Person står ved eit forfalle trehus med uthus og fjell i bakgrunnen.

Kampen om Fossøl

Alf Kjetil Runningen på garden Fossøl i Åsgrend.

I fem år har Alf Kjetil Runningen kjempa for å få konsesjon på garden. Dette er historia om Fossøl.

Publisert Sist oppdatert

«Høgt og fritt ligg garden, open for ver og vind med lange augneleite mot nord og aust».

Slik er garden Fossøl, som ligg i Åsgrend, skildra i Kviteseid bygdesoge.

Kor gamal garden er står det ikkje noko om, men bygdesoga fortel om eigarane tilbake til 1600-talet. Eigedomen har skift ætt og eigar jamleg, skriv Olav Bakken.

Det er fem bygningar på tunet.

«Husi er bra, stoga oppussa og måla. Lofti er frå 1811», står det i bygdesoga. Ho er skrive i 1962.

Eit gamalt trehus står mellom tre og gras, med to svartkvite kattar framfor.

På den tida var det Andreas Skogsmark som eigde garden. Han kjøpte eigedomen i 1952. I 1974 overtok dei to døtrene hans. I fleire tiår har husa på Fossøl nå stått tome.

Kjøpte garden i 2021

For å kome opp til garden må ein køyre opp dei bratte bakkane i Åsgrend, og gå dei siste hundre metrane. Vegen her er tilgrodd, og eit stort grantre har falle over ende i vinden. 

– Det skulle vore hogd her, seier Alf Kjetil Runningen. 

Vegen opp til Fossøl

Han bur på Skarkevju i Seljord, men eig også naboeigedomen til Fossøl, Runningen. Det er der han har namnet sitt frå.

– Eg er fjerde generasjon i mi slekt som eig der, seier han.

Foreldra hans dreiv garden på Skarkevju i Vefall i Seljord, der dei hadde både sauer, gris og mjølkekyr. På Runningen slo familien gras og hesja høy, som blei frakta til Skarkevju og brukt som vinterfôr til dyra. Dei to eigedomane blei drivne som éi driftseining.

Då Alf Kjetil overtok drifta, satsa han på sau. For ti år sidan skaffa han seg også høglandsfe.

Ved sida gardsdrifta har han hatt full jobb som ingeniør. 

– Men eg har heile tida hatt lyst til å drive meir med landbruk, og har vore på utkikk etter noko som kunne styrke drifta.

Målet til Runningen var å trappe ned på arbeidet utanfor garden, og bli heiltidsbonde.

Då Fossøl vart lagt ut for sal vart han oppmoda av eigarane til å kjøpe, seier han. 

Det var sommaren 2021.

Det var fleire som var interesserte i å kjøpe Fossøl. Taksten var på 900 000. Runningen vann bodrunden og kjøpte garden for 2,15 millionar i september.

– Då eg hadde fått tilslaget på Fossøl og søkte konsesjon, hadde eg eit håp om at kommunen ville sjå litt større på det og støtte opp under dei stadig færre som driv med husdyr.

Person i jakke står framfor ein vêrsliten trebygning.
Alf Kjetil Runningen

Runningen søkte i november om å få Fossøl som tilleggsjord utan buplikt. Hovudgrunnen var at driftsbygningen som var tilpassa sauehald, låg på Skarkevju.

– Men eg var open for andre løysingar, fortel han.

Ynskte busetting på garden

Landbruksrådgjevar John Olav Lia opplevde at det var stor interesse for eigedomen Fossøl då han vart lagt ut for sal i 2021. Fleire av dei som tok kontakt med landbrukskontoret i kommunen  hadde spørsmål rundt dette med buplikt på garden. Ein del var blant anna interesserte i eigedomen med tanke på jaktterrenget.

– Me var tydelege på å kommunisere ut at me ville prioritere busetting, seier han.

Lia ser at småbruk er interessant for mange av dei som kan tenke seg å busette seg i distrikta, og meiner at distriktskommunar som Kviteseid bør ha fokus på dette med befolkingsutvikling.

– Ein ekstra familie kan bety mykje, seier han.

