Dan Norheim (f.v.), Jonas Kleiv Hansen, Ådne Espedalen, Kjetil Sandvik Hegna, Bjørnar Soterud, Alf Johannes (Affen) Strand, Sander Nygård og Hans Roheim gjer seg klare til 100-meterfinalen på Åmot stadion.

Affen (53) utfordra unggutane på jobb

Det byrja med ein tilfeldig kommentar i matbrakka, men enda med 100 meter-finale på fotballbanen i Åmot. Alf Johannes Strand (53), best kjend som Affen, utfordra gutegjengen på arbeidsplassen – og fekk svar på tiltale.

Arbeidslaget til Telemark byggentreprenør (TBE), som held på med bygging og rehabilitering av småskulen i Åmot, har i fleire veker snakka om kven som eigentleg er raskast på 100 meter. Torsdag skulle det bli avgjort.

– Affen kom ein kommentar heilt ut av det blå i matbrakka ein dag, og sa «eg veddar på at eg er kjappare enn Sander på 100 meter», seier Bjørnar Soterud. 

– Eg er jo eldst her, men dei andre unggutane trur dei kan slå meg, så då tok eg like godt alle saman, ler Affen. 

Ein kommentar i matbrakka før jol førte til dagens 100 meter-finale.

Detta har dei snakka om i heile vinter, og nå skulle det altså avgjerast. 

– Det er litt greitt å vita kven som er raskast. Det er dumt å ikkje vita alt om kvarandre, og så kan ikkje berre slenge ut påstandar om ting. Så om ei lita beite er den saka død, ler Affen.

– Det er heilt riktig, seier dei andre seg einige i.

Affen hadde tidlegare vore ganske skråsikker på å slå dei andre, men etter kvart som dagen nærma seg, har han blitt mindre og mindre skråsikker.

Alf Johannes (Affen) Strand utfordra unggutane (og sjefen) til å springe 100 meter.

– Men det er ingen som trur dei tapar, smiler han.

Er det livets viktigaste 100 meter?

– Ja, det trur eg søren meg, ler Affen.

Korleis er det med nervane før start?

– Affen har nok kjent det mest. Han har vore litt dårleg i magen den siste tida, ertar gutane. 

– Du kan seie det slik at eg er den som har minst fallhøgde. For viss eg vinn over nokon av desse gutungane, må dei gå i seg sjølv. Det er jo skandale, eg kunne vore far deira, smiler han.

Det er ikkje dei andre einige i.

– Du har mest å tape, for det er du som har jassa opp dette og sagt du skal knuse oss. Hadde det ikkje vore for deg så hadde det ikkje blitt noko løping, seier Kjetil Sandvik Hegna.

– Nei, det er sant, vedgår Affen, og lurar på kvar nærmaste hjartestartar er.

Til start stiller Dan Norheim, Kjetil Sandvik Hegna, Bjørnar Soterud, Sander Nygård, Jonas Kleiv Hansen, Ådne Espedalen – og sjølvsagt Affen.

Hans Roheim stiller som startar, og hadde bytta ut startpistolen med ei lita snøreke. Den gjorde nytta si, og idet snøreka blir senka, sprintar gutane ut frå start. Dei er ganske jamne dei fyrste 50 metrane, men så dreg feltet seg ut. 

Fyrst over målstreken og soleklar vinnar vart Bjørnar Soterud.

– Sjølvsagt, gliser han sjølvsikkert.

Han hadde på førehand uttalt at det «ikkje er ein fiber i kroppen som er bekymra».

Korleis kjennest det å vinne?

– Det blir ikkje betre enn det, smiler han.

Affen kom inn på ein 4. plass, og verkar nøgd med det.

– Eg slo ein som er like gamal som sonen min, smiler han. 

For ordens skuld; Sander, som Affen meinte han kunne slå, kom i mål som nummer 2.

Vinnaren Bjørnar Soterud blir gratulert av utfordraren.

Sjølv om det var stort konkurranseinstinkt og ein snev av alvor, er det tydeleg at dei har det veldig triveleg saman og at detta fyrst og fremst handlar om fellesskap og moro. 

– Det er derfor me gjer det. Det er berre for moro skuld og er eit velferdstiltak. Det er mykje god prat i brakka og god stemning, og så har det blitt litt ut av det, seier Dan Norheim, som er prosjektleiar.

Og neste gong nokon kjem med ein kjekk kommentar i matbrakka, veit dei kva det kan ende med. 

– Det kan fort koma fleire utfordringar, seier Dan.

Etter det VTB kjenner til, vart premien til vinnaren heider og ære. Men det heng kanskje høgare enn ein skulle tru. 

Powered by Labrador CMS