Kommentar

Geir Kaasa Dyrland.

Så bra å høyre!

Publisert

– God dag, unge dame. Du blir bare yngre og yngre.

Har du ein dårleg dag? Litt trist og lei? Ta deg ein tur på Rokk kafe i Seljord. Geir Kaasa Dyrland står bak kassa og byr på langt meir enn alt det gode du finn i disken der.

– Hei, unge mann, velkommen til Rokk kafe!

Geir ser absolutt alle som kjem inn, gjer ikkje forskjell på folk, og rosar alle i nærleiken av han, både kundar og kollegaer.

– Så fin ein genser!

Fleire av kundane til Geir denne dagen gjev uttrykk for at dei set pris på dei hyggelege kommentarane.

– Å, så koseleg at du seier det, seier ei dame med sølv i håret, når Geir kallar ho «unge dame».

Rett etter ho kjem endå ei dame, og Geir seier: Det er bare unge damer her i dag, jo.

Geir byr på kaffi og god mat i lag med dei andre som jobbar på Rokk. Det er fint pynta, fargerikt og koseleg, både i kafe og garnutsal.

Iblant tek Geir seg tid til å vinke til folk utanfor kafeen og til å sjekke om det går bra med kollegaer som jobbar med andre ting. Men kundane – dei kjem alltid først.

– Du er velkommen hit kvar dag, seier han til ein ny kunde, og heller kaffi i ein kaffikopp.

Ikkje alle som kjem til kafeen bur i Seljord, og då seier Geir: Du må gjerne flytte til Seljord. Og når dei går ut att: Gå forsiktig på glatta nå da!

Omsorg står skriven utanpå Geir, og ein kunde seier det er fantastisk å bli sett på denne måten.

– Det er derfor me kjem innom her, for å høyre fine ting, veit du.

Ho blunkar og smiler. Folk kjem og går, og Geir småpratar med alle: Du kan ta med heile familien hit ein dag, det hadde vore koseleg, seier han.

«God dag unge dame, god dag unge mann og god dag unge folk» er refrenget hans, og når Geir høyrer at folk likar maten han serverer, seier han «så bra å høyre!»

– I dag har du blitt endå yngre, seier han til ein (truleg) fast kunde, og får eit stort smil i retur.

Geir kjenner folk att, er positiv, fokusert og serviceinnstilt til fingerspissane.

– Kanskje du skal flytte kontoret ditt hit, seier han til journalisten før avreise.

– Eg vil i alle fall kome tilbake, unge mann.

Powered by Labrador CMS