Fossøl

Eigedomen er på totalt 838 dekar. Av dette er 7,3 dekar fulldyrka mark, 6,3 dekar innmarksbeite og 476 dekar produktiv skog.

Det er fem bygningar på garden, som alle er prega av alder og forfall.  Då garden vart selt står det i salsprospektet at våningshuset truleg er frå 1700-talet. Opphaveleg er det ei tømmerstove som seinare er kledd utvendig.

Alf Kjetil Runningen kjøpte eigedomen i 2021 for 2,15 millionar kroner. Taksten var på 900 000 og utropsprisen var sett til 1 200 000.

Innstillinga frå administrasjonen var å avslå søknad om konsesjon utan buplikt på Fossøl. Det vart samrøystes vedteke i februar 2022.

Runningen klaga på vedtaket. Han meinte at påstandane om at det var fleire som ynskte å kjøpe eigedomen for å busette seg der var udokumenterte, og viste også til at husa var for dårlege til å kunne krevje busetting på eigedomen.

For å oppfylle buplikta måtte han rekne med å byggje nytt bustadhus på eigedomen, meinte kommunen, for tilstanden på bygningane var det teke omsyn til i taksten.

Kommunepolitikarane gav ikkje Runningen medhald i klaga. Det gjorde heller ikkje Statsforvaltaren. 

Ville flytte til garden

Då måtte han gå nokre rundar med seg sjølv. 

– Eg måtte finne ut om eg kunne innrette meg slik at eg kunne busette meg på Fossøl og leggje om produksjonen.

Runningen, som hadde drive med sau i 25 år, sende alle sauene til slakt, og satsa på høglandsfe.

Så søkte han om konsesjon på nytt. Denne gongen søkte han om behalde Fossøl som sjølvstendig bruk, og forplikta seg til å flytte dit. Planen var å drive med høglandsfe. 

Det ville kreve mindre investeringar. Høglandsfe går ute heile året.

– Dei treng berre eit tak og tre veggar, seier han.

– Då var altså planen å bu her?

– Ja, det må jo gjerast noko med huset. Det er klart. Men tanken var å flytte hit og bu her.

Person går med hund mot eit eldre hus på eit grasgrodd jorde.

Også denne gongen var innstillinga frå kommunen å ikkje gje Runningen konsesjon. 

Rustikt rom med lenestol, trebord og kvit vedomn.
Tømerstova er truleg frå 1700-talet

«Ein vurderer det slik at Runningen sitt erverv er uheldig ut frå at han eig to landbrukseigedomar i ei eiga separat driftseining frå før av», skreiv kommunedirektøren i saka.

Politikarane i Kviteseid sa på nytt nei til konsesjonssøknaden frå Runningen, og avslo også klaga. Statsforvaltaren stadfesta vedtaket frå kommunen og gav Runningen frist til å overdra eigedomen.

Fekk medhald i retten

Runningen valde å ta saka til retten. Han saksøkte staten ved Landbruks- og matdepartementet, tapte saka i tingretten, men anka til lagmannsretten. Og i Agder lagmannsrett fekk han i mai i år medhald.

Slik samanfattar lagmannsretten sitt syn:

«Kommunen sitt avslag på søknaden om konsesjon byggjer på feil faktiske og rettslege føresetnader og er ikkje basert på eit sakleg og forsvarleg skjønn. Med tilvising til det kommunale sjølvstyret har Statsforvaltaren gjort eit mislukka forsøk på å redde vedtaket. Lagmannsretten har kome til at Statsforvaltaren sitt vedtak må bli kjent ugyldig på grunn av myndigheitsmisbruk. Den mest treffande karakteristikken av avgjerdsprosessen er at vedtaket er vilkårleg».

Konsekvensen av dommen var at staten måtte betale Runningen nær 672 000 kroner i sakskostnader. Etter at vedtaka blei omgjorde, måtte kommunen behandle konsesjonssøknaden på nytt.

Startar på nytt

Det er Audun Aasmundtveit som nå er ny sakshandsamar ved landbrukskontoret i Kviteseid.

