Med mappa: Det var psykologen til «Per» som fekk han til å forstå at han måtte snakke om det vonde. Men no som han har opna opp døra til rommet inni seg med alt det vonde i, får han ikkje fred.

Kommunen visste at «Per» vart utsett for omsorgssvikt og mistenkte overgrep

Barnevernsmappa som ligg på bordet mellom oss er nær fire centimeter tjukk. I denne står det svart på kvitt at mareritta til «Per» har rot i røyndomen.

Mannen framom meg er i 40-åra. Han har ikkje arbeid, men prøver å halde seg i aktivitet.

– Det er godt å ha noko å drive med, seier «Per». Stemma hans er jamn og lågmælt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er vanskeleg å fokusere noko særleg lenge av gongen.

Han heiter ikkje Per, men me kallar han det av omsyn til den næraste familien hans. Rett nok er mange av dei som har gjort han vondt borte, døde. Men ikkje alle.

Det var psykologen til «Per» som fekk han til å forstå at han måtte snakke om fortida. Men no som han har opna opp døra til rommet inni seg med alt det vonde i, får han ikkje fred. Det er derfor han har kontakta VTB.

– Sanninga må bli fortalt. Den har lege under teppet lenge nok, seier han bestemt.

Les svara frå kommune og barnevern her:

Les også
Systemet svarar: – Dersom «Per» er ueinig i vurderinga som er gjort, er det viktig at han formidlar dette

Skitt og skjellsord

Det fyrste møtet med barnevernsmappa si fekk «Per» då mor hans døydde for nokre få år sidan, og han fann mappa blant tinga hennar. Seinare har han fått sin eigen kopi tilsendt frå barnevernet. Det er denne som ligg på bordet no, og etter dette fyrste møtet med «Per» får VTB ta med heile mappa, og studere i detalj kva som står der.

Nokre ting som står i barnevernsmappa er kjent stoff for «Per», i alle fall delvis. Han har jo vekse opp i denne heimen.

Han visste frå før at mor hans sjeldan var heime, og at han og søskena ofte var overlatne til seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

At mora hadde dårleg omsorgsevne og ein forferdeleg språkbruk mot både ungane og andre.

At det var dokumentert at det føregjekk grove overgrep i familien.

Men dokumentasjonen som møter han når han opnar mappa si og les, gjer han overvelda.

Det fyrste dokumentet er frå «Per» er 5 år. Det gjeld husmorvikarane – altså personar som på oppdrag frå kommunen skulle gjere huslege oppgåver som matlaging og barnepass i heimen for å avlaste mora, som var åleineforelder.

Dokumentet handlar om at husmorvikarane melder frå om at tilhøva i heimen er så ufyselege at dei ikkje vil jobbe der meir. Ifølgje rapporten til barnevernstenesta uttalar dei at det var «uforsvarleg å ha ungar i huset med dei sanitære tilhøva som råda». Husmorvikarane rapporterer også om at dei høyrer mor bruke dei grovaste skjellsord mot barna.

– Det må jo ha skjedd mykje før denne saka. Nokon må jo ha sett inn tiltaket med husmorvikarar, sett at det var behov. Kvar er alle dei dokumenta? undrar «Per».

Det er likevel dokument blant papira han har fått som fortel korleis han vart tatt hand om dei fyrste fem leveåra. Ho som var helsesyster i kommunen i denne perioden skriv eit samandrag til sin etterfølgjar om «Per», og dette samandraget er i barnevernsmappa.

Denne helsesystera uttrykkjer at ho er særs bekymra for «Pers» oppveksttilhøve, og skriv at han «vart ofte overlatt til seg sjølv (og tilfeldigheitene) som liten». Mor kom på få kontrollar på helsestasjonen det fyrste leveåret hans. Seinare hende det at han vart tatt med på kontrollar av søsken. Som sambygding la også helsesyster merke til at «Per» var åleine ute til nær sagt alle døgnets tider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen hadde ikkje tilgjengeleg kunnskap om ein slik alvorleg omsorgssvikt i familien, som kunne gitt grunnlag for at ei omsorgsovertaking var naudsynt og til barnas beste.

Dei vonde draumane var verkelege

Men det er langt verre barndomsminne enn einsemd, skitt og skjellsord som har heimsøkt «Per» som vonde draumar. I barnevernsmappa les han at mareritta har rot i røyndomen.

