Vesttelane har over 330 millionar kroner i usikra gjeld – unge menn i éin av kommunane skil seg ut

Unge menn i Vinje og Fyresdal skil seg ut som gruppene med høgast låneopptak. I snitt skuldar kvar av dei 55 mennene mellom 18 og 24 år som har usikra gjeld i Vinje kommune heile 143 073 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Den samla summen av den usikra gjelda i heile regionen er på 337 millionar kroner. Det viser tal frå Samarbeidsdesken – eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkande journalistikk og NRK.

Menn står for vel 61 prosent av låneopptaka, med 206,5 millionar kroner. Vinje har den høgaste gjelda, både samla sett, med 104 millionar kroner, og per innbyggjar med dryge 33 000 kroner. Kviteseid og Seljord er i andre enden av skalaen, med om lag 25 000 kroner per innbyggjar i kvar kommune.

Stor skilnad

I tala frå Samarbeidsdesken finn ein òg oversikt over usikra gjeld delt inn etter alder, så vel som kjønn, i kvar kommune, sett opp mot landsgjennomsnittet.

Nokre grupper skil seg ut med særleg høg gjeld, både sett opp mot dei andre kommunane, og snittet på landsbasis. Menn mellom 18-24 i Vinje har langt høgare gjeld enn både dei andre kommunane i regionen og landsgjennomsnittet – 55 personar har til saman snaue 8 millionar kroner i usikra gjeld, tilsvarande dryge 143 000 kroner per lånetakar, over tre gonger så mykje som Tokke, som er nummer to på lista. Om ein reknar med alle menn i aldersgruppa i Vinje blir snittet 54 000 kroner.

Sett under eitt har unge menn frå Vest-Telemark stort sett høgare gjeld enn gjennomsnittet elles i landet, berre Nissedal ligg lågare. Blant kvinnene, som på tvers av alle aldersgrupper har ei lågare gjeldsbyrde enn mennene på landsbasis, er det motsett, berre Seljord ligg over det nasjonale snittet.

Usikra gjeld

Gjeld der banken eller långivar ikkje har tryggleik i noko du eig, som hus, bil eller hytte. Usikra gjeld kan du ha for eksempel gjennom eit kredittkort eller eit forbrukslån. Generelt er det høgare rente på usikra gjeld enn på gjeld med tryggleik. Studielån er ikkje rekna som usikra gjeld.

I aldersgruppa over, personar mellom 25 og 29 år, skil fyresdølane seg ut. Den gjennomsnittlege lånetakaren har over 120 000 kroner i usikra gjeld, meir enn 100 000 kroner per mannlege innbyggjar. Også kvinnene ligg monaleg over det nasjonale snittet, i alle fall per lånetakar, med snaue 77 000 kroner i snitt. 

Også blant dei eldste mannlege lånetakarane skil fyresdølane seg ut, med snaue 30 000 kroner i snitt ligg dei, som einaste kommune i Vest-Telemark, over landsgjennomsnittet, like under 30 000 kroner.

Usikra gjeld i Noreg

- 73% av befolkninga over 18 år har usikra gjeld.

- Menn mellom 40–60 år har mest usikra gjeld.

- Unge mellom 18–25 år har minst usikra gjeld.

- Menn har dobbelt så mykje usikra gjeld som kvinner.

- Den usikra gjelda har vokse dei to siste åra, etter å ha vore stabil i ei lengre periode.

- Folk brukar feriepengar til å betale ned gjeld, men gjelda aukar igjen utover hausten og mot jul.

 57% av den norske befolkninga opplever forbrukslån som skamfullt og held det skjult.

- Kredittkort blir brukt til reiser (44%), kjøp av forbruksvarer (50%) og uforutsette utgifter (30%).

- Forbrukslån blir brukt til bilkjøp (29%), dyrere forbruksvarer (28%) og oppussing (12%).

Kjelder: Intervju med Svein Ove Karstensen, leiar for Norsk Gjeldsinformasjon, og undersøking frå Sifo, OsloMet, båe via Samarbeidsdesken

Powered by Labrador CMS