Alf Jul har ein hobby få menn har. – Brodering har vore med meg frå barndommen
Alf Jul Jakobsen (66) har hatt brodering som ein del av livet sitt heilt sidan barndommen. Som barn byrja han med enkle broderi, og seinare har han utfordra seg med meir avanserte prosjekt som bunadar og hardangersaum.
Alf Jul er opphavleg frå Horten, men har budd i Høydalsmo med kona Ellen sidan 1996. Han har jobba som lærar og rektor i mange år, og seinare har han jobba som arbeidskonsulent på AiR. Dei siste åra har vore prega av helseutfordringar, som har ført han bort frå ordinært arbeid. Men midt i dette har han fortsett å halde på med noko som har vore ein del av livet hans sidan han var liten gut, nemleg brodering.
– Brodering har vore med meg frå barndommen, seier han med eit smil.
I ei tid før TV blei vanleg i heimane, var det radio, musikk og handarbeid som fylte ettermiddagane og kveldane i heimen til familien i Horten. Mor hans, som alltid var opptatt med handarbeid, lærte ungane å brodere. Som ein av ni søsken, hugsar Alf Jul at alle laga nokre enkle broderi, men det var han som heldt fram med det.
– Det festa seg nok ikkje like mykje hjå dei andre, seier han.
Sterk kost for læraren
I starten var det enkle puter, før han i ungdomsskulealder fann ut at han ville prøve seg på litt meir avansert brodering, og laga eit åkle med klostersaum.
– Det heng faktisk oppe i gangen her, fortel han.
Han hugsar godt at han var innom broderiforretninga i Horten og kjøpte seg nokre dokker med garn, og sat heime og broderte.
– Eg hugsar det var litt kjedeleg å ta det blå, seier han.
Fekk du reaksjonar av vener på at du dreiv med dette?
– Nei, eg kan ikkje hugse at eg snakka noko om at eg broderte. Og eg var ikkje like aktiv heile tida heller, seier han.
Men han hugsar godt ein episode frå då han gjekk på lærarskulen på Eik i Tønsberg. Han fortel at det var mange jenter i klassa, som sat med strikketøy i timane. Ein dag tok han med seg broderiet sitt, og byrja å brodere i timen.
– Det blei litt bruduljar, ler han.
Han fortel at læraren ikkje takla at han sat der med broderi, og meinte at han ikkje klara å konsentrere seg. Alf Jul sjølv meinte at han kunne både brodere og konsentrere seg, på lik line som jentene som strikka.
– Eg trur ikkje eg gjorde det for å provosere, men eg syntest det var litt moro også, så kanskje var det litt protest i det, smiler han.
Ville ha større utfordringar
Alf Jul forklarar at han slappar av med handarbeidet.
– Fleire spør om eg ikkje blir anstrengt av å brodere, men det gjer eg ikkje. Eg slappar av med det, og eg kosar meg med det.
Sidan korssting- og klostersaum-broderinga han dreiv med som barn, har han hive seg ut på større utfordringar, og driv på med både hardangersaum og broderer bunadar. Alt er sjølvlært.
– Det å brodere bunad og hardangersaum er svære greier og ei fin utfordring. Så eg har hatt lyst til å prøve det og sjå om eg greier det. Og det gjer eg, seier han.
Han starta med å brodere koftestykke til sønene sine.
– Då lét eg mor mi sjå på det, og ho sa at dette kunne eg halde fram med, smiler han.
Han har i tillegg brodert ein barnebunad og konfirmasjonsbunaden til eldste barnebarnet sitt.
– Det er jo nokon andre som kan brodere her i bygda, og når dei seier at arbeidet mitt er bra, er det absolutt ei anerkjenning å få, seier han.
Konfirmasjonsbunaden brukte han to vintrar på. I sommarhalvåret arbeider han mykje ute, og broderer mindre.
– Fysisk aktivitet er viktig, og eg likar å bruke kroppen. Men så kan eg setje meg roleg ned, og brodere litt igjen, seier han.
Nøyaktigheitsarbeid
Eit av prosjekta han har framover er å brodere ein hardangerduk til kvar av dei fire ungane sine.
Han forklarar at det er to særtrekk ved hardangersaum. For det fyrste er det bruken av kvitt på kvitt, og for det andre krev teknikken at ein tel og er svært nøyaktig. Han likar godt presisjonen som må til, og at det er både varierte sting og ulike moment å jobbe med.
– Eg plar å spøke med at eg ikkje er så nøyen, men at eg er litt pirkete, smiler han.
Nokon lurar på korleis han greier å brodere, som har så store hender.
– Men det er ikkje handa som broderer, det er nåla, smiler han.
Han legg til at ein sjølvsagt må klare å styre nåla.
– Pinsettgrepet må vera i orden. Heldigvis er eg sterk nok i klypa enda, seier han.
Hobby som tar tid
Når han blir spurt om han kjenner til andre menn som broderer, er svaret nei. Men han meiner fleire kunne hatt glede av det.
– Ein del tenker nok at «det klarar eg ikkje», men det er berre tull. Har du litt forståing for form og farge, og kan bruke nål og tråd, er det ikkje vanskeleg. Men du treng litt øving for at det skal bli fint.
Han understrekar at dette er ein hobby som tar tid.
– Viss du trur brodering av bunad eller hardangersaum er fort gjort, har du heilt feil perspektiv. Ein må ha tid til å gjera det ordentleg, seier han.
Tålmodigheita og evna til å sitje med eit stort broderi har han, men når det gjeld å sy i ein knapp, er det ei anna historie.
– Nyttesaum kan han ikkje stort av, skyt kona Ellen inn.
– Eg syr ikkje eit funksjonelt plagg. Eg kan brodere, og det tør eg å seie, smiler han.
Han trur grunnen til at han har halde fram med brodering er fordi han likar å jobbe med ting over lengre tid.
Korleis har du det når du då blir ferdig med eit prosjekt som har tatt lang tid?
– Då tenker eg «kva kan eg gjera no?».
– Og så hender det han tar ein pause med eit puslespel, legg kona til.
– Ja, då kan eg ta meg eit puslespel på nokre tusen brikker, seier han.
Alf Jul er open om at han har nokre helseutfordringar, og meiner hobbyen har gitt han noko meiningsfylt å fylle tida med.
– For meg er brodering noko varig, noko du kan bruke. Det synest eg er eit viktig poeng, avsluttar han.