Han les vitnemål frå ein person som har gripe inn medan ein mann i moras omgangskrins begår seksuelle overgrep mot «Per», som har bleier på seg på dette tidspunktet.

Ein annan stad i barnevernsmappa står det at «Per» vart tidleg reinsleg. At han slutta med bleier i 2-årsalderen.

Dei to opplysningane koplar seg saman, og det går opp for «Per» kor liten han var då det skjedde. Hendene hans begynner å skjelve.

Han les referat frå samtale mellom barnevernet og mor, der han ser korleis mora reagerer på seksuelle overgrep ho veit ein mann har begått mot hennar son.

«Det var så lenge sidan,» var moras kommentar.

«Det er vanskeleg å seia om (mors namn) skjønar alvoret i det ho seier», skriv den barneverntilsette, som er referent.

«Taus, lidande, samankropen»

Den hausten «Per» fyller åtte år skjer det mykje på få månadar. Kommunen vil ha omsorgsovertaking for «Per», og alt er klart for å handsame saka. Men i siste liten kontaktar mor advokat, og overtakingssaka vert utsett. Det skal gå ni månadar før det igjen er klart for å handsame omsorgsovertakinga. I mellomtida vert dei grove overgrepa i familien avdekka, og med denne kjem mistanken om at «Per» er utsett for seksuelle overgrep.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sosialleiaren i kommunen meiner det er sannsynleg at fleire av barna i familien er utsette for overgrepa. Ho skriv:

«Desse ungane har heile oppveksten sin vore dominerte av mor. Dei har og vore dominerte i eit seksuelt misbruk. Dei har «lært» å la seg dominere og at dei er til for å dekke behova til dei vaksne. Borna er difor ikkje i stand til å setje grenser korkje for kven som kan koma inn i heimen eller det å setje grenser for moglege nye seksuelle overgrep eller annan fysisk eller psykisk mishandling.»

«Per» reiser seg og går ut. Tek eit par trekk av ein sigarett. Kjem inn att.

Han kan fortelje om fleire overgrep enn me les om i mappa, både i heimen og frå folk utanfrå. Desse har ingen avdekka.

Det er vondt for «Per» å lese at kommunen såg så tydeleg faren for at det ville skje, og at dei likevel let han bli buande i denne heimen.

I barnevernsmappa står det at «encoprese» var ein gjengangar i «Pers» helsetilstand som barn. Det betyr problem med lukkemuskelen i rumpa. I samband med overgrepsmistankane vert «Per» undersøkt av kommunelækjaren, og hans rapport er i barnevernsmappa. Han merkar seg «Pers» angst for å bli undersøkt. Dette gjer han bekymra.

«Etter kvart heilt taus, lidande og samankropen, med andletet gøymt i den eine handa. Mor svarar med at han ikkje gidd å gå på do, og derfor gjer i buksa,» skriv lækjaren i rapporten.

I barnevernsmappa kjem det også fram at det vert oppretta politisak, med bakgrunn i bekymringane til sosialleiaren for at «Per» og hans søsken kan ha blitt utsette for seksuelle overgrep.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Per» vert i tillegg undersøkt på barnepoliklinikken på Aker sjukehus. Denne legen skriv at «Per» har endringar i endetarmsregionen som «kan vere foreinleg med eit seksuelt overgrep».

Politisak: Det vert oppretta sak hos politiet i samband med mistanken om at «Per» og syskena hadde blitt utsett for seksuelle overgrep. «Per» er 8 år på dette tidspunktet.

Advokaten og den sakkyndige

I barnevernsmappa til «Per» står det at barnevern og kommune har kunnskap om skadeverknadene av omsorgssvikten «Per» opplever. I samband med saka om omsorgsovertaking, skriv sosialleiaren og barnevernskonsulenten ei vurdering der dei peikar på konsekvensane av den usikre og utrygge kvardagen til «Per» og søskena:

«I barnepsykologien står dette sentralt, og konsekvensane av mangel på trygge tilhøve er tilstrekkeleg slått fast: Barna kan bli varig skada, og deira utvikling vil vere i ein vesentleg faresituasjon,» skriv dei to.

Varig skadd: Sosialleiar og barnevernkonsulent viser til fagkunnskap og skriv at ein veit at det er skadeleg for barn å vekse opp i ein så utrygg heim som den «Per» bur i. Han er om lag 8 år på tidspunktet der dette vert skrive.

