Tarjei Minde Haugo.

Tarjeis beredskapsråd: – Me bør alltid bruke den lokale forretninga

Midt i jordbruksoppgjeret møter me leiar i Vinje og Tokke bondelag for å snakke om matberedskap.

Publisert

For to år sidan tok han over geiteproduksjonen på heimgarden Træe i Vå, midt mellom Rauland og Arabygdi. For eitt år sidan tok han over mjølkekyrproduksjonen. 

Nå er Tarjei Minde Haugo frå Vinje heiltidsbonde – og han ser ut til å trivast. Planen er også å ta over resten av gardsdrifta etter foreldra. 

– Eg har nå jamt vore med her. Mest med utearbeid, og så har det blitt meir fjøsarbeid med åra, fortel han, på veg inn i fjøset, som ligg idyllisk til langs eit vårblått og stille Totak.

Tarjei har vore anleggsmaskinførar i 20 år. Nå er han leiar i Vinje og Tokke bondelag, sit i fylkesstyret for sau og geit og er leiar i produsentlaget for geiteprodusentar. Han er også med i Sivilforsvaret.

– Ja, eg har vel nokre hattar, smiler han, og byr på kaffi.

– Dyrsku’n-koppar (red.merk.logo på kopp), ja?

– Ja, me bruker berre slike her.

Vilje til å gje

Det er ingen sommartemperatur oppe i fjella, og snøen ligg framleis i fjellsida på motsett side av garden. Men det er vår – og ikkje minst jordbruksoppgjer – og me skal snakke med bondelagsleiaren om matberedskap.

– Me er skuffa over tilbodet frå staten. Dei må vise vilje til å gje noko meir, seier han.

Me får ikkje noko særleg meir enn «skuffa» ut av ein jordnær bonde langs Totak når me spør korleis det kjennest at staten tilbyr bøndene ein milliard mindre enn dei krev. Tarjei har framleis tru på at det skal ordne seg. At staten skal skjøne at tilbodet må vesentleg opp.

– Men viser ikkje historia at desse forhandlingane sjeldan går bondens veg?

– Det er som regel bøndene som kjem dårlegast ut, ja, og i år skulle inntektsgapet tettast. Eg skjønar at mange er frustrerte over manglande vilje til å lyfte sau- og ammekyr-bønder. Mjølkegeiter burde også bli prioritert, seier han, som har eit fjøs fullt av dei (170 i talet), i tillegg til 12 mjølkekyr, 120 kje og 10 kalvar og kviger. 

Faren Gunnar har i tillegg 30 vinterfôra sauer.

Dei driv 450 mål totalt, og då er mykje av det slåtteareal, fordelt på 14 ulike gardar. Tarjei har kjøpt og bygd seg hus på nabogarden til Træe.

– Me blir nok buande der. Eg har bygd huset så det passar til dei fem ungane våre, fortel han.

Tarjei Minde Haugo er leiar i Vinje og Tokke bondelag, sit i fylkesstyret for sau og geit og er leiar i produsentlaget for geiteprodusentar. Han er også med i Sivilforsvaret.

Fokus på matberedskap

– Matproduksjon og bondens rolle må anerkjennast som ein del av totalberedskapen, på line med energi, helse og forsvar. Inntektsnivå og lønnsemd i landbruket må styrkast, slik at bonden har økonomisk tryggleik til å oppretthalde produksjon også i krisetider, refererer Tarjei frå Telemark bondelag.

Han opplever at mange har blitt meir opptatt av trygg og rein mat dei siste åra, og at bøndene står høgare i kurs hos folk flest enn for berre nokre år sidan – truleg mykje på grunn av ei uroleg verd og auka fokus på matberedskap.

– Det er positivt at staten ønsker at det skal bli fleire bønder, men det bør også settast krav til at dei som bur på gardar verkeleg produserer mat. Når folk vil bu på gard med husdyr som ikkje produserer mat, så tek dei av arealgrunnlaget vårt, seier han.

Han synest heller ikkje at staten bør ha eit så stort fokus på økologisk drift at dei gløymer at ikkje alle har moglegheit til å drive fullt ut økologisk.

– Det er ikkje så lett i Noreg å berre drive økologisk. Me klarer ikkje det her oppe i fjella.

– Kvifor ikkje?

– Me har kortare vekstsesong, kaldare klima og mykje stein i jorda, så me treng både kunstgjødsel og kraftfor. Me har strenge krav til bruk av medisin og sprøytemiddel, så samanlikna med andre land me importerer mat ifrå, så er den norskproduserte maten trygg på alle vis.

Mange krav og kostnadar

For å auke matberedskapen meiner bondelagsleiaren at økonomi og ordningar for bønder må bli betre i det daglege, til dømes ved fødsel og sjukdom.

– God økonomi og likviditet gjennom heile året gjev beredskap, seier han.

Fjøsstellet hos Tarjei tar åtte til ni timar kvar dag. Garden er eit familiebruk, der Tarjei sine foreldre, syster, sambuar og born på 4, 9, 10, 12 og 14 år hjelper til med fjøsstell og gardsdrift. Det er god beredskap for dei.

– Det er viktig at me er fleire her som kan ta fjøsstellet.

Tarjei fortel at auka drivstoffprisar, mogleg straff for avskoging, forbod mot å dyrke på myr, lausdriftkrav og ny gjødselforskrift er døme på ting som gjer bønder skeptiske når det kjem til vidare drift. 

– Lausdriftkravet tyder at alle som har båsfjøs nå må byggje om til lausdrift innan 2034. Det tvingar fram store investeringar. Mange krav og store kostnadar gjer at fleire bønder dett av. 

På veg gjennom fjøset i Vå seier bondelagsleiaren at mangesysleri må til for at mange bønder skal kunne vere bønder. Sjølv driv han med brøyting og entreprenørverksemd ved sidan av gardsdrifta.

– Men det er feil at me må basere mattryggleiken på det. Forbrukarane er jo heilt avhengige av oss. 

Den lokale forretninga

Tarjei klappar og snakkar med geiter og kyr i fjøset. Han får rauting og mekring tilbake, og seier det er givande å vere bonde. 

– Det burde jo ha vore eit større fokus på det. 

Han ønsker at telemarkingar blir endå flinkare til å velje norsk og framhevar lokal handel.

– I Vinje har me to ysteri. Det er veldig bra beredskap for Vinje og Vest-Telemark. Me bør alltid bruke den lokale forretninga, elektrikaren, snikkaren og røyrleggaren. Den dagen me treng hjelp er det dei som kan stille opp, ikkje ein nettbutikk. Brukar me ikkje dei i det daglege, har me dei ikkje når me verkeleg treng dei. 

Når Tarjei er på tur til byen tenker han ofte; det kan eg kjøpe heime i Vinje.

– Det er ikkje sikkert det er så mykje billegare i byen enn hos den lokale forretninga, og igjen; det er der du kan få hjelp når du treng det. 

Avslutningsvis er han sjølvsagt klar i si sak;

– Landbruket må vere på topp når det gjeld beredskap.

Så legg bonden med Dyrsku’n-koppane til at kravet frå bøndene er ferdig pruta.

Powered by Labrador CMS