Torgeir fekk kulturprisen
I fleire tiår har Torgeir Nordal samla, dokumentert og formidla historia til Nissedal. Fredag kveld blei han heidra med kommunen sin kulturpris.
Ungdomslaget Vårsol hadde dekt til 96 personar på ungdomshuset Solborg fredag kveld, og det var ikkje att ein einaste ledig stol.
Eitt av høgdepunkta på programmet var utdelinga av Nissedal kommune sin kulturpris. Kulturprisen skal løfte fram personar, lag eller organisasjonar som gjennom sitt arbeid har sett varige spor etter seg i kommunen sitt kulturliv.
– Det har denne prisvinnaren gjort, og me kjem til å ha glede av det i generasjoner, sa ordførar Ian Parry-Jones då han introduserte prisvinnaren.
– Det er med stor glede eg i dag deler ut Nissedals kulturpris til historikaren, forfattaren, samlaren og eldsjelen Torgeir Nordal, sa ordføraren.
Det var ein rørt prisvinnar som tok imot kulturprisen.
– Eg har halde på med dette sidan 1980. Det er moro med ei anerkjenning for det, sa Nordal.
Dette er grunngjevinga for prisutdelinga:
Gjennom mange år har Torgeir Nordal lagt ned eit omfattande og allsidig arbeid for å ta vare på, dokumentere og formidle kulturhistoria i Nissedal. Han har vist eit særleg engasjement for bygda si historie og kulturarv, og har gjennom eigne initiativ og frivillig innsats gjort kunnskap tilgjengeleg for både dagens innbyggjarar og komande generasjonar.
Torgeir var prosjektleiar for jubileumsboka om Nissedal og Treungen kyrkjer, eit arbeid som resulterte i ei viktig kulturhistorisk bok. Han har òg hatt ei sentral rolle i arbeidet med å få Treungenmadonnaen tilbake til bygda og i arbeidet med å ta vare på og synleggjere kulturhistoriske verdiar som har stor tyding for lokalsamfunnet.
Gjennom fleire tiår har han samla og dokumentert postkort, fotografi, posthistorie og anna kjeldemateriale frå Nissedal og Treungen. Dette representerer eit kulturhistorisk arbeid av stor verdi. Samlingane hans har ikkje berre bevart viktig lokalhistorie, men også gjort ho tilgjengeleg for andre gjennom utstillingar, publikasjonar og kulturformidling.
Som skribent og lokalhistorikar har han gjennom mange år gjort lokalhistoria levande for nye generasjonar. Gjennom artiklar, foredrag og formidlingsarbeid har han bidrege til å styrkje interessa for lokal historie og lokal identitet.
Kulturarbeidet til Torgeir Nordal er kjenneteikna av grundigheit, kunnskap og eit ekte engasjement for lokalsamfunnet. Arbeidet har i liten grad vore prega av store ord og synlege markeringar, men desto meir av tolmodig og langsiktig innsats over mange år.
I ei tid der mykje av historia vår lett kan gå tapt, har Torgeir Nordal teke vare på viktige delar av Nissedal si kulturarv og gjort ho tilgjengeleg for andre. Innsatsen hans har stor verdi både for dagens innbyggjarar og for framtidige generasjonar.