
Gjeldsrådgjevaren: – Folk bør ikkje gå for lenge med økonomiske bekymringar
Berit Valhovd er gjeldsrådgjevar i Vest-Telemark og opplever at terskelen for å be om økonomisk rettleiing for mange er høg. Det skulle ho ynske at den ikkje var.
Talet på dei som slit økonomisk er aukande, både nasjonalt og lokalt her i Vest-Telemark. Og når økonomiske bekymringar går utover nattesøvn og daglegliv bør ein be om hjelp. Det meiner gjeldsrådgjevaren i Vest-Telemark, Berit Valhovd. Ho er oppteken av at folk ikkje må vente for lenge med å søke hjelp. For dess tidlegare ein tek tak i problema, dess lettare er det å få gjort noko med dei.
Meiner me bør vere meir opne
Valhovd tok til å jobbe som gjeldsrådgjevar i Nav i 2007. I ei seksti prosent stilling gjev ho innbyggjarane i dei seks kommunane tips og råd til korleis dei best mogleg kan handtere økonomiske utfordringar. Nokon tek kontakt sjølv, andre får hjelp til å ta kontakt via Nav, psykisk helse eller tenestekontora. Og i mange tilfelle har Valhovd eit samarbeid med andre instansar og hjelpetenester. At det å ha gjeld ein ikkje klarer å betene kan gå på psyken laus har ho sett mange døme på. Økonomiske utfordringar kan gå utover både nattesøvn og familieliv, og Valhovd skulle ynskje at det å slite med økonomi var noko fleire snakka opent om. For medan det dei siste åra har vore mykje fokus på openheit om psykisk helse, så opplever ho at det for veldig mange er tabu å snakke om at ein strevar med økonomi.
Alle har mindre å rutte med
Tidlegare var det fleire menn enn kvinner som søkte om gjeldsrådgjeving. Nå opplever Valhovd at det er meir likt fordelt mellom kjønna. Ho meiner det heng saman med at kvinner engasjerer seg meir nå enn før i familieøkonomien, og at generelt vanskelege tider engasjerer og rammer likt. Valhovd meiner folk har vore gode på å redusere unødvendig forbruk, men ser at det for mange nå ikkje er meir å hente, at også sparepengane er bruka opp.
– Alle har mindre å rutte med. Forbruk er ofte knytt til inntektsnivå, men nå et rentekostnader, straumprisar og matvareprisar på alle inntekter, både høge og låge, seier ho.
Gjeldsrådgjevaren ser at fleire nå tek opp usikra, kortsiktige og dyre forbrukslån. Og ho høyrer oftare at dei blir bruka til å betale faste utgifter, fordi inntektene ikkje strekk til. Ho skulle ynske at det var meir fokus på at handelen går ned når rentene er høge, matvareprisane aukar og straumen er dyr.
– Det er heilt rett at me skal forbruke mindre nå, seier ho.