Tokke skulemusikk er årets kulturprisvinnar:

For 60 år sidan vart Tokke skulemusikk skipa.

Mange musikantar, aspirantar, foreldre og støttespelarar har stått på for at Tokke skulemusikk skulle marsjere vidare.

Gjennom åra har dei lagt musikk til faste arrangement i Tokke.

– Me deler denne prisen med alle som har vore med opp gjennom åra  

Publisert

21.september 1966 vart Tokke skulemusikk skipa. Dei hadde fått 25 instrument frå den gamle hornmusikken. Snart var dei 29 medlemmar, og før jol det året hadde dei heile 26 øvingar. Den fyrste konserten hadde skulemusikken på sjølvaste joleftan. 

Det har vore 60 år med øvingar, stadig nye aspirantar, uniformer, dugnadar, reiser, og ikkje minst musikk ved store hendingar i lokalsamfunnet i Tokke – 17. mai, 1. mai, jolegrantenning, Dalsmarken og velkomst av kanalbåtane på våren. 

Tidlegare i haust vart innsatsen løna med kulturprisen i Tokke. 

– Det er ei anerkjenning. Me deler denne prisen med alle som har vore med opp gjennom tida. Eigentleg står ei heil bygd bak eit korps. Derfor føler eg at dette er ein pris til heile bygda, for me greier oss ikkje utan at ungane ønsker å spele, at foreldre og familie og støttar opp, og at folk i bygda elles kjem på arrangementa våre. 

Det fortel Solveig Prestegard. Ho er styreleiar i skulemusikken, og har sidan 2017 spela kornett i korpset. Kornetten fann ho fram igjen etter at den hadde lege trygt på hylla frå ho var 18-19 år. 

Helga Raunholm Jordan (f.v.) er dirigent, Solveig Prestegard spelar kornett og Gunnlaug Gilje saksofon.

Ein ekstra takk  

At skulemusikken i år kan feire 60-årsjubileum er inga sjølvfølge. For nokre år sidan vart det nemleg stille for skulemusikken. Då Tokke skulemusikk fekk kulturprisen av leiaren for helse-, oppvekst-, kultur- og idrettsutvalet Laila Karlsen Taraldlien 24. oktober, retta ho ein særleg takk til dei som då plukka opp stafettpinnen. 

– For det er lett å vere med når eit lag har 50 medlemmer, fulle rekkjer og stor aktivitet. Det er noko heilt anna å halde fast når ein byrjar å lure på om det faktisk er mogleg å halde fram. Men nokon gjorde nettopp det. Nokon bestemte seg for at Tokke skulemusikk ikkje skulle forsvinne. Foreldre, styremedlemmer, dirigentar, musikantar og andre gode krefter la ned tid og arbeid for å få aktivitet i korpset igjen, sa ho i tala si.

Dette var rundt 2016, og Solveig og Gunnlaug Gilje er to av dei som fekk på seg uniformene og engasjerte seg i skulemusikken den gongen. Medan Solveig spelte kornett då ho var lita, var Gunnlaug drillpike då ho vaks opp.

Draumen til Gunnlaug hadde lenge vore å spele saksofon. Med eit korps som låg mellombels nede og trong musikantar, var vel dette ein gyllen sjanse? 

– Då var eg i midten av 40-åra og tenkte at eg er for gamal, men du blir jo ikkje noko yngre heller, fortel Gunlaug. 

Dermed bar det inn på kulturskulen og draumen om å spele saksofon kunne bli verkelegheit. Dei fekk også god hjelp av medlemmar som tidlegare hadde vore aktive i korpset, og ikkje minst av Stanley Blackburn, dirigent og lærar i «korps i skulen» i Tokke. 

– Det at Stanley og dei andre bidrog med si erfaring og historikken til korpset, var svært viktig då me bygde opp att aktiviteten. Korpset har gjennom desse 60 åra vore heldige med dirigentar som har vore i korpset over mange år. Det har bidratt til stabilitet og er ein viktig grunn til at korpset har klart å halde å aktiviteten, fortel Solveig. 

Sofia Mroz (f.v.), Aisha Khalif og Anhelina Pohrebytska er aspirantar og ein del av framtida til Tokke skulemusikk.

Meistringskjensla av å skape musikk saman

I dag er dei om lag ti musikantar som møtest til øving éin kveld i veka. Helga Raunholm Jordan har hatt jobben som dirigent dei siste tre åra. Ho fortel at ho i tillegg til å vere dirigent for hovudkorpset, er dirigent for aspirantkorpset, og at musikantane er med der i eitt år før dei blir ein del av hovudkorpset.

Aktivitet og medlemstal går opp og ned for eit korps, og sjølv om det sosiale og fellesskapen er viktig også i dag er dei nå eit stykke unna storheitstida på 80-talet. På 80-talet var dei frå om lag 35 til 50 musikantar, med ein topp rundt 1983 på rundt 50 faste musikantar. Medan dei var mellom rundt 20 og 30 medlemmar på 90-talet. Frå 2016 har medlemstalet svinga mykje, men ei stund var dei rundt 30 inkludert aspirantar. 

Både Solveig, Gunnlaug og Helga er tilflyttarar til Tokke, men historia til skulemusikken kan dei lese om i eit innhaldsrikt arkiv. I mange år vart nemleg det meste tatt vare på i tjukke ringpermar. I permane er det referat frå møter og bilde, invitasjonar til sosiale kveldar og stemne. 

Dokumenta vitnar om mykje aktivitet og innsats over mange år. 

– Dette viser ein lang innsats for å ha korps her på Dalen. Det er mange som har stått på, og me er derfor veldig audmjuke for at me får denne prisen akkurat nå, seier Solveig. 

Solveig og Gunlaug fortel at mange gratulerer dei med prisen. 

– Dei seier at det var fortent og at dei synest det er viktig med korps. Me håpar at fleire får lyst til å bli med. Utan medlemmar har me jo ikkje noko korps, seier Gunnlaug. 

Skulemusikken er open for alle – ungar og vaksne, nybyrjarar og vidarekomande. I skulemusikken er både det sosiale, fellesskapen og musikken sentralt. 

– Det krev litt innsats for at det blir bra, men etter kvart får du ei veldig god meistringskjensle av å skape musikk saman med andre, fortel Solveig. 

Mai er den travlaste månaden for skulemusikken, men snart er det advent og kva er vel eigentleg jolegrantenning utan korpsmusikk? 

– Me set lyd til dei same hendingane kvart år og det bind på ein måte historia til skulemusikken saman med historia til bygda vår. Og det hadde vore stusseleg med jolegrantenning utan korpset som spelar, seier Solveig. 

Powered by Labrador CMS