Samla til plakettfest: – Eg meiner at 4H er viktigare enn nokon gong
Det handla om både venskap, kjærleik og lærdom då 4H-ungdommar frå Telemark fekk plaketten sin på Solborg i Treungen laurdag kveld.
Det var fylkesordførar Terje Riis-Johansen som delte ut plakettane. Han er sjølv plakettmottakar, og fortalde om kor mykje åra i 4H har betydd for han.
– Eg har jo vore både landbruksminister og olje- og energiminister. Eg hadde ikkje vore det om eg ikkje hadde vore med i 4H, sa han.
Gjennom 4H lærte han mellom anna om styrearbeid og demokrati. På skogdagar fekk han kunnskap om naturen, og gjennom prosjektarbeid lærte han om alt frå sauer til gulrøter.
Han trekte også fram kor viktig 4H har vore for å byggje nettverk.
– Eg møter framleis folk igjen som eg har blitt kjent med på leir, fortalde han før han delte ut plaketten til sju ungdommar frå fylket.
– Eg meiner at 4H er viktigare enn nokon gong, sa han frå sena på ungdomshuset i Treungen.
Fekk venner frå heile Norden
Anne Solveig Nordbø frå Nissedal er ein av årets plakettvinnarar.
– Eg har vore med sidan 4. klasse, sa ho og fortalde blant anna at ho har vore mykje på leir.
– Og der har eg fått venner frå heile landet, eller frå heile Norden.
På leir har ho mellom anna blitt kjent med Even Pedersen frå Nærum 4H i Skien.
– Ein kan også finne kjærleiken i 4H, fortel han.
Sjølv møtte han kjærasten sin, som kjem frå Møre og Romsdal, på ein leir på Voss.
Heidi Oland Håvardsrud har også ei kjærleikshistorie å fortelje.
– Foreldra mine møttest gjennom 4H. Hadde det ikkje vore for 4H, så hadde ikkje eg vore til, ler ho.
Med ei slik familiehistorie var det kanskje ikkje så rart at ho sjølv blei med i 4H.
– Mamma var klubbrådgjevar, så eg var med frå før eg eigentleg hadde lov. Begge brødrene mine har også plaketten, fortel ho.
Heid kjem frå 4H-klubben Fjellrosa i Tinn.
– Det er Noregs eldste klubb, hundre år neste år, fortel ho.
Heidra etter 44 år
Dei to søstrene Gry Hovland og Torgunn Hovland Tveit har båe vore engasjert i frivillig 4H-arbeid i over 40 år. Laurdag vart dei heidra med æresdiplom for innsatsen.
– 4H er gøy. Det er fordi de er med at me engasjerer oss, sa Hovlad Tveit frå Nissedal, vend mot ungdommane.