Oppdraga har ikkje late vente på seg. – Det har gått betre enn forventa
Kristoffer Torsdalen (25) og Torvild Dyrdal (24) ville skape noko sjølve. I mars starta dei industrifirmaet Hydrox saman med Odd Gunnar Sollid. Oppdraga har kome jamt sidan oppstarten, og snart tel arbeidsstokken sju personar.
Firmaet Hydrox driv med industrirøyrlegging, mekanisk arbeid og hydraulikk. Dei har særleg retta seg mot vasskraftbransjen, men tek også oppdrag innan prosessindustri og olje- og gassindustrien.
– Me har alltid hatt lyst til å prøve å skape noko sjølve og lage vår eigen arbeidsplass, fortel Torvild Dyrdal frå Øyfjell.
Saman med seljordingane Kristoffer Torsdalen og Odd Gunnar Sollid etablerte dei firmaet ved joletider i fjor. Den fyrste arbeidsdagen var 2. mars i år. Dei tre hadde tidlegare arbeidd saman og kjende kvarandre godt.
– Me trivst med å jobbe saman, og hadde lyst til å drive med noko me sjølve synest er interessant, seier Kristoffer.
God start
Oppdraga har ikkje late vente på seg. Sidan oppstarten har firmaet hatt arbeid gjennom heile året.
– Me har hatt ein god start, og det har gått betre enn forventa, seier Kristoffer.
– Me har hatt fullbooka kalender. Det har ikkje vore ein einaste periode der me ikkje har hatt jobb, legg Torvild til.
Blant kundane er Statkraft og andre leverandørar innan vasskraft og prosessindustri. Hydrox arbeider også med prosjekt knytt til ein hydrogenfabrikk og oppdrag innan næringsbygg.
– Me driv hovudsakleg med røyrlegging, mekanisk montering, hydraulikk og sveising. Det er mykje forskjellig, fortel dei.
Eit konkret døme på arbeidet dei utfører, er røyrlegging og sveising av røyr til kjøleanlegg for generatorar i kraftstasjonar.
Vil skape arbeidsplassar
Hydrox har vakse raskt sidan oppstarten, og dei tre gründerane har fått med seg fleire tilsette.
I dag har firmaet fem fast tilsette, i tillegg til ein tilkallingsvikar. I februar aukar talet på tilsette til sju.
– Me har vore heldige og fått med oss veldig flinke folk heilt frå starten. Det har hatt mykje å seie, seier Torvild.
Dei håpar verksemda kan bidra til fleire arbeidsplassar i regionen. Samstundes meiner dei at det å vere ei mindre verksemd har sine fordelar, og peikar på at det i ei mindre verksemd er kort veg mellom kundane og dei som utfører arbeidet.
– Det skal vere lett å kome i kontakt med oss. Me ynskjer å vere løysingsorienterte og finne ut av ting slik at kunden blir nøgd, seier dei.
Opne for fleire bransjar
Sjølv om vasskraft er eit viktig satsingsområde, ynskjer ikkje Hydrox å avgrense seg til éin bransje.
– Me ynskjer å jobbe mykje mot vasskraft, men vil også vere opne for oppdrag innan offshore og prosessindustri, seier dei.
Målet framover er å levere arbeid av god kvalitet, ha eit godt arbeidsmiljø og utvikle firmaet vidare.
– Me ynskjer å levere kvalitet og ha eit godt arbeidsmiljø der folk trivst. Samtidig har me mål om vidare vekst, men vegen blir til medan me går, fortel Kristoffer.
Dei legg heller ikkje skjul på at dei likar oppdrag som krev litt ekstra.
– Me likar å løyse utfordringar og finne ut av ting. Det er moro med spennande prosjekt der me må tenkje litt og vere kreative, avsluttar Torvild.