Irja er ordførarkandidaten til Bygdelista
Irja Helene Godal er samrøystes valt som ordførarkandidat for Vinje tverrpolitiske bygdeliste til kommunevalet 2027.
Ei berekraftig naturforvalting og langsiktig utvikling av næringslivet i bygdene, er framleis fanesaker for Godal.
- I tida me lever i no, må òg beredskapsarbeidet på alle plan haldast høgt, uttalar ho i ei pressemelding.
- Kommuneøkonomien er pressa, og me må ha ei strammare line både når det gjeld drift og investeringar. Dei grunnleggande tenestene må sikrast for å vareta innbyggarane på ein god måte. Det må framleis vere godt å bli gammal i Vinje, og å satse på barn og unge er ei investering for framtida.
Godal har representert Vinje tverrpolitiske bygdeliste i kommunestyret sidan ho blei valt inn i 2023. I same periode har ho sete i plan- og miljøutvalet og vore vararepresentant i formannskapet.
Nominasjonskomiteen er godt i gang med arbeidet sitt, og vil gjerne koma i kontakt med folk som vil engasjere seg, uttalar Jon Olav Hauge.
Partiet blei skipa før valet i 2023 og hadde utspring frå hytteopprøret i Rauland. Då valresultatet var klart, hadde den tverrpolitiske bygdelista fire medlemmer i kommunestyret i Vinje.
Blant desse var Bjørnar Christensen, som tidlegare har representert KrF i kommunestyret, og Børge Skårdal frå Venstre. Til valet neste haust er framleis Venstre med, men ikkje KrF, opplyser Bjørn Svalastoga, styremedlem i Bygdelista, til VTB.