Byggmeistrar: Simen Greiner Nerbø (f.v.), Thomas Nordbø og Jonathan Skogheim Angre.

Eit smykke av eit bygg har kome opp i Seljord Hage

I arbeidslivsfag-timane har Simen, Jonatan og Thomas i 9. klasse med god rettleiing frå lærar Halvor Kvaale Rue jobba med bygget i heile vinter.

7. 8. og 9. klasse har hatt prosjektveke, og gruppa som arbeidde med tre kom i hagen førre tysdag å sette alt saman. Det blei skruva, saga, borra og spikka. Trepluggar blei hamra inn. Gamle hesjestaur blei nytta til veggar og den lange gode benken blei montert inni bygget.

– Her har det blitt ein fin plass å sitje med god skugge midt på dagen. Med tak over er du også i ly for regn. Rett framfor deg vil du sjå og høyre vatn som renn ned i ein liten dam, blomar og grønsaker i fleng, og hevar du blikket kan du kvile det på fjelltoppane, seier Hans Flaaten i Seljord Hage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Benken blei tatt i bruk av to forbipasserande alt før den var ferdig. Rektor tok seg også ein tur i hagen for å beundre og prøve bygget til elevane sine.

– Ein stor takk til alle involvera elevar og spesielt til dei tre flinke og hyggelege gutane som har jobba med dette over lang tid, seier Flaaten.

Han legg til at dei også har hatt besøk av ei gruppe frå Nestunet Dagsenter som prøvesat benken og beundra ungdomanes arbeid.