14 ungdomar frå heile landet vart plukka ut. Éi av dei er Tuva frå Dalen
Tuva Smalås Bergheim satsar på skiskyting. I helga fekk ho skiskyttaranes MOT-pris. Prisen handlar ikkje om prestasjonar, men om kva slags menneske utøvarane er.
MOT Norge er ein organisasjon som tilbyr førebyggande og haldningsskapande program til skular i Noreg. Målet er å utvikle robust ungdom som inkluderer alle. Organisasjonen samarbeider med Norges Skiskyttarforbund der dei saman set fokus på utvikling, lagspel og det å vere ein god rollemodell.
Dette er eit tilbod til landets 15-16-åringar, og kvart år får til saman 14 ungdomar, sju gutar og sju jenter, MOT-prisen. Det er alltid ein gut og ei jente frå kvar av dei sju regionane som får prisen, og i år gjekk årets MOT-pris for jentene i region sør, Vestfold, Telemark, Agder og Rogaland, til Tuva Smalås Bergheim frå Dalen.
Prisen vart delt ut på Geilo i helga, og vinnarane fekk då vere med på sesongopninga. Skiskyttarforbundet og MOT hadde då fullt opplegg med treningar saman med landslagstrenerane, dei fekk møte landslagsutøvarar kvar kveld då dei fekk lære av dei og stille dei spørsmål.
I tillegg fekk dei unge prisvinnarane eit fullt sett med landslagstøy, delta på MOT-foredrag og VIP-tilgang til alle konkurransane.
Dette var ei stor oppleving for dei unge utøvarane. For Tuva var det spesielt stort å få éin til éin skytrening av landslagstrenar Sverre Olsbu Røiseland. Han gav gode tips om korleis ho kan bli endå betre. Det var også lærerikt å ha langrennsteknikk med Marte Kristoffersen og Ronny Hafsås.