Aksel og Gaute satsar i sør. – Flott opplegg for oss som vil satse på fotball
Sekstenåringane Aksel Aamlid og Gaute Breivik Hvistendahl fekk idrettsstipend av Fyresdal kommune i år. Nå er det vidaregåande skule med fokus på toppidrett.
I haust har fyresdølane Aksel og Gaute halde fram fotballsatsinga på Våg i Vågsbygd, ein bydel i Kristiansand. Dei har spela fast på G16 og ofte blitt lånt ut til kampar for G19.
Ungdomane sin vidaregåande skulegang er på Akademiet vgs ved Sør Arena i Kristiansand. Dei går på studiespesialisering med toppidrett.
– Det går veldig bra og her er flott opplegg for oss som vil satse på fotball, er Aksel og Gaute samde om.
Båe har som mål å få spele i Eliteserien, men Obos-ligaen er ok det også.
Gode forbilde
Årets idrettsstipend i Fyresdal gjekk i vår til Aksel og Gaute, og dei fekk 15 000 kroner på deling. I samband med utdelinga blei det opplyst at båe har drive aktivt med fotball i mange år, fyrst i Fyresdal og tre siste åra også i Seljord. Dei har vore med å vinne pokalserien i 14-årsklassa, og har som 15-åringar tatt steget opp til A-lagsfotball og etablert seg som faste spelarar på A-laget til Seljord.
Grunngjevinga for stipendet var slik:
«Aksel og Gaute er villige til å bruke tida si, og har lyst til å få til noko. Dei er audmjuke til å ta imot læring, og søker læring. Båe har vist at dei presterer på eit bra nivå. Aksel og Gaute er også viktige for dei yngre fotballspelarane, er gode forbilde, viser gode haldningar og hever kvaliteten på treningane. Aksel og Gaute er inkluderande og motiverer dei yngre.