Anne Marie Åsheim og David Petrych spelar i to korps i Vest-Telemark. – Det gjev oss mykje glede, seier dei.

Anne Marie og David spelar i to musikkorps. – Det er travelt i periodar

Sambuarparet Anne Marie Åsheim og David Petrych delar ikkje berre hus og heim – dei delar også musikkgleda. Og ikkje berre i eitt, men i to musikkorps.

Publisert Sist oppdatert

Anne Marie kjem frå Edland, medan David opphaveleg er frå Nederland. Han kom til Fyresdal som 10-åring. Begge har vore med i korps sidan dei var barn, og har ingen planar om å gje seg med det fyrste.

– Det nærmar seg faktisk 20-årsjubileum, smiler dei.

Anne Marie byrja som aspirant i korpset då ho gjekk i 5. klasse. Ho spela heile grunnskulen, hadde ein pause då ho gjekk på vidaregåande, men har alltid vore med og spela på 17. mai og jolegrantenningar. Då ho og David flytta tilbake til Edland i 2016, starta dei å gå fast på øvingar kvar veke.

David byrja også i korpset som barn. Fyrst på slagverk, men bytta etter kvart til tuba – og har halde seg til det instrumentet sidan. Anne Marie spelar kornett.

Livslang hobby

Sambuarparet spelar i både Haukeli og Edland musikkorps og Fyresdal musikkorps. 

– Det blir mykje speling, mange dirigentar og mange musikantar på oss, smiler Anne Marie.

– Og det hender det blir litt tukl med notane, legg ho til.

Kvifor er de med i Fyresdal musikkorps når de bur på Edland?

– For det var der eg byrja, og eg har ikkje samvit til å slutte der, smiler David. Dessutan er det ingen andre som spelar tuba der.

 Anne Marie og David brukar mykje av fritida si i dei to korpsa.

– Det er veldig travelt i periodar, særleg i mai og desember, seier Anne Marie. 

– Men det er veldig moro. Og me er veldig fornøgde etterpå, når alt har gått bra. Så ein blir godsliten, seier David.

– Det er ein livslang hobby, seier Anne Marie.

Anne Marie seier det er ein livslang hobby, og at ho ikkje har planar om å gje seg.

– Det gjev oss mykje glede, og me har det så moro. Eg trur ikkje me har ei øving der me ikkje ler, seier ho.

– Det er veldig sosialt og inkluderande, legg David til.

– Kvar stemme spelar ei rolle. Dessutan lærer ein seg disiplin og samarbeid. Forsking viser at det er bra for hjernen også, seier dei.

Å dele ein felles hobby som sambuarar har sine fordelar.

– Det er lettvint og sutlaust. Me veit alltid kva den andre skal, smiler dei.

David har spela tuba i mange år.

Høgdepunkt

For korpsfolk er 17. mai langt frå ein roleg dag med vener og familie. Dagen startar grytidleg. Saman med Rauland musikkorps startar dei dagen med felles frukost på Rauland før det er speling og tog der, før turen går tilbake til Edland for å spele i toget der. Så går turen til Åmot og Øyfjell.

– Me er Vinje rundt, og det er litt heftig, vedgår Anne Marie.

Sjølv om det er ein lang dag, så har dei det veldig moro, understrekar ho. 

– 17. mai er den største dagen å vera musikant på. Det er eit høgdepunkt, seier Anne Marie.

David hoppar av Vinje-turnéen etter toget i Edland, og fyk vidare til Fyresdal, der han spelar på konserten korpset har der. 

Når dei kjem heim på kvelden, etter 12-timars arbeidsdag, set dei seg med føtene høgt heva. 

– Me når dei skritta våre i løpet av dagen, for å seie det slik, ler dei.

Kva for rolle tenker de at eit korps spelar for lokalsamfunnet?

– Eg trur nok at dei set pris på oss, særleg på 17. mai og jolegrantenningar. Og eg synest lokalbefolkninga her er flinke til å møte opp. På adventsbasaren her er det fullt hus. Om det er på grunn av musikken eller gevinstane, er eg usikker på, men eg vel å tru at det er litt musikken også, ler Anne Marie.

Ho seier at ho har eit hjarta for å halde liv i korpset.

– Det hadde vore veldig trist om det ikkje var korps på 17. mai, seier ho.

Både Anne Marie og David håpar fleire vil finne vegen til korpslivet.

– Det må prøvast. Det gir ei meistringskjensle, og for mange er det ein veg vidare i musikken, seier David.

– Mange store stjerner har byrja i korps, og nokon held på livet ut – som oss, seier Anne Marie med eit smil.

Dei er også opptatt av å få fram at myten om at det er mykje dugnad, berre er tull. 

– Det er viktig å få fram. Det er ikkje meir dugnad i korps, det er heller mindre, seier dei.

Korleis ser de på framtida til korpset?

– Det er eg veldig spent på, men det kan sjå ut som det har losna litt. Eg håpar iallfall det, avsluttar Anne Marie.

 

Powered by Labrador CMS