Kan ei gamal badstoge som dette seie noko om kven me er?

– Ja, svarar Trond Arild.

Han kjempar mot klokka og kunnskapsløysa for å minske tapet av bygningsarven vår.

– Det  er som å snu ei skute som seilar medstraums ned ei elv.

Bygningsvernaren

I seks år har Trond Arild Pedersen køyrd land og strand rundt i fylket vårt – eit einmanns bygningsvernsenter med eitt einaste mål: Å hjelpe folk å ta vare på verneverdige bygg. Frå nyttår kan tenesta han har bygd opp forsvinne.

Publisert Sist oppdatert

Det er tre aktørar som er viktige for å ta vare på bygningsarven vår, ifølge Pedersen: Huseigarar, handverkarar og kommunar.

Alle desse tre manglar ofte føresetnadane dei treng for å ta vare på bygga. Pedersen sin jobb er å hjelpe dei.

Bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen

Huseigarane treng kunnskap om kva tiltak som skal gjerast og kva handverkskompetanse dei bør leite etter.

Handverkarane treng å vere mange nok, og dei treng kompetanse i å vedlikehalde og reparere dei verneverdige bygga med teknikkar og materialar som er tru mot opphavet.

Kommunane treng oversyn over bygningane som er verde å ta vare på, og ha ein kulturminneplan for desse som byggesaksavdelinga kan bruke når dei får inn søknadar om tiltak.

Bygningsvernrådgjevaren sin jobb er å fylle hola kunnskapen og kompetansen til desse aktørane.

Han reiser gratis rundt på synfaring til private huseigarar, og gjev råd om kva dei bør gjere med bygga sine. På seks år har han vore på kring 500 synfaringar. 

Mot betaling hjelper bygningsverntenesta også kommunar med å få eit betre grunnlag for sakshandsaming av søknadar om tiltak på verneverdige bygg.

Vidare skipar han  til kurs, seminar og møtestadar for handverkarar, som Handverksdagane i Langesund. Å nå fram til handverkarane, både elevar, lærlingar og dei som er i arbeid, har ein verdi for bygningsarven vår som knapt kan overdrivast, meiner Pedersen. Grunnen til det er at handverkaren ser bygget frå innsida, og ein er avhengig av dette handverkarblikket for å forstå bygget fullt ut.

– Her har me tatt store steg i feil retning frå andre verdskrigen og framover, seier Pedersen.

Kostnad: 1,5 millionar kroner

Telemark fylkeskommune har betalt for bygningsverntenesta sidan ho vart oppretta i 2019. I starten var budsjettet på ein halv million kroner, men frå 2023 auka politikarane summen til bygningsverntenesta til 1 million kroner. I 2026 auka summen igjen, til 1,5 millionar kroner.

Pengane blir overført til Vest-Telemark museum, og utgjer budsjettet til bygningsvernrådgjevingstenesta. Sidan museet er kontorstaden til bygningsvernrådgjevaren, skulle ein kanskje tru at han har brukt mykje tid på vedlikehaldsprosjekt i museets rikhaldige bygningssamling, som inneheld sjeldne skattar som Stålekleivloftet med sitt krevjande vedlikehaldsprosjekt.

Det gjer han ikkje.

– Faktisk har eg knapt vore involvert i bygningsvern på museet i det heile desse seks åra, forklarar Pedersen.Hans tid blir brukt på handverkarar, private huseigarar,  kommunar – og bilkøyring.

Skulle helst vore tre. No kan det bli null

For bilkøyring blir det mykje av når huseigarar, handverkarar og kommunar over heile Telemark er målgruppa, og målsettinga er 80 synfaringar kvart år. Ideelt sett skulle bygningsverntenesta derfor vore utvida, meiner Pedersen.

– Me skulle hatt ein rådgjevar i Grenland og ein i Aust-Telemark, i tillegg til ein i Vest-Telemark, seier han.

Det ville betydd mindre køyring, fleire synfaringar, meir rådgjeving, meir kurs retta mot varetaking av verneverdige bygg, og ved større arrangement som Handverksdagane ville dei ha vore eit lag til å dra lasset.

– Å vere berre éin gjer at bygningsvernrådgjevaren blir ein altfor liten smørklatt smurt ut over ei altfor stor brødskive, seier Pedersen. Dessutan er det sårbart. Dersom Pedersen sluttar, forsvinn alt han har bygd opp av nettverk og kompetanse dei siste seks åra saman med han.

