Solfest: Tale Anonsen Kåsa hadde kledd seg ut som frosk. Ho hausta lovord frå juryen som vurdera kostyma.

Superheltar, hestejenter, frosk, robot, fuglar og Mary Poppins blant innslaga på solfesten

Det var symbolsk solskin over Dalen sentrum på laurdag då innbyggarane feira nett sola med tog, premiering for beste kostyme, suppe, kake, utdeling av solpris og underhaldning for dei minste.

– No er eg glad og letta. Veit aldri korleis vêret blir, kor mange som møter opp og det er mange andre ting ein tenkjer på når ein arrangerer slike ting som Solfesten. Men oppmøtet, vêr, kostyme og alt var bra i dag, sa sjefen for det heile, Nora Vinjerui etter enda dag.

Solfesten er ein tradisjonsrik fest for folk på Dalen. Her feirar dei at sola har kome attende etter fleire månader utan sol. Sola forsvinn frå sentrum rundt den 10. november og kjem attende rundt den 3. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stil frå 1950-talet

Mesteparten av kostyma ein såg var frå vår tid på solfesten, men Signe Gunn Timland braut den stilen. Ho hadde kledd seg som ein skiløypar frå gamle dagar med hår på brystet, nikkers, skidressjakke og lommelerke.

– Eg skulle eigentleg på Gubberennet, men fant ut at det har vore, så då slang eg meg med her. Kostymet er gjennomtenkt og eg har samla på gamle klede opp gjennom åra som kom til nytte no, sa ein feststemt Timland.

Det var premie til alle ungane som hadde kledd seg ut, og nokon fekk ekstrapremie for til dømes det mest kreative kostymet eller det beste paret fekk ein ekstra premie. Arrangementet blir arrangert av Dalen Næringssamskipnad og var den fyrste komplette solfesten sidan 2019. I 2020 vart arrangementet avlyst i siste sekund på grunn av pandemien.

Mary Poppins og ein frosk

Det var mangt å sjå av kostyme denne dagen, og kreativiteten var stor. Ungane gledde seg til anten å treffe venner, å vise kostymet sitt eller å få oppblåste ballongar forma som dyr. Tale Anonsen Kåsa (9) gledde seg fælt til det som skulle skje denne dagen og trippa rundt på torget full av energi før toget starta.

– Av storesyster låner eg froskegenseren og mor mi måla andletet mitt. Eg gler meg mest til å gå i tog og få premie, sa Tale.

Mary Poppins: Vårin Johanne Prestegard Felland som Mary Poppins. Ein av dei som verkeleg hadde gjort seg flid med kostymet sitt. Ho fekk tredjepremie av dei som går på skulen.

– Eg bruka lang tid på kostymet mitt og for å bli ei havfrue. Eg synest havfruer er veldig fine, sa Hanna Sofie Løken Vistad (3), mens ho venta på at toget skulle begynne.

Vårin Johanne Prestegard Felland er nesten som ein veteran å rekne. Tiåringen har kledd seg ut til solfesten i fleire år og valet i år var å kle seg ut som Mary Poppins, med eit særs detaljrikt kostyme.

– Mary er ein morosam figur og i dag gler eg meg mest til å treffe vener, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Delt solpris

Årets Solpris blei dela ut til Åse Lillegård og Ole Kristian Blomhaug. Det uvanlege med årets prisvinnarar er at Blomhaug er barnebarnet til Lillegård. I grunngjevinga for kven som får solprisen, står det at «personen er positiv og hjelper folk i lokalsamfunnet».

Prisvinnar: Åse Lillegård (t.h.) saman med prisutdelar Nora Vinjerui. Den andre prisvinnaren, Ole Kristian Blomhaug, var ikkje til stades under prisutdelinga.

– Åse Lillegård har gjort ein stor innsats for lokalsamfunnet, er alltid blid og har køyrd folk til butikken, til frisøren eller til andre ting, viss det har vore behov for det, sa Vinjerui når ho delte ut prisen til Lillegård.

Blomhaug har i fleire år drive Klesbua på Dalen og i grunngjevinga for prisen, står det blant anna: «Det er alltid ei glede å kome inn i butikken til Ole Kristian. Han er blid, imøtekomande og serviceinnstilt». Han gjev seg no med butikken etter mange år som sjølvstendig næringsdrivande og ynskjer å arbeide ein plass ein ikkje er så einsam. Han ynskjer seg kollegaer ein kan treffe på arbeid og arbeider no på Jernia.

Solfest: Nora Vinjerui opnar solfesten og ynskjer velkomen på torget.
Solfest: Hanna Sofie Løken Vistad hadde kledd seg ut som havfrue. Ho hadde bruka lang tid på å finpusse kostymet.
Solfest.