Klar tale frå unge menn: Trur pengane går til køyretøy
Unge menn i Vinje, Tokke og Fyresdal skil seg ut med mykje usikra gjeld. Det kjem av kostbare fritidsinteresser som i stor grad dreier seg om snøskuter og andre køyretøy, meiner unge menn VTB har vore i kontakt med.

Ånund Nordstoga (18), Høydalsmo
Menn har meir usikra gjeld enn kvinner fordi dei har eit anna syn på økonomi og sparing, trur Ånund. – Jenter kan vera meir fornuftige og tenke konsekvensar på det ein kjøper.

Unge menn i Vinje og Fyresdal har mykje meir usikra gjeld enn snittet for landet. Kva trur du dei låner pengar til?
– Dei kjøper dei nyaste skuterane og bilane.
Har du spara til bil og bustad?
– Ja. Jobba og spara, svarar Ånund, som alt har kjøpt seg både bil og hus.– Eg kjøpte meg eit hus i grei stand som eg kan pusse og stelle på når eg vil. Då eg utdannar meg som snikkar er ikkje dette eit uoppnåeleg prosjekt.
Torbjørn Mandt (18), Eidsborg
Menn har meir usikra gjeld enn kvinner fordi menn generelt bruker meir pengar på alt, trur Torbjørn.
– Eg trur dette har litt med gruppepress å gjere, at viss dei vil ha, vil eg au.
Han meiner at lite økonomifokus i skulen også kan vere del av forklaringa.
– Eg lærte i alle fall veldig lite om økonomi på skulen.

Unge menn i Vinje og Fyresdal har mykje meir usikra gjeld enn snittet for landet. Kva trur du dei låner pengar til?
– Eg vil kanskje seie at dei bruker mykje pengar på skuter, og andre kjøretøy som bilar, traktor og moped. Det kostar mykje pengar med både drivstoff og vedlikehald.
Har du spara til bil og bustad?
– Eg spara til bil, og er veldig fornøgd med kjøpet. Eg har ikkje starta endå å spare til hus, men må det også snart.
Torjus Sivertsen (18), Lårdal
Kvifor har menn meir usikra gjeld enn kvinner, trur du?
– Eg trur nå det har noko med at me gutar ser det meir som gratis pengar enn lån. Det kan nok ha litt med forventningane mot oss også. Som at me må ha dyre og nye ting for å vere bra nok.

Unge menn i Vinje og Fyresdal har mykje meir usikra gjeld enn snittet for landet. Kva trur du dei låner pengar til?
– Snøskuter og meir som høyrer til spelar nok ei rolle der. Mykje dyre hobbyar når du bur på bygda.
Har du spara til bil og bustad?
– Spara til både bil og traktor, eg. Sparar litt her og litt der i BSU også, for å få råd til gard ein gong. Men det er ikkje alltid så lett når du er på butikken og brus og anna godt fristar. Det blir fort pengar av det, ser du.