Seriemeistrar: Bak frå venstre Thea Lunde, Daniella Irarrazabal, Eirin Mostøyl, Guro Storhaug, Ida Lio, Helene Heimdal, Guro Mostøyl, Linea Bekk. Framme f.v: Emira Lillegård, Mari Gaastjønn, Frida Veum, Anna Lunde.

Desse jentene blei seriemeistrar

Åmdal Tokke J15 blei seriemeistrar i sin fyrste sesong som 9-ar-lag.

Dei sikra seriemeisterskapen med å slå Langesund 5-3 på bortebane i starten av november.

Gjennom hausten har dei spela god og underhaldande fotball. Jentene har vunne sju av åtte kampar og har ein målforskjell på 43-17.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene har spela saman i fleire år og har blitt ein samansveisa og fin gjeng. Det gror godt i jentefotballen i Åmdal/Tokke, så det er berre å glede seg til fortsetjinga, melder lagleiar Anne Ragnhild Øvrebø.