
Stor skogbrannfare: – Viss du planlegg å grille i helga, gjer det under kontrollerte tilhøve
Skogbrannfareindeksen viser no raudt og mørkeraudt (stor fare) i Vestfold og Telemark.
Auka farenivå på indeksane, kombinert med høgare temperaturar, er med på å auke risikoen for skogbrann. Me må rekne med at situasjonen held fram til det kjem nedbør av betydning, opplyser Statsforvaltaren i ei pressemelding.
– No er det viktig at me viser omsyn, spesielt når me ferdast ute i naturen. Det er forbod mot open eld i skog og utmark, det vil seie at det er forbode å tenne opp grill i eller nær skog og utmark. Så viss du planlegg å grille i helga, gjer det under kontrollerte tilhøve, seier Jan Ruud, fylkesberedskapssjef i Vestfold og Telemark.
Er du usikker på om du kan tenne opp eld, la heller vere eller ta kontakt med brannvesenet, er oppmodinga.
Her kan du lese meir om reglane
Generelt bålforbod
Frå 15. april til 15. september er det i heile landet forbode å gjere opp eld i eller nær skog eller annan utmark utan løyve frå kommunen.
Ved ferdsel og opphald i eller nær skog og utmark er det no heilt nødvendig å unngå bruk av eld, og vere merksam på annan aktivitet som kan føre til gnistar.
Statsforvaltaren oppmodar alle som arbeider i eller nær skog og utmark – anten det gjeld skogbruk, jordbruk eller annan næring – om å vere svært varsame med all verksemd som kan innebere ein risiko for skogbrann.