Tapt barndom

Litt vakker, litt øydelagt: «Siri» har tatt dette biletet, og synest ho ser litt av seg sjølv i det.

«Siri» om erstatningsvedtaket: – Eg er så letta og glad for at eg endeleg skal få den hjelpa eg så lenge skulle ha hatt

– Eg kan nok ikkje få uttrykt godt nok kor stor glede eg sit med etter at resultatet av kommunestyrets vedtak blei kjent, seier «Siri».

Publisert Sist oppdatert

«Siri» og broren «Per» voks begge opp i Vest-Telemark, i ein heim der kommunen hadde mykje dokumentasjon på omsorgssvikt, og der dei også mistenkte at det gjekk føre seg seksuelle overgrep. Likevel let den lokale barnevernsnemnda syskena bli buande i denne heimen.

Det er over to år sidan dei fremja sine erstatningskrav mot kommunen, og både barnevernssamarbeidet og kommunens administrasjon har vore avvisande til krava deira. Men då saka kom til kommunestyret vedtok politikarane å ta juridisk erstatningsansvar for begge to. Kva summar dei to får er ikkje avklart enno.

Ikkje ein einaste smertefri dag

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at når du veks opp under så utrygge rammer, og manglar stabile omsorgspersonar, vil skadane bli mange og store, seier «Siri».

Ikkje ein einaste dag går utan at ho har smerter i kroppen.

– Eg kan nok ikkje få uttrykt godt nok kor stor glede eg sit med etter at resultatet av kommunestyrets vedtak blei kjent. Eg er så letta og glad for at eg endeleg skal få den hjelpa eg så lenge skulle ha hatt.

«Siri» var i jobb i fleire år før kroppen hennar sa stopp, og på grunn av det får ho ein grei uførepensjon som rekk til det daglege.

– Men det eg treng for å lindre smertene, og kanskje auke funksjonsevna litt, det strekk ikkje økonomien til, seier ho.

Det er dette som er målet hennar.

For «Siri» betyr ei erstatning at ho kan få den tannbehandlinga ho treng, for som følge av oppveksten har 22 tenner gått tapt. Det betyr også at ho kan oppsøke andre instansar slik som kiropraktor, psykomotorisk fysioterapeut, psykiater, og massasjeterapeut.

– Erstatninga vil bidra til at eg kan få kiropraktor og muskelterapi når eg treng det, og ikkje når eg har spinka og spart. At eg kan gå til ein traumeterapeut eller psykiater når eg treng det i staden for kortvarige pakkeforløp i DPS, der det ofte er litt tilfeldig kva slags kompetanse dei forskjellige terapeutane har. Ein av konsekvensane etter min oppvekst er kompleks PTSD, og det finst mange dyktige behandlarar der ute, dersom du har midlane til det, seier ho.

– No kan eg fokusere på å rette opp att alt det vonde som eg så gjerne skulle ha vore forutan.

Powered by Labrador CMS