Men mor til «Per» har skaffa seg advokat, og i barnevernsmappa hans kan ein lese korleis advokaten avfeiar dokumentasjonen og bekymringane til sosialkontor og barnevern som «relativt tilfeldig og lite tufta på faktisk kunnskap».

Ein sakkyndig psykolog kjem også på banen etter initiativ frå mors advokat. Han er oppteken av at ein må forstå mors traume. Den sakkyndige meiner det er ein «sikkerheitsventil» for mor å stikke heimafrå, og at barna ikkje er er tent med at ein pressar mor til å vere meir heime. «Om ho bli gåande for mykje heime er det rapportar som tyder på at ho blir meir aggressiv og desperat», skriv han i si vurdering.

Den sakkyndige som mors advokat fekk på banen argumenterer også med at «Per» sjølv, den eine gongen han fekk til ei samtale med han, sa at han vil bu heime. Vurderinga er at «Per» er veldig knytt til mor, søsken og nabolag.

Den andre samtala mellom den sakkyndige og «Per» vart ikkje noko av. Den sakkyndige skriv i sin rapport at «Per» hadde stukke av, og at det ifølge mor var fordi han var så redd for at nokon skulle ta han ut av heimen.

«Per» berre ristar på hovudet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mor mi hadde full kontroll. Me fekk klar ordre om kva me skulle svare viss nokon fekk tak i oss til samtalar om korleis me hadde det. Og helst skulle me stikke ut bakdøra viss nokon kom og ville treffe oss.

I samtale med kommunen 25 dagar før saka om omsorgsovertaking skal handsamast vert mor til «Per» referert på at ho ikkje trur det vert noko av omsorgsovertakinga. «Og vert det noko av, skyt eg både meg sjølv og ungane,» seier mor, ifølge referat frå samtala skrive av den kommunalt tilsette.

«Pers» undersøking på barnepoliklinikken skjer 20 dagar før saka skal handsamast. Ei undersøking der konklusjonen var at endringane kring «Pers» endetarm kunne ha samanheng med seksuelle overgrep.

Ein ny heim stod klar

Handsaminga av saka om omsorgsovertaking er eit vendepunkt i historia om «Pers» barndom. Eit vendepunkt der alt kunne blitt heilt annleis, der han kunne blitt redda bort frå kaos og overgrep.

Ni månadar etter at saka opphavleg stod på dagsorden skal den endeleg bli handsama. Kommunen vil redde «Per» ut av heimen. Ein familie står klar til å ta oppdraget. Mor skal berre få avgrensa besøksrett, utan overnatting.

Saka vert handsama av kommunens helse- og sosialstyre, som fungerer som barnevernsnemnd. «Per» er no åtte og eit halvt år.

Saka omfattar mange vitne og dokument, og er «meget omfattende og vanskelig», skriv nemnda.

Fleire klare stemmer frå sosialteneste og barnevern argumenterer for at «Per» må hentast ut av heimen.

Konklusjonen frå barnepoliklinikken om at det kan vere ein samanheng mellom «Pers» tilstand og seksuelle overgrep ligg fast, og lokale legevitne har «ikkje grunnlag til å overprøve denne».

Ein husmorvikar vitnar. Ho arbeidde periodevis i heimen i «Pers» fem fyrste leveår, og skildrar heimen og tilhøvet mellom mor og barn som normalt. Husmorvikarane som kort tid etter melde ifrå det var «uforsvarleg å ha småungar i huset» vitna ikkje.

Den mest tydelege motvekta til bekymringane som vert ytra kjem elles frå skulen. Dei er lite bekymra, og meiner at «Per» «stort sett fungerer som andre barn».

– Eg trur ikkje dei ferska så mange andre andreklassingane i skogen medan dei dreiv og røyka fullt av røykpakker dei hadde naska, kommenterer «Per».

Barnevernsnemnda endar med å samrøystes røyste ned omsorgsovertakinga.

Dei seksuelle overgrepa som barnepoliklinikken meiner «Per» kan ha blitt utsett for, vert parkert med denne grunngjevinga: «Det er dokumentert medisinske undersøkingar der det konkluderast med at det ikkje er haldepunkt for å anta at slike handlingar kan ha funne stad.»

Informasjonen nemnda viser til i denne grunngjevinga finst ikkje i «Pers» legerapport. Der står det tvert imot at endringane kan ha samanheng med seksuelle overgrep.

