
Fem økonomitips til unge
At unge har oversikt over eigen økonomi er viktig, meiner bankrådgjevaren i Sparebanken Sør.
Ellen Sofie Skansen har jobba i bank sidan 1994, og meiner at folk flest er flinke med økonomien sin. I møte med ungdom har ho fleire råd:
1. Få oversikt over kva du brukar pengar på
Å få oversikt over eigen økonomi er det fyrste rådet Skansen kjem med. Ho meiner ein bør lage seg ei oversikt både over inntekter og utgifter, og særleg dersom ein opplever at det er litt stramt. Da bør ein sjå gjennom alle utgiftspostane å sjå på om det er noko ein kan spare på — av abonnement, strøymetenester eller liknande.
2. Bli kvitt lommetjuvane
Når Skansen snakkar med ungdom om økonomi snakkar ho ofte om det ho kallar for lommetjuvar — små handlar som til saman kan utgjere store utgifter på eit månadsbudsjett. Det kan vere energidrikken på butikken, pølsa på bensinstasjonen, eller lunsjen i kantina. Å tenke gjennom om dette er handlar ein ynskjer å prioritere, eller ikkje, meiner ho er viktig. For det kan vere mykje å spare på å ikkje gjere slike småhandlar.
3. Ein kan spare mykje på mat
Mat er ein av dei største utgiftspostane på eit gjennomsnittleg hushaldsbudsjett. Og Skansen meiner mange kan spare her. Det handlar blant anna om å smørje seg niste i staden for å kjøpe lunsj i kantina og gjere innkjøp ein gong i veka i staden for små handlar. – Eg snakkar veldig varmt om matbudsjett og eigen matkonto, seier Skansen.
4. Spar til bil og bustad
For mange er den fyrste store utgifta i livet å kjøpe seg bil. Og det å ha spart til denne investeringa meiner bankrådgjevaren at er ein stor fordel. Dei som har spart opp heile summen slepp låneutgifter. Og dei som klarer å spare femti prosent av kjøpesummen vil lettare få lån, og det til lågare renter.
– For det er utruleg mykje høgare rente om du må låne heile summen, seier Skansen.
Å ha bil inneber også utgifter til forsikring. Og det å ha sjekka ut kor store utgiftene blir til forsikringa, bør ungdom gjere før dei handlar, meiner Skansen. For her er det store skilnader. Og ein populær ungdomsbil med stor motor vil vere langt dyrare å forsikre, enn bilar med mindre motor. Mange ynskje å kjøpe seg eigen bustad, og i banken kan ein få hjelp til å setje opp eit budsjett og sjå på kor stor lån ein kan ta opp. Før måtte ein ha femten prosent av kjøpesummen i eigenkapital når ein skulle kjøpe seg bustad. Nå er kravet senka til ti prosent. Det gjer det enklare å kome seg inn på bustadmarknaden, men då må ein også låne meir pengar. Og eit høgare lån krev at ein har ei god inntekt, forklarar Skansen. Ho meiner fleire bør sette seg langsiktige sparemål. Og for langsiktig sparing anbefaler ho å spare i aksjefond.
5. Unngå forbruksgjeld
– Om folk opplever at dei slit med å betale rekningar så bør dei ta kontakt med banken så tidleg som mogleg for å unngå å ta opp kredittkort- og forbruksgjeld, seier Skansen.
På slik gjeld er rentene høgare. Og om ein tek opp forbruksgjeld for å betale ned anna gjeld kan ein kome inn i ein vond spiral. Ho forstår at dei fleste unge i Vest-Telemark treng bil, men ein del ynskjer seg også lån til andre køyretøy som snøskuter eller firehjulingar.
– Det hender eg utfordrar dei på at det fyrst og fremst er leiketøy, seier Skansen.
Og det å låne pengar til leiketøy meiner ho at ikkje er så lurt. Den dagen ein skal i banken for å spørje om lån til hus vil dei også sjå på dei andre låna du har. Og forbruksgjeld og stort billån kan gjere det vanskelegare å få lån til bustad.