Nå er den nye appen klar. Dette må du gjera

Denne veka byter Vest-Telemark blad system. Det gjer at alle abonnentane må lage seg nytt passord og laste ned appen på nytt.

Oppdatert: Nå er VTB-appen i Appstore godkjent og klar. For apple-brukarar betyr dette at dei nå kan gå inn i Appstore, søke opp Vest-Telemark blad og trykke på «oppdater».

 

Nye system

Vest-Telemark blad har dei siste åra vore med i ein partnarskap med Polaris. For vel eit år sidan sa konsernet opp partnarskapsavtala. Dermed måtte VTB og dei 12 andre lokalavisene som var del av dette samarbeidet finne ein ny partnar.

VTB og seks andre lokalaviser har inngått avtale med Mentor Medier og skal saman med konsernet bygge ein ny plattform for teknologisk samarbeid. Det betyr byte av alle interne og eksterne system. Overgangen skjer tysdag.

Om du alt er abonnent vil brukaren din fylgje med til det nye systemet. Men, du må opprette eit nytt passord. Du må også laste ned appen «Vest-Telemark blad» på nytt. Det gjeld både for iOS- og Android-brukarar.

– Me beklagar at me er tvungne til ei slik endring, men med teknologi er det ikkje uvanleg at den «går ut på dato». Me er trygge på at resultatet blir til det betre, seier dagleg leiar Tor Arve Vartdal i VTB.

Han legg til at det for ei avis utan eit konsern i ryggen har dette vore ein krevjande prosess for lokalavisa.

– Me har heldigvis stadig fleire som les oss. Det gjer at me har hatt moglegheit til å gjere eit grundig stykke arbeid i val av nye løysingar. Den nye løysinga er dyrare for avisa enn den me hadde tidlegare, seier Vartdal og legg til at teknologi og distribusjon er to store kostnadsdrivarar i dagens avisdrift.

Redaktør Øystein Øygarden legg til at han ser fram til at redaksjonen får ta i bruk nye verktøy som skal gjera det digitale produktet til Vest-Telemark blad endå betre.

I den nye partnarskapen er, i tillegg til VTB, Suldalsposten, Firda Tidend, Os & Fusaposten, Grenda, Bladet Tysnes og Hordaland Folkeblad. Partnarskapen har ikkje noko med eigarskap å gjera.

Powered by Labrador CMS