Vil styrke beredskapen: – Me blir utfordra
På ein tur til Brussel i regi av KS fekk Beate Våge Lia, kommunedirektør i Seljord, den usikre verdssituasjonen tettare på. – Det blei ei realitetsorientering, seier ho.
Torsdag 12. november melde PST dette: Som følge av en alvorlig utvikling i 2026 er sabotasjetrusselen i Norge nå skjerpet.
PST meiner det er god grunn til å forvente at russisk etterretning vil gjennomføre sabotasje i Norge det komande året, seier Inger Haugland, avdelingsdirektør ved PSTs avdeling for statlige trusselaktørar.
I Seljord har kommunedirektør, Beate Våge Lia, nyleg kome heim frå ein tur til Brussel i regi av KS, der beredskap var eit gjennomgåande tema. Studieturen skulle gje innsikt i situasjonen i EU og kva utviklinga der har å seie for norske kommunar og fylkeskommunar.
– Besøket forsterka det me alt står i. Kommunane i Noreg har fått mange fleire beredskapsoppgåver som me må handtere. Me har alltid hatt beredskapsfokus, men nå har bildet endra seg veldig i Noreg, Europa og i verda elles, fortel Våge Lia.
Kommunedirektøren opplever at det er eit stort fokus, frå staten, statsforvaltararen og ulike etatar, på kva kommunane skal vere rigga for framover. I Brussel fekk ho den usikre situasjonen i verda tettare på.
– Det blei ei realitetsorientering. Det var verdifullt og lærerikt, seier ho.
– Blei du bekymra?
– Ja, altså, ein blir ikkje mindre bekymra når ein får det direkte frå kjelder der. Det er eit høgst reelt trusselbilde. Og me blir meir og meir bevisste på den hybride krigføringa. Me skal ta vare på innbyggjarane våre, og det gjeld alt frå cybertryggleik og reint vatn til kritiske samfunnsfunksjonar.
Bevisstgjering
I totalforsvarsåret 2026 har kommunedirektøren leia fleire større øvingar i Seljord kommune.
– Me er jo vande med at straumen kan forsvinne i uvêr, men det å øve på at straumen kan forsvinne i lengre tid er viktig. Me har også øvd ein del på krisekommunikasjon.
Øvingane har vist at kommunen må jobbe meir med å bevisstgjere innbyggjarane, slik at dei til dømes veit kvar dei kan møte opp om dei treng hjelp.
– Hugs å skrive opp telefonnummer som er viktige for deg, i tilfelle du skulle miste tilgang til mobil, seier kommunedirektøren.
På nesten alle møte, kurs og konferansar ho er med på nå, er beredskap tema.
– Samarbeider kommunen med dei andre kommunane i Vest-Telemark om beredskap?
– Me blir utfordra på å tenke på korleis nabokommunar kan hjelpe kvarandre i ulike situasjonar. Me samarbeider allereie om Brann og Redning IKS, VTDS, og nå får me snart på plass døgnkontinuerleg legevakt for Kviteseid og Seljord. Men det er heilt sikkert meir me kan samarbeide om, svarar kommunedirektøren.
Ho fortel at dersom det blir krig må dei forvente at 10-30 prosent av dei som jobbar i kommunen vil bli beordra til andre område, til dømes forsvar eller sivilforsvar.
– Som kommune har me same samfunnsoppdrag i fred og krig.
Kommunedirektøren er opptatt av lagspel og seier at lokalavisa også er viktig for kommunen når det kjem til å formidle informasjon til innbyggjarane.
– Korleis kan me spele kvarandre gode? Det synest eg er spennande å jobbe med. Eg trur også at me skal lage eit hefte der me samlar viktig informasjon til innbyggjarane, seier ho.
Øvingar
– Når de har øvingar: korleis øver de då?
– Det er mest skrivebordsøvingar der me får eit scenario. Det kan vere at straum og nett forsvinn i over 72 timar og det er kaldt og snø ute. Me har øvd saman med sivilforsvar, Raude Kors, heimevern, den lokale brannstasjonen, kyrkja og næringsliv. Det handlar mykje om å finne gode, lokale ressursar, seier kommunedirektøren.
Ho fortel at alle kommunar skal ha eit kommunalt beredskapsråd, der ulike ressursar er samla, og at Seljord har hatt eit slikt råd i fleire år.
Under sist berdskapsøving kopla dei på naudstraumsaggregat.
– Og så har me øva på å snakke i sikringsradio og på naudnett.
– Korleis står det til med tilfluktsrom i Seljord?
– Seljord har lite av det. Det er viktig å få avklart frå staten kva som er forventa i kvar enkelt kommune. Samtidig tenker eg at det er forskjell på by og land. Her i distriktet kan me evakuere til andre plassar enn eit tilfluktsrom, det er vanskelegare å evakuere om ein bur midt i Oslo.
Beredskapslageret til kommunen er fordelt ute på forskjellige einingar.
– Der folk bur: på sjukeheimar, tilrettelagte tenester og andre stader. Det er nok til at innbyggjarane der skal kunne klare seg ei veke, fortel kommunedirektøren.
– Korleis står det til med beredskapslageret ditt heime?
– Eg har i alle fall rigga meg med mykje vatn på dunkar, og så har eg ei kasse i kjellaren med ting som er anbefalt å ha.
Ho minner samtidig om at ein bør ha tenkt på tilgang til ved om straumen skulle forsvinne i lengre periodar.
– Kva tenker du om at me faktisk må ha eit beredskapslager heime?
– Det seier jo noko om alvoret. Og så tenker eg at det treng ikkje vere det verste alvoret som gjer at me kan få bruk for noko i den kassa. Men eigenberedskap gjer oss bevisste på at me er heilt avhengige av at innbyggjarane kan klare seg sjølve ein periode, slik at kommunen kan prioritere dei sjukaste eller dei som treng mest hjelp.
Beredskapskoordinator
Våge Lia seier det er rart at ungane som veks opp nå lærer å tenke beredskap på ein heilt anna måte enn ho sjølv gjorde då ho vaks opp.
– Sjølv om eg hugser den kalde krigen og murens fall, så begynner det å bli lenge sidan.
– Fryktar du at det blir krig i Noreg?
– Ein kan kjenne på frykt, men eg er ikkje blitt meir redd for krig. Eg trur bare at me bør førebu oss på at det kan bli meir ustabilt framover, innanfor kommunikasjon og samferdsel, og då må beredskapen vår fungere. Eg er også meir bevisst på at me må snakke høgt om det.
Kommunedirektøren ønsker å arrangere beredskapskveldar for å ruste befolkninga. Ho har foreslått å etablere ei 50 prosent stilling som beredskapskoordinator.
Egil Birkrem har jobba med byggjesaker i Seljord kommune i nærare 15 år. I 12 av desse åra har han også vore beredskapskoordinator. Etter at han blei pensjonist har han hatt ei 20 prosent stilling som koordinator.
– Eg har ansvar for beredskapsarbeid i fredstid: koordinering mot statsforvaltar og planlegging av øvingar, fortel han.
På kommunehuset har dei tilgang til alternative kommunikasjonsmiddel.
– Me har satellittelefon, naudnettradioar og sikringsradioar. Og så vurderer me innkjøp av Starlink, som er satellittkommunikasjon, fortel Birkrem.
Avslutningsvis seier kommunedirektøren at ho ikkje ligg vaken om natta og bekymrar seg for krise eller krig.
– Men eg tenker mykje på det. Og så tenker eg at me har veldig gode føresetnader for å klare oss, med dei gode folka og ressursane som bur her i kommunen.