Det er det som kan skje over nyttår, for i økonomiplanen for 2027–2030 som fylkesdirektøren i Telemark la fram 28. oktober er bygningsverntenesta føreslått kutta.

Fylkesdirektør Ketil Reed Aasgaard vil kutte bygningsverntenesta.

I grunngjevinga knytt til kutt av bygningsverntenesta viser fylkesdirektøren til at det er «naudsynt å prioritere dei økonomiske ressursane til tiltak og prosjekt som treffer mål i Telemarksplanen.»

Han skriv vidare:

«Det er ei teneste som treffer godt og som mange eigarar av freda bygg har nytt godt av, likevel er vurderinga at ei avvikling av dette tilbodet er det som rammar heilskapen av det fylkeskommunale oppdraget på kulturfeltet minst,» skriv fylkesdirektøren i si vurdering.

Kulturarv i Telemarksplanen

Telemarksplanen er fylkeskommunens plan for Telemark 2024–2028. Den skal vere grunnlaget for politiske vegval og retningsgjevende for prioriteringar i fylket.

VTB har gjort eit søk i denne planen etter kulturarv, kulturminne og kulturmiljø. 

På side 10 omtalast verdien av tradisjonshandverket: FNs konvensjon om immateriell kulturarv likestiller kunnskap og ferdigheiter som er formidla gjennom generasjonar som like verneverdige som fysiske gjenstandar og bygningar.

På side 10 omtalast kulturminna generelt: Telemark har ein rik kulturarv med kulturminne, kulturmiljø og kulturhistoriske landskap av både lokal, nasjonal og internasjonal verdi.

På side 25 omtalast ansvaret for å ta vare på kulturarv og kulturverdiar: Naturrike Telemark framhever fylkets mangfaldige natur, landbrukstradisjonar og kulturarv. For å vere attraktive og lykkast i framtida må me ta vare på desse verdiane samstundes som me er offensive og tek grep for å møte klimaendringane. Ein sentral del av strategien er å verne om, restaurere og auke natur-, jordbruks- og kulturverdiane som finst i Telemark.

På side 26 omtalast bevaring av kulturminne i byar og tettstadar: Bevaring av viktige kulturmiljø er ein ressurs for å bevare og utvikle stadstilhøyrsle og attraktive omgjevnadar.

Kjelde: Telemarksplanen 2024–2028

Ei arv som formar kven me er

Ein kan jo lure på om det er så veldig viktig å ta vare på gamle bygg.

Betyr det noko at lemmane inne i badstova framom meg er felt inn i veggen på  ein spesiell måte?

Betyr det noko at ho har undertak av never i staden for knotteplast?

– Ja, er det enkle svaret frå Pedersen.

– Lafta veggar som denne har me tusenvis av, men sjå på lemmane som er felt inn i veggen her. Dei skil seg ut, og har stor verdi å ta vare på, seier Pedersen. – Tenk kor mykje arbeid dei har gjort for å lage innvendige hyller i badstoga på denne måten. Det hadde jo vore uendeleg mykje enklare å berre setje opp ei lekte på innsida.

– Bygningar, både eldre og nyare, er ein del av vår identitet. Me forbind noko med dei.

Han kallar seg sjølv både pragmatikar og fundamentalist.

Pragmatikar fordi han innser at ein må gje slepp på mange bygg. Det er ikkje mogleg å ta vare på alt. 

Fundamentalist fordi han er kompromisslaus når eit bygg fyrst har fått eit formelt vern. Då skal ein ikkje drive med snarvegar av type knotteplast, ukritisk etterisolering, vindaugsskifting, impregnerte takspon og betongfundament.

Dels fordi det er historieforfalsking. Dels fordi det rett og slett kan skade bygget.

Politikarane sette foten ned førre gong

Hausten 2022 kom det eit tilsvarande kuttforslag frå administrasjonen i fylkeskommunen. Då svarte fylkespolitikarane med å behalde bygningsvernrådgjevaren og i tillegg auke budsjettet hans frå 500 000 kroner til 1 000 000 kroner.

No ligg saka på ny i hendene til politikarane. Den 11. november handsama hovudutvalet for kultur, reiseliv og frivilligheit budsjettsaka som inneheld kuttforslaget. Dei vedtok å ta saka til vitande.Den 2. desember gjer fylkestinget endeleg vedtak i saka.

Powered by Labrador CMS