No blir det buplikt for nær familie også
Nær familie som søner, døtre, barnebarn, svigerbarn og svigerbarnebarn har hatt unntak frå buplikta når dei overtek bustad i Vinje. No blir det slutt på det.
Det såkalla slektskapsunntaket skapte debatt i kommunestyret tysdag, og ti representantar gjekk på talarstolen for å seie kva dei meinte.
Nokre hadde forståing for at barn ønskjer å behalde barndomsheimen sin sjølv om dei har flytta bort, men meinte at det må vege tyngre at folk som faktisk vil bu her kan få ein stad å bu.
Andre skulle ønske at ein kunne skilje mellom ungar og anna nær slekt – men det er det ikkje høve til juridisk sett.
Nokre meinte også at fjerning av slektskapsunntaket er altfor inngripande, og at det vil skade omdømet til kommunen.
Nesten delt på midten
Då det var tid for røysting, delte kommunestyret seg nesten på midten – 14 stemte for og 11 mot fjerning av slektskapsunntaket.
På fleirtalssida var heile SV og Bygdelista, fem Sp-representantar og ein DNI-representant.
På mindretalssida var heile Ap, H, INP og Frp, to DNI-representantar og tre Sp-representantar.
Fleire raritetar i regelverket
Dette er truleg ikkje siste kapittel i bupliktsoga i Vinje.
Då ho var på talarstolen, trekte utvalsleiar Tone Edland (Sp) fram fleire forhold i bupliktregelverket som ho og andre i planutvalet undrar seg over – til dømes at det berre er fem års buplikt på større landbrukseigedomar.
– Nå har eg budd så lenge på Uppigard at eg kan flytte og ha det som hytte, og berre få nokon til å drive jorda for meg, medan i eit vanleg bustadhus må du bu for evig og alltid, sa Edland.
– Det er veldig rart, la ho til.
Noko anna ho synest er pussig, er at buplikt kan oppfyllast utan å faktisk bu i huset.
– Du kan bu kvar som helst, berre du har meldt flytting til kommunen. Så det er mange ting med dette her som er merkeleg og som ikkje heng heilt i hop.
Plan- og miljøutvalet hadde ein lang diskusjon om desse tilhøva i sitt møte den 28. oktober, og Edland opplyste om at utvalet har bede administrasjonen førebu ei ny sak som ser nærare på regelverket for buplikt og ulike smutthol i dette.