Barnevernsnemnda grunngjev vedtaket med at ei omsorgsovertaking ville vere «ei meirbelastning for barna», i tråd med det den sakkyndige har vurdert. At det held med «tett oppfølging frå det offentlege si side».

Men noko tett oppfølging vert det ikkje. Etter at overtakingssaka er over, går månadane utan at oppfølgingstiltak vert sett inn.

Mors advokat etterlyser også tiltaka, då dei framleis ikkje er sett inn eit halvt år etter vedtaket om å ikkje gå til omsorgsovertaking. «Per» har no fylt 9 år.

Eitt av tiltaka er jamleg tilsyn i heimen. Dokument i barnevernsmappa viser at det går minst to år før dette er på plass.

«Per» rekk å bli 12 år før han får ein støttekontakt.

– Men han var heilt fantastisk, seier «Per» varmt.

Når «Per» er i starten av tenåra kjem det eitt tiltak til som fungerer. På initiativ frå ein ny støttekontakt får «Per» noko økonomisk stønad som går rett til han, til fritidsutstyr og –aktivitetar, og denne støttekontakten passar på utstyret og tek «Per» med på aktivitetane.

Det var særleg to tilsette på sosialkontoret som stod på og fekk gjennomslag for desse tiltaka.

– Utan dette trur eg ikkje at eg ville ha klart å leve vidare, seier «Per».

– Men i mitt tilfelle kom det litt for seint.

– Eg skammar meg ikkje lenger

«Per» er langt ute i tenåra før han kjem seg unna heimen og alt det vonde han vert utsett for der. Han fortel at skam og redsle har gjort at han har halde alt det vonde skjult for seg sjølv og andre i mange år.

I periodar har han drukna opplevingane han ville gløyme i rusbruk. Dette starta alt i ungdomsskulen.

– Eg fortalte dette til barnevernet då eg var inne på samtale med dei som far, seier han.

– Eg la alle korta på bordet.

Etter moras død oppsøker «Per» psykolog og får diagnosen posttraumatisk stressliding (PTSD). Litt etter litt har han begynt å opne opp om alt det vonde.

– Eg skammar meg ikkje lenger over det som har skjedd. For eg veit at det ikkje er mi skuld, seier han roleg og bestemt.

Han kontaktar advokat kort tid etter moras død, og i april 2021 får «Per» tilsendt ein kopi av mappa si frå barnevernet.

Våren 2022 sender advokaten ein førespurnad til kommunen på vegner av «Per» om korleis dei stiller seg til å utbetale erstatning for å ha lete han vekse opp i ein så skadeleg heim.

– Tenk for ein forskjell det hadde gjort om eg hadde fått flytte til den fosterfamilien, seier «Per». No skin smerta tydeleg gjennom. For han er bildet glasklart.

– Eg trur det kontrollerande vesenet til mor mi vann fram, og me ungane vart ofra, seier «Per».

– At mor mi fekk bestemme. Ho fekk det akkurat som ho ville.

Sjølv om han overlevde barndommen, seier «Per» at livet hans har vore ein kamp. Han slit med å konsentrere seg, og skildrar korleis han kan drive med arbeidsoppgåver, og så berre totalt falle ut av det.

Inntekta hans har vore skral, men i oversikta over årsinntekt er det eit vesentleg hopp opp for nokre få år sidan.

– Det var då mor mi døydde, nikkar «Per».

Sjølv på mils avstand opplevde han at ho heldt han som i eit jerngrep heilt til det siste. Då dette grepet slapp taket, kjende han at arbeidskapasiteten hans auka.

– Men det vart eit kort blaff, for etterpå har eg stått i alt dette, seier «Per» og legg handa på mappa.

14 månadars sakshandsaming

Det går over eit år før «Per» får svar på tilvendinga si om erstatning. Medan saka vert handsama er det ingen møte eller samtalar med representantar frå kommunen. Ingen medmenneskeleg kontakt mellom «Per» og systemet i det heile.

«Per» prøver i mellomtida også å få tak i journalane sine frå lege og helsestasjon.

– Men alt fram til 13-årsalderen er borte. Det finst ikkje, seier han.

Når svaret kjem, er det i form av eit 7,5 sider langt brev frå kommunens advokat, som meiner at kommunen ikkje har erstatningsansvar overfor «Per».