– Alt som har skjedd før er oppheva. Me startar på nytt, seier han, og fortel at det kommunen må gjere er å sjå på søknaden opp mot lovverk og rundskriv.

Han forklarar at kommunen skal leggje særleg vekt på fire omsyn når dei behandlar saker om konsesjon: om kjøpet bidreg til busetjing, om kjøpet gir ei god driftsmessig løysing, om kjøparen er skikka til å drive eigedomen, og om kjøpet sikrar ei god forvaltning av ressursane og kulturlandskapet.

Runningen seier han skal flytte til garden, og kommunen legg til grunn at omsynet til busetjing blir oppfylt om han gjer det. Han har drive gard i mange år og blir vurdert som skikka til å drive eigedomen, men kommunen meiner at omsynet til ei driftsmessig god løysing ikkje er vareteke.

Dette er konsesjon

Konsesjon betyr løyve til å overta ein eigedom. Ved kjøp av større landbrukseigedomar må kjøparen som hovudregel søkje kommunen om konsesjon.

Formålet med konsesjonslova er mellom anna å sikre at landbrukseigedomar blir eigde og brukte på ein måte som gagnar samfunnet.

Når kommunen behandlar ein konsesjonssøknad, skal han særleg leggje vekt på fire omsyn:

  • Om kjøpet bidreg til busetjing i området.

  • Om kjøpet gir ei god driftsmessig løysing.

  • Om kjøparen er skikka til å drive eigedomen.

  • Om kjøpet sikrar god forvaltning av ressursane og kulturlandskapet.

Kommunen kan gje konsesjon, gje konsesjon på bestemte vilkår eller avslå søknaden.

Dersom kjøparen får endeleg avslag, må eigedomen normalt seljast vidare til nokon som kan få konsesjon.

Kjelde: Landbruksdirektoratet og konsesjonslova § 9.

Dette seier det aktuelle rundskrivet

  • Rundskriv M-1/2021 er utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet og gir kommunane rettleiing om korleis konsesjonslova skal bli praktisert.

  • Rundskrivet forklarar mellom anna kva kommunane skal leggje vekt på når dei vurderer søknader om kjøp av landbrukseigedomar.

  • Det står at kommunane bør vere tilbakehaldne med å gje konsesjon dersom kjøparen eig ein landbrukseigedom frå før og ønskjer å kjøpe ein ny gard som skal haldast som eit sjølvstendig bruk.

  • Bakgrunnen er mellom anna omsynet til personleg buplikt og ønsket om å hindre spekulasjon og kapitalplassering i landbrukseigedomar.

  • Samtidig understrekar rundskrivet at kommunen må gjere ei konkret vurdering av mellom anna busetjing, driftsmessige løysingar, kjøparen sin kompetanse og forvaltninga av jord og skog.

  • Rundskrivet er ei rettleiing til lova, ikkje ei eiga lov.

Kjelde: Landbruks- og matdepartementet, rundskriv M-1/2021, oppdatert juni 2026.

Landbruksrådgjevaren viser til rundskrivet frå Landbruks- og matdepartementet som gir kommunane rettleiing om korleis konsesjonslova skal bli praktisert. Her står det mellom anna at ein bør vere tilbakehalden med å gje konsesjon til personar som eig landbrukseigedom frå før, og som ønskjer å kjøpe endå ein gard for å drive denne som eit sjølvstendig bruk.

Det er dette Aasmundtveit meiner er det problematiske i denne saka.

– I slike tilfelle skal me ha veldig gode grunnar til å innvilge konsesjon, seier han.

At ein får samla fleire landbrukseigedomar på same eigarhand, meiner landbruksrådgjevaren er i strid med intensjonane i konsesjonslova. Dessutan meiner han det er uheldig at ein person skal eige fleire landbrukseigedomar i ein kommune som Kviteseid, der det er stor etterspurnad etter slike plassar.

Tre eldre trebygningar står på ei open grasmark framfor skogen.
Det er fem bygningar på tunet.

