Snø og minusgrader stoppar ikkje Oda.

– Skal eg bli god må eg trene uansett.

Neste mål er rett rundt hjørnet, for denne helga stiller ho til start i NM.

Sykkelcrossaren

Det er under ti minutt sidan skulebussen stoppa i Øyfjell for å sleppe av Oda Rorgemoen Mohaugen, men ho er allereie i gang med å dra på seg sykkelkleda.

Publisert

– Vanlegvis ville eg ha venta med treninga til pappa kjem att. Då tek me på hodelykter og held på i halvannan time, minst, forklarar Oda medan ho skrur stramminga til på skoa og festar hjelmen med vande rørsler.

Kvinne i oransje vest justerer ein svart sko i ein entre.
Oda strammar sykkelskoa.

Det begynnar allereie å skumre ute, og snøføyka står sidelengs. Innan pappa er heime og klar til ei skikkeleg økt er det for mørkt til at bladfyken får teke særleg gode bilete.

– Freistar det eigentleg noko særleg å sykle på ein dag som denne?

– Skal eg bli god må eg trene uansett, smiler Oda.

Ho går gjennom sykkelboden, ned ei trapp og inn i kjellaren for å hente sykkelen – ein Giant gravel med 33 mm breie dekk. Den tek ho under armen og går opp att trappa.

– Sykkelen må stå varmt, slik at ikkje kjedet rustar, forklarar Oda.

– Det er ein ganske lett sykkel, heldigvis.

– Dei fleste trynar uansett

Snart tråkkar Oda rundt i hagen, men det tek ikkje lang tid før ho sklir over ende i ein skarp sving rundt ei bjørk. Dei smale sykkelcrossdekka har nemleg ikkje piggar.

– Eg har tenkt å bestille meg piggdekk, fortel Oda medan ho børstar av seg snøen.

Det er berre to dagar til NM går av stabelen med Oda på startstreken, og vinteren har sett inn for fullt over heile austlandet. Burde ikkje piggdekka ha vore på plass for lengst?

– Å nei, dei er berre til treninga. Ein bruker ikkje piggdekk i NM. Der må ein berre rekne med å tryne, forklarar Oda.

– Dei fleste trynar uansett om det er snø eller ikkje.

Oda er nok litt arveleg belasta, for far og trenar Thomas Mohaugen har sykla mykje opp gjennom åra, og ferieturane til familien Mohaugen har stadig vore til Trysil og andre sykkeleldorado.

For den spreke dottera har det fram til i sommar vore mest løping og ski. Så fekk ho plutseleg opp augo for at sykkel er noko meir enn eit praktisk hjelpemiddel for å koma seg rundt i bygda.

Bronse, sylv og gull

I august stilte Oda til start i sin aller fyrste sykkelkonkurranse, terrengrittet Stomperudrittet. Der blei ho nummer tre av tre i si klasse, noko som slett ikkje var verst med tanke på føresetnadane.

– Eg hadde tyngre sykkel, og dei andre hadde over 20 ritt i år, medan det var mitt fyrste i heile livet. Så eg var eigentleg ganske fornøgd med å vere under to minutt bak ho som tok andreplassen, seier Oda.

Oda i aksjon - her på frossen bakke, som dermed var gjørmefri og fast.

Det har også blitt to fyrsteplassar, i landevegsrittet Lifjell opp og på eit terrengritt i Horten.

– Men då var eg einaste jenta, ler ho.

Så begynte Oda å konkurrere i sykkelcross, som er ganske annleis enn landevegsritt og terrengritt. 

– Det er makspuls frå start, og så er det berre fortast mogleg i 40 minutt, og hoppe av og på sykkelen og over hinder. Så det er ganskje slitsamt, forklarar Oda. I tillegg har sykkelcrossløypa gjerne underlag som laus sand, gjørme og snø.

Sykkelgreiner

Terrengsykling: Tjukke dekk, løype på stiar i terrenget, inkludert hopp med sykkelen.

Landevegssykling:  Tynne dekk, løype på veg eller gate.

Sykkelcross: Tynne dekk, rundløype på underlag som gras, jord, sand og snø.  Bratte bakkar og hinder der ryttaren må bere sykkelen.

Kjelder: Oda Rorgemoen Mohaugen, Store Norske Leksikon

– Ein må ha hovudet på plass for å greie å tråkke seg gjennom gjørma, seier Oda.

Måtte springe halve rittet

I det fyrste sykkelcrossrittet sitt hadde Oda ny sykkel med eit litt klissete kjede. Det førte til at gjørme frå løypa festa seg til kjedet slik at det hoppa av.

– Då måtte eg springe halve rittet med sykkelen. Det var inn til teknisk sone, spyle sykkelen, sykle halve runden og springe attende til teknisk sone, oppsummerer Oda.

– Blir du ikkje umotivert når det blir så mykje trøbbel?

– Neida, eg er glad i å springe, eg, så det gjekk fint, seier ho muntert.

Tre utøvarar står på pallen under premieutdelinga.
31. oktober blei Oda nummer 2 i eit noregscuprenn i sykkelcross.

Medan dei fleste av klassekameratane hennar var på Halloweenfest siste helga i oktober, var Oda på Norgescup i sykkelcross. Der var det fem jenter i hennar klasse, og Oda blei nummer to.

– Du føler ikkje at du ofrar festmoroa for sporten, då?

– Ritt er like gøy, svarar Oda.

Men kva er det eigentleg som gjer sykling så gøy?

– Det er høg fart, teknikk og variasjon, listar Oda opp.

– Og det er gøy å bli kjend med andre sykkelinteresserte, og med sol og fint vêr og å sykle inn i solnedgangen.

– Sol og fint vêr, sa du?

– Hahaha. Eg veit ikkje, det berre er gøy. Og på vinteren har eg jo langrenn, og så har eg sykkelrulle inne, seier Oda. Ho håpar å hevde seg blant dei 15 jentene i hennar aldersgruppe som har meldt seg på til NM i sykkelcross på Grønmo denne helga.

– Eg har vore best i aldersklassa mi tidlegare, så forhåpentlegvis held det fram, seier sykkeltalentet, som også har planane klare for vidaregåande.

– Då håpar eg det blir sykkellina på Lillehammer.

Oda Rorgemoen Mohaugen satsar på sykkelcross.
Powered by Labrador CMS