Dette svarbrevet kjem til advokaten hans i juni i 2023, om lag 14 månadar etter at førespurnaden frå «Per» vart sendt til kommunen. I mellomtida har «Per» gjeve opp å spørje advokaten om det har kome svar. Så sluttar advokaten i jobben, og når svarbrevet kjem, vert det liggande hos advokatkontoret i nokre månadar.

Det avvisande svaret kjem derfor fram til «Per» i november 2023, omtrent samstundes som VTB skriv om at ein vesttele har fått erstatning for tapt barndom frå kommunen personen vaks opp i. «Per» forstår at kommunen det er snakk om er den same kommunen som han sjølv vaks opp i.

Les også
Får 1,6 millionar i erstatning for tapt barndom

Han les i VTB at denne personen kontakta kommunen tidlegare same år for å be om erstatning. Lenge etter «Pers» tilvending, med andre ord. Saka vart handsama av kommunen, og det vart vedtatt å utbetale 1,65 millionar kroner til personen.

Kommunen «kjenner ikkje til saka»

– Me møter enkeltindivid som tek kontakt og tek det derifrå, uttalar sakshandsamaren i kommunen til VTB i samband med erstatningsutbetalinga i november.

Den same sakshandsamaren uttalar også følgjande:

– Me er opptekne av å møte slike saker som medmenneske og med respekt. Ingen kan vinne slike saker, men ein kan alltid prøve å finne fram til dei klokaste løysingane.

VTB er kjent med at kommunen gjorde undersøkingar knytt til erstatningssaka i november. Dei snakka med vitne som kunne bekrefte stoda. Dei hadde samtalar med offeret. Dei konfererte med advokat med erfaring med slike saker, og kom så fram til ein passande erstatningssum. Alt i løpet av få månadar.

«Per» si sak har følgd eit heilt anna spor.

Ifølgje kommunen kjenner dei ikkje til saka til «Per». Dei seier at brevet med kravet hans aldri har blitt registrert hos dei. Saka hans har hamna hos det interkommunale Barnevernsamarbeidet. Det er dei som avviser at kommunen har erstatningsansvar.

Rett før jol 2023 må «Per» avslutte psykologtimane. Han har ikkje råd til å betale for dei.

Det har på dette tidspunktet gått nesten ein månad sidan VTB begynte å stille spørsmål til kommunen om saka hans og måten den har blitt handsama på. Framleis har ikkje eit menneske frå systemet kontakta han på noko vis.

For han opplevast det som kommunen helst vil helst feie heile denne saka under teppet. Han legg handa på mappa si, på papirstabelen som forklarar så mykje om eit øydelagt liv.

– Men det går eg ikkje med på. Denne saka har lege under teppet lenge nok no.

Fram i ljoset: Her held «Per» papirstabelen som forklarar mykje om eit øydelagt liv. Hans liv. No skal saka fram i ljoset.

Eit ljospunkt i mørkret

At barnevernsnemnda vedtok å ikkje gå til omsorgsovertaking då «Per» var 8 år er eit faktum.

Men «Per» lurar på kvifor denne nemnda, med all kunnskapen dei hadde frå fleire kommunale etatar og einskildpersonar om alvorleg omsorgssvikt, og med rapportar og vitnemål som peika i retning mot at overgrep kunne ha skjedd og kunne skje vidare, likevel let han bli buande i denne heimen.

Dette spørsmålet har han stilt seg kvar dag i meir enn tre år, og i det siste halvtanna året har han venta på kva kommunen har å seie om saka.

I november fekk han altså svar. Han blar til slutten svarbrevet.

«Kommunen hadde ikkje tilgjengeleg kunnskap om ein slik alvorleg omsorgssvikt i familien, som kunne gitt grunnlag for at ei omsorgsovertaking var naudsynt og til barnas beste.»

Både i barnevernsmappa si og i seg sjølv finn «Per» informasjon om det motsette. Om at alvorleg omsorgssvikt og overgrep gjekk føre seg. Om at systemet beskytta mor hans heller enn ungane.

Det einaste ljospunktet for «Per» no er at barnevernet nyleg ringte han.

Tre år etter dei fyrste tilvendingane hans til barnevernet for å få mappa si.

Meir enn halvtanna år etter det konkrete brevet der han spør om kommunen tek erstatningsansvar.

Over eit halvt år etter barnevernsadvokaten sende 7,5 sider med nei til erstatningsansvar.

Over ein månad etter VTB begynte å stille spørsmål om saka.

No vil systemet for fyrste gong møte mennesket «Per» for å snakke om saka hans.