i Kviteseid kommune. Elles er det 59 stolpar i Kviteseid med omegn og 20 stolpar i Vrådal.



Powered by Labrador CMS