Jon delar frå arbeidskvardagen sin på sosiale medium
Jon Aasan (33) frå Flatdal når millionar av menneske med korte videosnuttar frå kvardagen som elektrikar.
– Eg føler meg ikkje som ein influensar, ler Jon.
– Eg er berre ein fyr som filmar litt av det eg driv med og legg det ut.
Det er likevel ikkje til å kome unna at det har teke litt av for elektrikaren frå Flatdal. På Instagram har han meir enn 160 000 fylgjarar, og fleire av videoane har fleire millionar visningar. Den mest sette videoen, der han klipper ein kabel med ei elektrisk saks, har heile 13,8 millionar visningar.
Kvifor akkurat den videoen tok av, veit han ikkje.
– Men det er kanskje litt tilfredsstillande å sjå på, ler han.
Tok av over natta
Jon byrja karrieren i Dyrud Elektro, der han fekk prøve seg på mykje forskjellig.
– Eg gjorde alt mogleg og fekk jobbe med mange flinke folk, fortel han.
Etter kvart vart han leigd ut til større selskap og arbeidde mellom anna med rehabilitering av kraftverk i Vest-Telemark. For rundt sju år sidan starta han sitt eige firma.
– Eg er konsulent og leiger meg ut til større selskap. Eg jobbar med alt innafor kraftverk, høgspent, trafostasjonar og større ting innan elektrofeltet, seier han.
I 2019 oppretta han ein Instagram-konto, men det var fyrst i 2022 det tok av, då verktøygiganten Milwaukee tok kontakt.
– Dei lurte på om eg ville vere ambassadør, og etter det byrja eg å poste meir aktivt. Plutseleg tok det heilt av med visningar, fortel han.
Jon set opp telefonen og filmar medan han jobbar. Ofte er det spontant, andre gonger har han planlagt kva han skal filme. På kveldstid redigerer han og legg det ut.
– Det er redigeringa som tar tid. Eg kan bruke alt frå 10 minutt til 3 timar på eitt klipp. Men det er ofte dei kortaste videoane, som eg brukar minst tid på, som slår an.
Kvifor trur du at desse videoane slår an?
– Eg veit ikkje, ler han.
– Men eg driv med mykje rart, som ikkje er heilt vanleg å drive på med. Kanskje det triggar merksemda til folk. At det er noko ein ikkje ser kvar dag. Og så prøver eg å halde det kort og konsist, for merksemda til folk varer ikkje veldig lenge, så det gjeld å fange merksemda til folk på kortast mogleg tid.
Totalt har videoane hans fått over 100 millionar avspelingar.
– Det er Dyrsku’n gonger tusen. Når ein byrjar å tenke slik på det, er det ganske mange, ler han.
Kva tenker du om at det du legg ut når så mange?
– Eg reflekterer eigentleg lite over det, men synest det er moro at det ikkje berre er sminke og klede som slår an, men at yrkesfag òg kan få plass i sosiale medium.
Han seier han gjer dette fordi han synest det er moro, og fordi han vil vise kor mangfaldig yrket er.
– Det finst så mange ulike vegar å gå innan faget, og eg håpar å inspirere unge til å gå den vegen. Eg ynskjer at dei skal sjå at elektrofaget er mykje meir enn å reise til «Herr og Fru Hansen». Det er ei vanvitig breidde i kva ein kan jobbe med, understrekar han.
Jon håpar også at han får vist fram yrkesstoltheita.
– Eg har lært veldig mykje av dyktige, eldre fagfolk, som er vanvitig flinke i det dei driv med, og som har den gode, gamaldagse yrkesstoltheita. Eg håpar å bringe den vidare, for det betyr mykje å vere stolt av det ein gjer.
– Ein må ikkje vera redd for å prøve
Jon har også samarbeid med Intercable, som spesialiserer seg på høgspentkablar, men han har vore bevisst på å ikkje ha for mange samarbeid.
– Eg gjer ikkje dette for å tene pengar, eg gjer det for at det er moro. Eg trur at den dagen ein skal gjere butikk på dette, så mistar det litt av sjarmen sin. Eg skal tene pengar på jobben min.
Som ambassadør for Milwaukee får han sponsa ein del verktøy, og får vere med på messer rundt om i verda. Det har vore mykje moro – som å teste produkt før dei kjem på marknaden.
– Eg er veldig interessert i verktøy, smiler han.
For tida sit han mest på kontor, men håpar å koma seg meir ut i felten.
– Eg set veldig pris på å bruke hendene mine og skape noko sjølv. Eg er nok ikkje laga for å sitje bak ein data, smiler han.
Jon fortel at nokre lærarar frårådde han å søkje på elektro då han var ferdig med grunnskulen. Dei meinte mattekarakterane var for låge, og at det ville bli krevjande.
– Eg synest det er litt artig, ler han.
– Eg var fast bestemt på at eg skulle gå på elektro. Det er rart med det, når ein bestemmer seg for noko, kan ein få til nesten kva ein vil, smiler han.
Han fortel at det også var fleire som meinte det ville vere vanskeleg å starte sitt eiget firma, at det ikkje kom til å gå og at det var utrygt.
– Då skal eg iallfall få det til, tenkte eg.
Han er opptatt av at viss ein verkeleg brenn for noko, så må ein berre hive seg rundt og satse.
– Ein må ikkje vera redd for å prøve, seier han.
Flatdølen kjenner seg svært heldig for alt han får gjere i jobben sin, og ynskjer å halde fram på same spor.
– Eg har det heilt topp. Eg kan absolutt seie eg har draumejobben. Eg trivst veldig med det eg driv med og brenn verkeleg for faget mitt, så eg er veldig heldig.