Ungdomar spelar handball i ein gymsal med ballen i lufta.
Niandeklassingane Petter Roksund Carlsson, Oskar Mostaul Håve og Dominykas Marchinkonis varmar opp før kamp.

Over 200 elevar samla til volleyball og sosialt samvær

Elevar frå fem skular i Vinje og Tokke møttest torsdag til den tradisjonsrike volleyballturneringa i Vinjehuset. For mange handlar dagen om meir enn å vinne kampar.

Publisert

Elevar frå fem skular i Vinje og Tokke møttest torsdag til den tradisjonsrike volleyballturneringa i Vinjehuset. For mange handlar dagen om meir enn å vinne kampar.

Vel 200 elevar var samla i idrettshallen på Vinjehuset torsdag. Volleyballturneringa har vore arrangert i over 20 år, og både leik og sosialt samvær stod på programmet.

Deltakarar står og sit på ei oppmerkt idrettsbane i ein innandørs hall.
Liv og røre i idrettshallen i Vinjehuset under volleyballturneringa.

Niandeklassingen Oskar Mostaul Håve var ein av dei ivrige spelarane. Han meiner turneringa er eit av høgdepunkta i skuleåret.

– Laget mitt har til no vunne éin kamp og tapt éin. Det er veldig moro å treffe og bli kjent med elevar frå andre skular, sa han under oppvarminga før ein kamp.

To menn i gule arbeidsvestar står i ein idrettshall.
Lærarane Morten Bråstøyl (t.v.) og Arild Fossland. Bråstøyl kan kallast Mr. Volleyball i Vinje og har teke opp arven etter Kjell Folven. Fossland har vore primus motor for turneringa dei siste åra.

Lærarane Morten Bråstøyl og Arild Fossland meiner tidlegare lærar Kjell Folven fortener mykje av æra for turneringa.

– Han er ikkje yrkesaktiv lenger, men var interessert i menneske og svært aktiv i volleyballmiljøet i Vinje. Det var han som stod bak turneringa dei fyrste åra. Eg vil kalle dette Vest-Telemarks vakraste eventyr, fortel Fossland.

Bråstøyl trekkjer fram det sosiale ved arrangementet.

– Turneringa er ein fin måte å bli kjent med andre elevar på. Mange har trent hardt i skuletida fram mot denne dagen, som alltid er i november. Rauland skule har vore gode i mange år, men elles har skulane veksla på å vinne. Det blir òg utveksla nokre kommentarar, og folk blir kjende undervegs i kampane, fortel Bråstøyl.

Kvinne står i handballmålet og held ein gul og blå ball.
Tiandeklassingen Varvara Murina frå Ukraina har budd i Noreg i mange år og var nøgd med dagen. – Det har vore moro, og eg har prøvd volleyball tidlegare. Me har vunne mykje i dag, sa ho.

Fem skular deltek i turneringa: Høydalsmo, Edland, Rauland, Tokke og Åmot.

Ikkje alle elevane var like interesserte i volleyball. Nokre fann andre måtar å få tida til å gå på.

Indra Hansen og lærar Marte Heggtveit sat i vestibylen og spela kort. Ani Haddad høyrde på musikk frå ein gammal MP3-spelar, med låtar foreldra hans likte då dei var unge. Både Indra og Ani går i 10. klasse ved Tokke skule.

To kvinner sit ved eit rundt bord og ser på noko dei held i hendene.
Marte Heggtveit (f.v.) og Indra Hansen spela kort i staden for volleyball. Det var kortspelet Idiot det gjekk i, medan dei andre elevane var i full aktivitet.

– Eg er ikkje interessert i idrett, så Marte og eg fann på noko anna i Åmot i dag. Mellom anna fekk eg ein guida tur av Marte. Det var koseleg, og eg likte best graffitien som elevar på sommarskulen laga ein gong i undergangen under E134 i sentrum, fortalde Indra.

Om lag halvvegs i turneringa var det ingen skadar å melde om, og humøret blant elevane var godt.

Ailo Kvålen Gardsteig frå 8. klasse ved Edland skule var ein av dei ivrigaste spelarane i Vinjehuset denne dagen.

– Eg har trent mykje før denne dagen. Resultatet så langt har vore midt på treet. Det har blitt eitt tap og éin siger, fortalde han.

Powered by Labrador CMS