Brekte truleg lårbeinet etter MC-velt

Laurdag ettermiddag vart naudetatane kalla til ei trafikkulykke på fylkesveg 37 i nærleiken av Skinnarbu på grensa mellom Tinn og Vinje kommune.

Meldinga til politiet i Sør-Aust var at ein MC hadde velta.

Det viste seg at ein motorsykkel hadde velta og sklidd over i motsett køyrefelt. Den kvinnelege føraren hadde rulla rundt, men var vaken, sat oppreist og hadde smerter i hofta då naudetatane vart varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Føraren har truleg fått eit lårbeinsbrot, og vart tatt med av ambulansen til sjukehuset, melder politiet på Twitter og legg til at dei vil etterforskar ulykka.