Solveig vil bli ordførar
Kviteseid Arbeidarparti har valt sin ordførarkandidat til neste års kommuneval.
Solveig Nekstad Grave er øvst på lista til Kviteseid Arbeidarparti når det er kommuneval hausten 2027. Nummer to på lista er Kjartan Lid.
Nekstad Grave kjem frå Vrådal, er leiar av Kviteseid Arbeidarparti og har lang fartstid i kommunepolitikken. Ho er gruppeleiar denne perioden, og var også ordførarkandidat ved valet i 2023. Det vart då eit svært jamt valresultat der berre fem stemmer skilte mellom dei tre største partia, KrF, Ap og Sp. KrF fekk då 334 stemmer, Ap 330 og Sp 329, og som kjent vart det samarbeid mellom KrF og Sp.
På Facebook skriv Nekstad Grave at ho er glad og og veldig motivert for å vere partiet sin ordførarkandidat.
– Me har mange gode kandidatar som skal stå på lista vår, men me har plass til fleire så eg hadde blitt veldig glad om nokon tek kontakt og vil vere med oss, skriv ho på Facebook.