To hjortedyr i eit lyngkledd skoglandskap.
Elgkua og oksen ved brunstgropa.

Fanga uvanleg elg-date på film

– Dette er ei uvanleg stund å fange på film, stadfestar seniorforskar Christer Moe Rolandsen ved Norsk institutt for naturforskning.

Publisert

Ottar Brekke frå Kviteseid jaktar på Tveitgrend jaktlag, og fekk ei morosam og uvanleg oppleving i skogen. 

Ottar Brekke.

– Når elgkyri kom ut på myra såg ho på meg, men brydde seg ikkje. Eg fekk henta fram mobilen i det ho hoppa uti brunstgropa og starta å filme. Like etter kom elgoksen, fortel Brekke. 

Sjå svaret frå seniorforskar Christer Moe Rolandsen ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) lenger ned i saka. 

Brekke fortel at opplevinga skjedde like ved Raudbergnuten, som ligg på kommunegrensa mellom Kviteseid og Tokke kommune øvst i Tveitgrend. 

Han har aldri sett ei elgku legge seg ned slik i ei brunstgrop før, og jaktkameratar har heller ikkje sett dette. 

Sjå filmen til Ottar nedanfor: 

Uvanleg syn

VTB kontaktar seniorforskar Christer Moe Rolandsen ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) for å fortelje om opplevinga Brekke hadde i skogen, og korleis hjorteviltet brukar desse gropene. Forskaren ved NINA har elg som ekspertområde. 

– Dette er ei uvanleg stund å fange på film. Eg har ingen eigne observasjonar av dette slaget, men eg kan svare bygd på studium frå andre forskarar, opplyser Moe Rolandsen.

Han seier det er kjent at elgkyr kan leggje seg ned i brunstgroper som elgoksane har laga, som ein naturleg del av brunståtferda hos elg.

– Elgoksar kan jo lage fleire slike groper innanfor leveområdet sitt. Elgkyrne kan vere svært interesserte i desse gropene, og særleg ein del studiar frå Nord-Amerika har skildra slik åtferd som relativt vanleg. Elgkyrne kan undersøkje dei, urinere i dei og sjølve leggje seg ned og rulle i dei, av og til også saman med oksen. Forsking frå Alaska viser at kyr aktivt oppsøkjer slike groper, og det er også observert ei åtferd som tyder på at kyr nokre gonger kan konkurrere om å få tilgang til dei, fortel forskaren.

Han seier at den mest aktuelle forklaringa for at kyra oppfører seg slik er at urinen til oksen inneheld kjemiske signalstoff som spelar ei rolle i kommunikasjonen mellom kjønna. Og at konsentrasjonen av slike stoff kan vere knytt til alderen til oksen.

– Ein teori er at desse stoffa kan bidra til å stimulere eller synkronisere brunsten og eggløysinga hos kyrne. Det er likevel så vidt eg veit ikkje sikkert dokumentert at luktstoffa faktisk påverkar eggløysinga. Me veit heller ikkje kor vanleg denne åtferda er hos norsk elg. Det me kan seie, er at dette er ei dokumentert brunståtferd som synest å ha ei tyding for kommunikasjonen mellom oksar og kyr i paringstida, legg han til. 

Powered by Labrador CMS