I saksframlegget blir det peika på to moglege løysingar: Anten må Fossøl bli tilleggsjord til den eksisterande gardsdrifta til Runningen, eller så må han selje dei andre landbrukseigedomane sine.

Det fyrste alternativet har kommunen tidlegare avslått. Det andre alternativet vil vere at Runningen sel dei andre gardane eller overfører dei til arvingar, seier Aasmundtveit.

Nok eit avslag frå kommunen

Då saka kom tilbake til kommunen i haust, var innstillinga på nytt at Runningen ikkje skulle få konsesjon på Fossøl.

Med seks mot éi stemme vedtok formannskapet avslaget i oktober.

Det overraskar Runningen.

– At dei fullstendig kan oversjå ein lagmannsrettsdom. Eg vil seie at dette stiller alvorlege spørsmål ved rettstryggleiken til innbyggjarane.

Runningen meiner kommunen på nytt legg avgjerande vekt på at han eig andre landbrukseigedomar, og seier at lagmannsretten slo fast at dette ikkje kunne vere ei berande grunngjeving for det førre avslaget. At kommunen brukar dette som avslagsgrunn på nytt reagerer han sterkt på.

Runningen viser også til at retten ikkje fann vesentlege landbruksfaglege innvendingar mot driftsplanen hans. Han etterlyser derfor ei konkret forklaring på kva som gjer driftsløysinga uheldig, og kva lovgrunnlag kommunen har for å krevje at han må kvitte seg med dei andre eigedomane for å få konsesjon på Fossøl.

Aasmundtveit understrekar at kommunen ikkje var ein part i saka, og at dei derfor ikkje hadde moglegheit til å uttale seg. Han meiner Runningen har fått svar på spørsmåla han stiller. 

Når det gjeld det å eige fleire gardsbruk er landbruksrådgjevaren klar på at kommunen ikkje meiner Runningen har kjøpt Fossøl for å spekulere eller plassere kapital. Problemet er, ifølgje Aasmundtveit, at han ønskjer å drive fleire sjølvstendige gardsbruk med mykje av den same produksjonen.

– Lagmannsrettsdomen er på 27 sider, og både Runningen og lagmannsretten blandar inn tema som ikkje er relevante, eller som er direkte feil. Domen ber preg av tåkelegging av kva denne saka eigentleg handlar om, seier Aasmundtveit.

Handlar om meir enn ein gard

For Runningen handlar saka nå om langt meir enn å få konsesjon på ein gard. Han meiner behandlinga han har fått frå Kviteseid kommune og landbruksforvaltninga har vore både feil og urettferdig.

– Eg ber ikkje om særbehandling eller sympati. Eg ber berre om det alle norske borgarar må kunne forvente: At ei sak blir behandla på eit korrekt rettsleg grunnlag, at ein dom frå ein samrøystes lagmannsrett blir respektert, og at rettstryggleiken for ein borgar gjeld også når motparten er det offentlege, skriv han i ei utdjuping til VTB.

– Ironisk nok gjeld ikkje respekt for vedtak med mindre det gagnar ein sjølv, svarar Aasmundtveit.

Landbruksrådgjevaren viser til fleire saker der dei som søker om konsesjon, ankar og søker på nytt og på nytt.

– Så lenge folk har ressursar til å halde det gåande kan dei trenere slike saker så lenge dei berre vil.

–Det tek enormt med ressursar, seier han.

Runningen er klar på kva han vil gjere vidare.

– Det er klart eg klagar, seier han.

Dersom Runningen klagar og kommunen held fast ved avslaget, går saka vidare til Statsforvaltaren.

Husa forfell

Det har gått fem år sidan Runningen søkte kommunen om konsesjon første gongen, og det ser ut til at det framleis vil ta tid før saka blir avgjort.

Gamal tømmerbygning mellom tre og skogbotn
Løa på Fossøl

Kommunen har sagt nei. Runningen har ingen planar om å gje seg.

Medan striden held fram, forfell bygningane på Fossøl.

– Og skogen skulle vore hogd, seier Runningen.

Mosekledd skogbotn med ein fallen trestamme mellom bjørk og gran.
Powered by Labrador CMS