Fire personar står og sit samla rundt eit bord i eit møterom.
Framme frå venstre: Eivor Jønholt Metveit (leiar), Trygve Lie Lundeberg (nestleiar), Luzzy-Sofie Lundevall Hauge og Vetle Aamot i Kviteseid ungdomsråd. (Marte Straand er også med i ungdomsrådet, men var ikkje tilstades på møtet)

Dette står på ynskelista til dei unge

Ungdommane i Kviteseid ynskjer seg ein felles møteplass, meir tilgang til helsesjukepleiar og tryggare skuleveg. Nå ber dei politikarane prioritere behova deira i budsjettet.

Publisert

Ungdommane i kommunen saknar ein møtestad, og arbeidet med å få dette på plass er i gang. Ungdomsrådet har mellom anna laga ei underskriftskampanje der alle elevar frå 7. til 10. klasse og lærarar har fått høve til å signere på at det er ynskje om å etablere ein ungdomsklubb på det gamle biblioteket.

– Me merkar at behovet om å ha ein felles plass der me kan møtast er ekstra stort nå på hausten, seier Luzzy-Sofie Lundevall Hauge.

Ei arbeidsgruppe, mellom anna med representantar frå kommunen og frivilligsentralen, jobbar nå med lokalisering og finansiering, og ungdomsrådet vedtok torsdag at leiar av ungdomsrådet Eivor Jønholt Metveit og Lundevall Hauge skal bli med neste gong arbeidsgruppa kjem saman. 

– Me trenger fleire ungdomstilbod, og aller mest ein møteplass, seier leiar av ungdomsrådet.

Dei andre ungdommane meiner ein møtestad er forebyggjande, og minnar om at det er ikkje alle ungdommar som spelar fotball eller går på andre aktivitetar. Det er behov for ein felles møtestad der alle kan kome saman.

Det er ikkje sett av pengar til ungdomsklubb i budsjettet for 2027, men dette tilbodet er høgt prioritert av ungdommane, og noko dei vonar vil løyse seg innan kort tid.

Større behov på skulen

Kommunens budsjett for 2027 og komande økonomiplan stod på sakskartet i ungdomsrådet torsdag. I staden for å gå gjennom eit langt budsjettframlegg, ynskte kommunedirektøren som var vikar som sekretær i møtet, å høyre kva ungdommane er opptekne av. 

– Kva ynskjer de at kommunen skal bruke pengar på i tida som kjem? 

Ungdomane spela inn ynskje om at helsesjukepleiaren bør kome oftare på skulen. 

– Det er eit større behov enn det tilbodet me har i dag. Nå er helsesjukepleiar innom ein gong annakvar veke, er det ungdom som treng snakke med ho bør tilbodet vere oftare, meinte Vetle Aamot.

Ungdommane var samde om at funksjonen er veldig viktig.

– Elevane treng å kunne snakke med helsesjukepleiaren, ein som ikkje er lærar på skulen og som me møter heile tida, sa Trygve Lie Lundeberg og ungdomsrådet meinte to besøk i veka hadde vore eit betre tilbod. 

Ungdommane meinte også at det er synd at tilbodet om miljøterapeut ikkje finst på skulen nå, og trur nokre elevar var meir på skulen då ho var der.

Farleg i mørkret

Eit anna innspel til budsjettet var utbetring av ljos på gang- og sykkelvegen frå sentrum til Kviteseidhallen. 

– Nokre gonger er det heilt mørkt på gangvegen mellom misjonshuset og Kviteseidhallen, eller bort mot sentrum. Det kan vere farleg å gå og sykle der, ein ser ingenting og kan hamne i grøfta, sa Lundevall Hauge. 

Vetle Aamot meinte også ein burde ruste opp dekket på sykkelvegen mellom Kvito og sentrum. 

– Den er full av hol og humpar, sa han.

Ungdommane minna også om at dei ynskjer seg betre kollektivtilbod. 

– Kjem ein seg til Seljord, er det fleire bussar, men ikkje frå Kviteseid, uttala dei.

Ungdomsrådet meinte også at elevane ved Kviteseid skule bør få meir symjeundervisning.

– Ikkje alle elevar kan symje når dei går ut av 10. klasse. Alle må bli trygge i vatn, uttala utvalsleiaren. 

Siste punkt på lista over innspel til budsjettet handla om skuleturar. Kviteseid skule har i ei årrekkje hatt tradisjon med å ta med elevane på ulike skuleturar både til Gaustatoppen og Ordalsåta i tillegg til Heivatn som ligg nærare skulen. 

– Desse turane har stoppa opp på grunn av at skulen ikkje har pengar til buss, me ynskjer meir variasjon, sa Jønholt Metveit.

Ungdomsrådet meiner dei ulike skuleturane bør vere obligatorisk, og la til at ein får sjå ulik natur, vere meir saman, det er sosialt og god folkehelse. 

– Engasjerte ungdommar

Siw Haugland Børresen som er med som koordinator for ungdomsrådet rosar innsatsen og engasjementet til undomane. Det gjorde også kommunedirektør Laila Thorsen, som var vikar for Olav Kaasa, som vanlegvis er sekretær for ungdomsrådet. 

– De er skikkeleg flinke og kjem med gode innspel til politikarane som skal handsame budsjettet neste veke. Det er slik ein kan vere med å påvirke. De er ein fin og engasjert gjeng, dette er nok framtidige politikarar, rosa kommunedirektøren. 

Powered by Labrador CMS